Eg kan byrje ein gong på 90-talet, i Aurland i det som tidlegare heitte Sogn og Fjordane, og det kommunale biblioteket der – eit overdimensjonert Moelven-hus med store vindauge som vender ut mot fjorden – der eg som born kvar helg gjekk rundt og utforska bøker og VHS-filmar. Det var gjerne Beethoven (1992) eg leigde og gret til. Men eg hadde også oppvakningar til Walt Disney-klassikaren Fantasia – filmen frå 1940 i remastra 90-talsversjon – og Pelle og Proffen-filmar. I dette biblioteket der eg vandra forbi hyllemeter på hyllemeter og plukka ned bøker som eg ynskte å lese, som eg las, og nokre som eg valde å berre døma etter omslaget. Biblioteket er der du slit deg gjennom eksamen som du byrja å lese til for seint; der du kopierer vitnemåla til din fyrste jobbsøknad i eit håp om å koma deg vekk, og i så måte er biblioteket ein stad som fylgjer deg i fleire og særs ulike delar av livet ditt. I biblioteket høyrer også kunsten heime, ikkje berre representert i ulike publikasjonar, men i form av originalkunst som, lik bøker, kan lånast med heim og pryde veggar blant fjord og fjell eller bakkar og furuskog i nokre månadar. Dette er då ikkje realiteten for alle bibliotek, men på 70- og 80-talet, ja faktisk så tidleg som 50-talet, var det rundt omkring i Noreg fleire bibliotek som hadde dette tilbodet: eit artotek. Artoteka var – og er – depot av originalkunst til utlån for det ålmenne publikum, ferdig innramma, som ein med eit enkelt lånekort kunne ta med seg heim, og som bøker: ha, nyte og oppleva i sin eigen heim.
Kunst til utlån er ikkje berre ein vill idé, men noko som finst. Det fungerer litt som bibliotek, berre med biletkunst. 10.02.2021
Kunsten å velja. Tekst av Marius Moldvær.

Når me ser tilbake
Historia til artoteka i norsk samanheng er ikkje så rett fram, ei heller kva artotek som ordning betyr for kunstverda og det ålmenne publikum. I mi lesing og undersøking var det også eit spørsmål om kva som skulle bli sortert under artotek, og dette viste seg å bli utvida til andre utlånsordningar og idear (1).
Historia til artoteka, eller kunstutlån, byrja allereie tidleg på 1900-talet, då ei gruppe kunstnarar i Tyskland byrja å leige ut kunst som stod useld i atelieret, mot at lånaren betalde eit lånegebyr. Denne ideen kom som følgje av eit økonomisk krakk i Tyskland som også, ganske naturleg, gjekk hardt ut over kunstmarknaden.
Det første organiserte kunstutlånet kom fyrst i 1925 etter initiativ frå målaren Arthur Segal, der han i samarbeid med ein kunstnarorganisasjon i Berlin byrja å låne ut kunstverk. Sjølv om ein kan spore artoteket si byrjing i Tyskland, var dessverre dei første initiativa relativt kortlevde. Også nasjonalsosialismen under andre verdskrig i Tyskland sette ein stoppar for utlånsaktiviteten, og den kom tilbake først i 1952 i München, organisert av kunstkritikaren Franz Roh (2). Ein viktig skilnad mellom desse organisasjonane og dei i førkrigstida, var at dei var meir organiserte. Dei hadde eit uttalt mål om å ha ei breiare formidling av biletkunst, og dei lét seg inspirere av liknande organisasjonar i Danmark, Sverige og Noreg (3). Ei av dei fyrste organiserte utlånsordningane for kunst var Kunstbiblioteket i Danmark, som blei oppretta i 1957 av kunstnaren Knud Pedersen (1925–2014), men allereie i 1952 byrja Pedersen med prosjektet «Byens bilde»; eit monter plassert ut på fleire stadar rundt omkring i Danmark for å vise samtidskunst til den større offentlegheita (4). Ein kunne etter kvart også låne med seg «Byens bilde» heim for ein beskjeden pris, og då Pedersen såg populariteten til denne utlånsordninga, etablerte han Kunstbiblioteket i Nikolaj kyrkje, i 1957, under namnet Udlaansbiblioteket for Original Kunst i Nikolaj Kirke.
«Byens bilde» vart også eksportert til Noreg gjennom eit samarbeid med Unge Kunstneres Samfund (UKS), der Kunstbiblioteket sende to monter til Norge – fortrinnsvis Oslo og Bergen – der det mest kjende bidraget er Kjartan Slettemark sitt måleri Av rapport fra Vietnam. Barn overskylles av brennende napalm. Deres hud brennes til svarte sår og de dør i 1965. Slettemarks bilete, og mottakinga av det der det var utstilt framfor Stortinget, har blitt nærast ikonisk i norsk kunsthistorie. Verket førte til stor nasjonal og internasjonal debatt, og diskusjonen toppa seg i mai 1965 då ein mann kasta måling på biletet, og i august då ein annan mann gjekk til angrep på verket med øks.
Pedersen arbeidde aktivt med Kunstbiblioteket og fleire andre liknande prosjekt gjennom heile karriera si. Han forsøkte også å danne ein internasjonal organisasjon for artotek; ALSO (Art Lending Society) (5), og var i kontakt med artotek rundt i Europa for å knyte eit samarbeid og bygge opp under hovudvisjonen hans: å bringe mest mogleg kunst ut til flest mogleg folk.
Kunstbiblioteket blir drifta den dag i dag i København, der kunstnarar leverer inn verk som igjen blir leigd ut til privatpersonar og bedrifter. Samlinga består av totalt 1 500 verk. Det blir ikkje gitt vederlag til kunstnarane for dei utlånte verka, men Kunstbiblioteket legg til rette for innkjøp av utleidde verk.

Slettemarks bilete, og mottakinga av det der det var utstilt framfor Stortinget, har blitt nærast ikonisk i norsk kunsthistorie. Verket førte til stor nasjonal og internasjonal debatt, og diskusjonen toppa seg i mai 1965 då ein mann kasta måling på biletet, og i august då ein annan mann gjekk til angrep på verket med øks.

Dei fyrste artoteka i Noreg blei skipa på 50-talet, då ved Stokke bibliotek (1958), Odda bibliotek (1959) og gjennom organisasjonen Kunst på Arbeidsplassen (KpA) (1950). Ved desse biblioteka følgde artoteka den klassiske utlånsordninga for bibliotek overført til kunstverk, men i KpA var fokuset utleige av heile utstillingar eller enkeltverk til bedrifter med ein årleg kontingent. Alle dei tre fyrste artoteka i Noreg eksisterer den dag i dag, og fellestrekket mellom desse artoteka er eit fokus på å få kunsten ut til folket i eit utvida formidlingsoppdrag.
KpA blei grunnlagd av riksantikvar og historikar Harry Fett (1875–1962). Fett hadde eit sterkt engasjement i etterkrigstida sine sosialdemokratiske verdiar om å bringe kunst ut til folket. Dette vert også spegla elles i samfunnet, med opprettinga av Riksgalleriet (1953) (6), Riksteateret (1948), Rikskonsertane (1967) og Kunst i Skolen (1948) (7) som i likskap med KpA hadde som hovudfokus å bringe kunsten ut av musea og galleriromma og rett til folket som ein del av eit større folkeopplysningsprosjekt. Dette vert igjen spegla i ein større europeisk kontekst, med oppretting av liknande organisasjonar i Tyskland, Danmark, og seinare i Frankrike (1960) og Nederland (1952–1968).
Felles for både KpA og artoteka i Stokke og Odda er innsatsen frå enkeltpersonar som brenn for prosjekta. I Stokke og Odda var det til dømes ein samlar og ein bibliotekar som byrja artotekprosjekta i dei respektive biblioteka. Vi kan byrje med Odda: Dordei Raaen (fødd 1921) starta opp artoteket ved biblioteket allereie i 1959–1960, akkurat i byrjinga av ein større europeisk interesse for utlån av kunst. Dordei fekk i 2015 Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin, og for å ha bygd opp ein institusjon som både inkluderte og utfordra dei besøkande. Artoteket i Odda var ikkje bygd ut ifrå noko kommunal samling, men kjøpt inn direkte frå kunstnarar eller galleri i Oslo og Bergen, då for å gje eit tilbod med samtidskunst av antatt høgare kvalitet til innbyggarane.
Med si lange driftstid er artoteket i Odda framleis populært med utlån til både kommunale kontor og private heimar rundt i Ullensvang kommune. Ved Stokke bibliotek var det ei gåve på 50 grafiske blad frå Sverre Solums private samling som la grunnlaget for utlånsordninga. Ordninga var den første av sin art ved eit offentleg bibliotek i Noreg der intensjonen, mykje som i Odda, var å opne innbyggarane sine auge for samtidskunsten: «Til å begynne med vil folk låne det de liker og synes er pent. Med tiden kan vi kanskje lure dem til å ta med seg hjem og henge på veggen et bilde de ikke liker, men vil komme til å like og sette pris på når de har sett på det en tid.»

Med si lange driftstid er artoteket i Odda framleis populært med utlån til både kommunale kontor og private heimar rundt i Ullensvang kommune. Ved Stokke bibliotek var det ei gåve på 50 grafiske blad frå Sverre Solums private samling som la grunnlaget for utlånsordninga. Ordninga var den første av sin art ved eit offentleg bibliotek i Noreg der intensjonen, mykje som i Odda, var å opne innbyggarane sine auge for samtidskunsten: «Til å begynne med vil folk låne det de liker og synes er pent. Med tiden kan vi kanskje lure dem til å ta med seg hjem og henge på veggen et bilde de ikke liker, men vil komme til å like og sette pris på når de har sett på det en tid.»

Eit sentralt ynskje
Som ei vidareføring av artoteka i Noreg på 50- og 60-talet initierte Norske Grafikere i 1970 ei prøveordning for utsending av grafiske blad til utlån i utvalde bibliotek i Noreg. Ordninga blei finansiert av dåtida sitt Norsk Kulturråd ved at 200 grafiske blad var kjøpt inn og fordelt utover 20 av landets bibliotek. Hovudmålet med ordninga var å stimulere biblioteka til å opprette sine eigne samlingar og bygge ut ei meir omfattande låneverksemd av biletkunst, noko som dessverre ikkje blei så vellukka. I ei undersøking frå 1977 som inkluderte 26 bibliotek, kom det likevel fram at 22 av biblioteka allereie hadde ei kunstsamling til utlån med til saman 1 100 verk. Samstundes blei det avdekka at drifta av desse artoteka varierte enormt i både form og innhald, i tillegg til at drifta primært var lagt under biblioteket og kommunen sitt eige budsjett. Dette førte igjen til trongare økonomiske kår, samt at artoteka vart avhengige av eldsjeler som ynskja å drifte og utvide artotekordninga ved kvart enkelt bibliotek. Artotekordninga var vidare undersøkt som ein del av ei større drøfting rundt formidling i «NOU 1981: 45: «Formidling av billedkunst og kunsthåndverk», der Statens bibliotektilsyn framheva at ei satsing på artoteka ville krevje ei sentralisering av kunstsamlingane grunna trongare økonomi for biblioteka, samstundes som dei la vekt på at denne typen formidling gjennom biblioteka hadde potensial til å nå enno fleire menneskje enn meir klassiske formidlingstilbod.
I 1983 nedsette Norske Grafikere eit utval som skulle arbeide vidare med fornying og oppreising av artotekordninga som byrja i 1970–1971. Dei søkte og tok imot treårig stønad frå Norsk Kulturråd for gjennomføring av planane sine i 1984, 1985 og 1986. Administrasjonen av det som då blei heitande Artoteksentralen, var lagt til Norske Grafikeres kontor. Styringsgruppa bestod av representantar frå Statens bibliotektilsyn og kunstnarorganisasjonane, og innkjøpskomiteen bestod av to representantar frå organisasjonane og ein frå dei deltakande biblioteka. Totalt seks bibliotek var ein del av denne forsøksordninga der Artoteksentralen sende ut ferdig kuraterte utval på om lag 15 grafiske blad til kvart bibliotek, som etter endt låneperiode kunne levere desse inn og ta imot ein ny porsjon kassar med eit nytt utval. Dei opplevde ein veldig popularitet og etterspørsel dei første åra, og i 1985 var så godt som alle verka utlånt. Artoteksentralen vart vidareført som ei eiga stifting med omtrent same administrative struktur som før.
Frå 1986 til 1992 hadde dei også ein leiar tilsett på fulltid, samt eit styre på fem personar med funksjonstid på to år. To representantar var oppnemnd av Statens bibliotektilsyn, to av Norske Grafikere, og ein av Norske Billedkunstnere (NBK). Ideen bak opprettinga var at biblioteka skulle leige biletdepota frå Artoteksentralen mot ein årleg sum slik at stiftinga kunne vere økonomisk sjølvstendig frå offentleg stønad. I perioden 1986–1992 var heile 31 institusjonar involvert i sentralen sitt samarbeidsprosjekt, men allereie i 1987 var det tydeleg at denne driftsmodellen var nærast umogleg å gjennomføre i praksis. Dette var til dels grunna dårleg kommuneøkonomi der biblioteka ikkje kunne sjå seg råd til å løyve pengar til eit årleg utlegg til Artoteksentralen. Sentralen sende gjentatte gonger førespurnad til Kulturdepartementet om årleg stønad til drift, men desse vart avslått.
I 1992 sende Artoteksentralen ut ei marknadsundersøking til utvalde bibliotek i Noreg med tilbod om utleige av depota for 2 500 kroner. Tilbakemeldingane frå biblioteka var positive, men sjølv om dei såg behovet og interessa for artoteka, var ikkje økonomien der til å støtte opp om dette. Etter lengre tid med mindre etterspørsel og dårleg økonomi, der skipinga blant anna vart driven på frivillig basis fordi ein ikkje lenger hadde råd til å ha ein dagleg leiar på fulltid, vart Artoteksentralen nedlagt i 1996. På dette tidspunktet hadde det blitt arbeidd minimalt med ordninga samanlikna med dei tidlegare åra, med tanke på dei mange depota som skulle følgjast opp. Dei resterande depota som ikkje var for hardt skadd og som vart returnert til Artoteksentralen, blei overført til artoteket ved Rikshospitalet.

Nedlegginga av Artoteksentralen kom i etterdønningane av den uavhengige rapporten om Artoteksentralens økonomi og levedyktigheit, utført av BRODD, som på den tida var ein rådgivings- og oppdragsinstitusjon under Høgskolen i Oslo [Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag, red. anm.]. I rapporten går BRODD gjennom ulike aspekt ved Artoteksentralen sitt virke frå grunnlegginga i 1984 og fram til 1995. Først er det interessant å påpeike at Artoteksentralen, i likskap med andre artotek i Noreg, primært har vore drive på ein idealistisk basis dei førverande siste åra (1992–1996) grunna dårleg økonomi; dels som ein effekt av den dårlege økonomien i kommunane, og ei overtru på ei framtidig statleg støtte. Dette kan ein sjå gå igjen også i dag; den kommunale økonomien heng veldig tett saman med kor mykje midlar som kan avsetjast til artoteka i forhold til innkjøp, oppgradering og reparasjon, samt høve for utstillingar. Nedprioritering av artoteka og manglande økonomisk stønad vert igjen reflektert i Bibliotekmeldinga frå 2009, der artoteka si historie blir evaluert. Meldinga konkluderer med at det ikkje er grunnlag for noko framtidig satsing på artotek i biblioteka frå nasjonalt hald. Dette betyr at all artotekverksemd vert delegert til eit lokalnivå, og at dei artoteka som eksisterer i Noreg i dag blir styrt på svært ulike måtar og med særs ulik stønad frå det kommunale.
Eit anna interessant poeng som er verdt å merke seg i BRODD-rapporten, er biletutvalet som blei innlemma i dei ulike depota frå Artoteksentralen; det kan sjå ut til at kunstnarane sine ynskjer vog tyngre enn mottakarane sine preferansar. Men også her er det eit markant spenn i meiningar der nokon ynskja variasjon mellom ulike motiv og tematikk velkomen, medan andre fann verka samla sett for utfordrande og dystre. Denne kritikken kom spesielt frå sjukehusartoteka, som også var medlemmer av Artoteksentralen, der både rapporten og individuelle undersøkingar blant dei deltakande biblioteka merka forskjellen i behovet mellom folkebiblioteka og sjukehusbiblioteka. Først og fremst hadde sjukehusa behov for eit «lettare» motivutval og mindre utskiftingar sidan deira brukarar i langtidspleie ofte berre nytta tilbodet éin gong. Likevel varierte det også her veldig frå brukar til brukar.

La oss vende tilbake til Kunst på Arbeidsplassen (KpA) der spørsmålet om motiv også er noko som må bli tatt stilling til i utval til utstillingar. I september 2020 opna ei utstilling ved Kunstplass i Oslo med tittelen «Return to Sender» (11. september–11. oktober). Utstillinga er i anledning ordninga sitt 70-årsjubileum og viser verk som har blitt tatt ut av sirkulasjon av di motivinnhaldet ikkje lenger var det leigaren ynskja, eller fordi verka vart valt vekk og sendt i retur grunna tematisk innhald, igjen avgjerder tatt av leigaren. Som det står i utstillingsteksten: «Handlingen er begrunnet med bekymring for at noen skal ta seg nær av, eller bli krenket av innholdet. Ofte dreier det seg om kunst med tematikk som berører sårbarhet, intimitet, seksualitet, religion eller politikk.» Vidare i teksten blir kvart enkelt kunstverk presentert med ei forklaring på kvifor verket blei sendt i retur eller gøymd vekk frå sosiale soner. Dette er svært interessant, ettersom det også gjev eit innsyn i korleis ikkje berre KpA sitt arbeid, men også artoteka generelt, skil seg frå galleri og museum i måten dei kuraterer utstillingar og utval på. I eit utvida perspektiv er det også slik ein tenkjer og arbeider med kunst i offentlege rom generelt.
Kanskje kan ein seie at desse reaksjonane er ærlege tilbakemeldingar frå dei som ser kunsten, og at KpA, som også legg veldig stor vekt på nettopp formidling av utstillingane til arbeidsplassane, kjem i ein direkte dialog med eit publikum om deira ynskjer og behov. Kanskje bidrar dei nokre gongar til at auga til dei som ser, vert opna for verk i utstillinga som dei ved fyrste augekast ville sendt tilbake. Denne oppvakninga til kunsten kunne óg vore realiteten i artoteka, altså at dei i likskap med KpA med potenial til å skape møter med eit breiare utval verk. KpA skil seg i så måte frå artoteka ved at dei tilbyr ei teneste gjennom abonnement, der artoteka berre står til ansvar for seg sjølv og biblioteka. Når ein ser dette i eit utvida felt, er det klart at ein ikkje kan forstå publikum som ein homogen masse; det er føretrekte motiv, tema og til og med fargar som vil styre personar individuelt. Men gjennom kritikken av utvalet til Artoteksentralen kunne ein heller omfamna eit breitt spekter av motiv og uttrykk som evna å fange fleire individuelle preferansar, og gjennom dette mangfaldet kanskje forandra nokon si meining, og i mangel på eit betre ord; deira syn.

Ei samstundes røynd
I denne labyrintiske historia kan det sjå ut som at me no har kome til enden, men det har me ikkje. Opphevinga av Artoteksentralen i 1996 var berre eit forsøk på ei sentralisering av både administrering og fysiske tilbod om artotek. Som nemnd tidlegare har Stokke og Odda framleis operative artotek, og det same har Harstad og Nannestad bibliotek, som byrja artotekverksemdene sine på 1970-talet og som enno lånar ut til både kommunale institusjonar og privatpersonar. I tillegg har me ei rekke nyoppstarta artotek blant anna i Asker (2013), Skaun (2014), Fredrikstad (2015) og Sandnes (2019). Felles for alle desse er at dei er knytt til eit bibliotek, men for eksempel Asker bibliotek initierte sjølv arbeidet med eit artotek med stønad frå Nasjonalbiblioteket og gjekk til innkjøp av ni kunstverk av lokale kunstnarar med rådgjeving frå Trafo Kunsthall (8). Artoteket i Skaun har eit samarbeid med den lokale kunstforeininga, der medlemane kan låne bilete som skiftast ut ein gong i året. I Fredrikstad er artoteket eit samarbeid mellom kulturetaten, Østfold kunstsenter, Fredrikstad museum og Fredrikstad bibliotek, og med utgangspunkt i kommunen si eiga kunstsamling. Ved Sandnes bibliotek er utgangspunktet eit utval verk frå kommunen si kunstsamling som ikkje før har vore vist; montert med nye glas og rammer for utlån.
I tillegg til dei kommunale artoteka har også den nettbaserte plattforma Atelier (9) byrja eit pilotprosjekt der dei tilbyr utleige av kunstverk både til privatpersonar og arbeidsplassar. Pilotordninga har fått namnet Kunstabonnement der du som bedrift eller privatperson kan abonnere på kunstverk frå 290 kroner (10) i månaden. Halvparten av leigesummen blir sett av som kreditt til eit framtidig kjøp. Dersom du etter endt abonnementperiode ikkje ynskjer å kjøpe verket, går kreditten tilbake til kunstnaren og Atelier, og kunden leverer frå seg verket. Så langt har dei testa ut pilotprosjektet med Atelier Editions som er eit prosjekt der det samarbeidast med ein kunstnar om å produsere ein serie silketrykk. Atelier betalar kunstnaren honorar og produksjonskostnadar mot at dei beheld halvparten av opplaget.
Arbeidet med abonnementmodellen held fram utover vinteren med mål om å kunne tilby alle kunstnarar i Atelier høve til å gjere kunsten sin tilgjengeleg. Dei jobbar også med å utvikle abonnement og utleige retta direkte mot bedrifter, med abonnement på kunstverk frå ein eller fleire lokale kunstnarar i minimum 6 månadar. Samstundes tilbyr dei ei utvida teneste til bedrifter med kurskveldar med ulikt innhald, der Atelier tek sikte på å kunne engasjere dei tilsette ved arbeidsplassen direkte i kunsten. Atelier utforskar også mogelegheitene for å nytte AR-teknologi med mobiltelefonen til å gi tilgang til meir informasjon om verka, samt stimulere til auka sal av kunsten (11).
Internasjonalen
Artotektilboda fortset å eksistere også i Europa, i forskjellige former og med ulike styresett. Det største artoteket i Finland vart grunnlagt og drive av Konstnärsgillet i Helsingfors / Helsingin Taiteilijaseura i 1995, og har tilhald i det historiske Rikhardinkatu-biblioteket midt i hjartet av Helsinki, der samlinga er bygd opp av medlemane av kunstnarorganisasjonen. I motsetning til i eit vanleg artotek, leiger ein ikkje verka berre for ein periode, men tida og prisen ein betalar inngår i ein nedbetalingsplan. Fokuset for den nemnde finske kunstnarorganisasjonen er å forenkle kjøp av kunst gjennom enkle nedbetalingsplanar (12). Det landet i Europa som har eit av dei mest utbreidde artotektilboda, er Tyskland med totalt 142 artotek, der 68 av desse er medlemar av Artothekenverband Deutschland e.V. som er ein nasjonal organisasjon som representerer og arbeider for artoteka på både nasjonalt og lokalt nivå. I Tyskland er nærast alle artotek, med veldig få unntak, kommunale eller statlege institusjonar der dei gjennom økonomisk stønad frå anten kommune, stat eller kunstforeiningar kan leige ut kunst til nærast symbolske summar. Artoteket i Köln (13) leiger eksempelvis ut eit kunstverk i 10 veker for beskjedne 6 euro, og Neuer Berliner Kunstverein (14) har ei gratis ordning med berre eit forsikringsgebyr på 1 euro per månad, og 50 eurocent for studentar. Andre land med sterke artotekverksemder med offentleg støtte inkluderer Frankrike med omkring seksti artotek per i dag, hovudsakleg mogleggjort av ei større satsing på artotek av kulturminister Jack Lang på 1980-talet, og Nederland med omtrent 174 artotek fordelt mellom private og offentlege aktørar. Begge desse landa byrja med artoteka på 60- og 70-talet og har framleis sterke organisasjonar og offentlege middel som støttar opp under ei framleis sterk artotekverksemd (15).
Det som vert påfallande i denne historia – når ein ser på dei ulike aktørane og dei ulike tilboda som finst – er at artotek og utlånsordningar er så lite kjent imellom dei ulike organisasjonane som tilbyr nettopp slike tenester.
Kvifor ser dei ikkje kvarandre meir?
Det som vert påfallande i denne historia – når ein ser på dei ulike aktørane og dei ulike tilboda som finst – er at artotek og utlånsordningar er så lite kjent imellom dei ulike organisasjonane som tilbyr nettopp slike tenester. Dette igjen er ikkje noko som er tilbydarane sin feil eller ein mangel ved tilboda deira, men heller noko som fortel oss at historia rundt denne typen tenester og formidling ikkje har fått ei sentralisert, offentleg drøfting og synleggjering. Dette speglast også i ei ytring av Trond Giske i 2005, der han etter å ha besøkt eit artotek i Frankrike reiste eit spørsmål til regjeringa om innføring av liknande tiltak i Noreg. Det vart då påpeikt i dåtidas nyhende at eit forsøk allereie hadde funne stad gjennom nedlagde Artoteksentralen. Både tidlegare styreleiar i Artoteksentralen, Anders Ericson, og dåverande leiar i NBK, Arne Nøst, stilte seg likevel positive til forslaget, der Ericson uttalte at det kanskje ville skje ei endring dersom offentleg stønad kom på bana når forslaget kom frå regjeringa. ABM-utvikling (16) utarbeida eit notat om innføring av artotek i Noreg som blei sendt til høyring i Stortinget (17), men som ein ser i Bibliotekmeldinga frå 2009 fekk heller ikkje dette gjennomslag, og det på tross av Giskes optimistiske heimkomst frå Frankrike.
I rapporten frå ABM-utvikling blir det spesifisert at levedyktigheita for eit slikt prosjekt er heilt avhengig av statleg støtte for å kunne overleve. Vidare peikar den på ei nødvendigheit av større breidde i uttrykk (artoteka og samlingane frå 1960-, 70- og 80-talet bestod hovudsakleg av grafikk), ei sentralisering under ABM-utvikling, samt større depot med eit større mangfald både av uttrykk og hyppigare utskifting. I tillegg er nettbasert artotekverksemd eit gjennomgåande tema i rapporten. Som eg har nemnt tidlegare, er Atelier i full utvikling av ei liknande ordning som liknar ein meir berekraftig modell som blir tilboden både bedrifter og privatpersonar. Denne abonnementordninga, og spesielt ordninga med bedrifter, legg særs stor vekt på formidling av lokale kunstnarar, der også unge og uetablerte kunstnarar kan kome inn i ein kunstmarknad, og dermed sikre eit økonomisk levegrunnlag for alle innvolverte partar. Og det er altså her me står i dag; med ei rekke artotek og utlånsordningar for kunst spreidd utover landet, drivne fram tidvis idealistisk og med stort lokalt engasjement, men også med ei stor spreiing i metode og motivasjon.
Stemmer for kunsten
Som nemnd vaks artoteka og utlånsordningar for kunst fram i kjølvatnet av andre verdskrig – ei tid der folkeopplysning og spreiing av kunst og kultur stod i fokus. Slik sett har ikkje målet for desse organisasjonane og artoteka forandra seg nemneverdig. I alle nedteikna notat og litteratur, og i samtale med ulike aktørar, står formidlinga som det sterkaste – det å møte folk der dei er og ferdast, spesielt dei som ikkje pleier, eller kan, møte kunst der den er. Her er det også viktig å nemne at kunstnarane har ei viktig rolle å spele, ikkje berre som produsentar, men også som fagpersonar for artotek og utlånsordningar. Både KpA og Kunst i Skolen har representantar frå ulike biletkunstgrupper, og ved nokon artotek er det også tette samarbeid med kunstnarorganisasjonar eller foreiningar. Her er det viktig å igjen nemne Artoteksentralen sitt bidrag, der dei ynskja å kunne tilby kunst av høg kvalitet til heile landet, ikkje berre der det fanst ein grobotn eller ei sterk kunstforeining og bibliotek frå før. Det var ikkje berre kunst dei ynskja å tilby, men fagkunnskap om kunst til heile landet. For, er ikkje dette oppdraget vårt, som fagpersonar, å fremja kunsten og det kunsten ber med seg av slagkraft og tidvis horisontsprengande idear, spreie dei ut over så vel tytebærlyng som betong? Eg meiner ikkje her at dette formidlingsprosjektet i utlånsordningar er særeigen for dei, det går igjen i all kunstformidling som vil strekkje seg ut for å møte folk, enten der dei er, eller når dei freistar seg inn der kunsten bur. Det som er spesielt med utlånsverksemda, er at det er eit ærleg møte mellom kunst og tilskodar der me kan lære noko generelt om korleis det er å møte kunst, lesingane av den, og korleis dei kan kome nærare kvarandre og begge behalda sine særpreg. Slik landskapet er for artoteka i dag, er det hovudsakleg opp til dei lokale biblioteka å få inn kunstnarleg kompetanse – der dei fleste også gjer dette – men grunna økonomi og eldre samlingar er det ikkje alltid mogleg. Det er i denne samanhengen at ein kan trekke fram poenga ifrå rapporten til ABM-utvikling; at eit slikt landsdekkande tilbod måtte hatt ei sentral organisering, styrka økonomi, og for å leggje til mine eigne meiningar: ein sterk kunstfagleg representasjon som kan rådføre ikkje berre nye artotek, men også eksisterande.
Det er heva over ein kvar tvil at artotek er eit fantastisk tilbod, eit lågterskeltilbod til alle, som alle enkelt kan ta del i. Og i denne tida me no står i, der kulturopplevingar fysiske møter med kunst ofte er mindre tilgjengeleg, og kanskje for nokon umogleg, viser denne typen formidling og visning si sanne styrke

Når me er komne hit, vert det viktig å igjen sjå på historia til artoteka; kvifor dei vart til og kvifor dei vart sett på som nærast nødvendige. For å ta opp igjen orda til samlaren og Stokke-filantrop Sverre Solum, som med si gåve på femti grafiske blad byrja kunstsamlinga ved Stokke bibliotek; kanskje fører artoteka til at lånarane tek med seg eit verk dei kanskje ikkje likar så godt, men etter å ha budd og levd med det ei stund, byrjar å like det likevel. Det er heva over ein kvar tvil at artotek er eit fantastisk tilbod, eit lågterskeltilbod til alle, som alle enkelt kan ta del i. Og i denne tida me no står i, der kulturopplevingar fysiske møter med kunst ofte er mindre tilgjengeleg, og kanskje for nokon umogleg, viser denne typen formidling og visning si sanne styrke. Når det er sagt, er det ikkje alle som berre i denne tida kan ha langt mellom museum, galleri og kunstopplevingar – kanskje dei har andre grunnar til at heimen er den staden dei kan vere og føle seg trygge. Tenk for eit fantastisk tilbod dette då kan vere, der dei heimeverande óg kan få ein liten del av kunstverda innanfor sine fire veggar.
I vårt gjeve land er det heller ikkje nødvendigvis slik at eit museum eller galleri er lett å kome til. Eit bibliotek derimot, finst som oftast dei fleste stadar, og det er attpåtil gratis å bruke. Realiteten i Noreg er enno slik at ikkje alle kan kjøpe kunst, ei heller reise lange vegar til museum eller galleri. For når dei fyrst kjem dit, korleis skal dei då betale inngangsbilletten? Dette reflekterast i den grunnleggande tanken bak artoteka, og spesielt i grunnleggaren av KpA, Harry Fett, sitt ynskje om å bringe kunst ut til folket, samt gjennom Knud Pedersens motto «Å bringe mest mogleg kunst til flest mogeleg folk» (18), og Sverre Solums gåve til Stokke kommune. Akkurat no ser me at det ikkje er folket som må kome til kunsten, men at kunsten også må kome til folket. Dette poenget drivast enno hardare heim i orda til juryleiar Espen Dietrichson under opninga av fjorårets utgåve av Høstutstillingen: «Ingenting kan erstatte det å se kunst i virkeligheten. Det er dette vi brenner for som kunstnere; å vise kunsten med all sin taktilitet, sårbarhet, flyktighet eller insisterende materialitet.»
Me har undervegs i denne pandemien utført eit stort byks fram når det gjeld digital teknologi, virtuelle galleriturar, omvisingar via ulike straumetenestar og kunstnarsamtalar på Zoom, Skype og Teams, men i dette bykset er det difor verdt å merke seg at det er noko heilt spesielt med å stå andlet til andlet med eit kunstverk. Dette er noko me burde ha i minne ikkje berre no, men óg i framtida: at kunsten skal vere tilgjengeleg for alle, alltid, utan å verta hindra av framandgjering, økonomi eller staden du bur.
Innsikt og utsikt
I eit forsøk på ei oppsummering slår det meg at alt eg har skrive om no, handlar om å mogleggjere ei betre formidling av biletkunst. Med ei tidvis brokete infrastruktur og telesprukne vegar over fjell og gjennom dalar, har vi nokre utfordringar. Frå VHS-hylla ved Aurland folkebibliotek til nybygde kunst- og kulturinstitusjonar rundt i landet, korleis og kva kan me formidle som treff flest mogleg? Eg veit ikkje korleis mitt yngre sinn hadde reagert i møte med dyster grafikk ved mitt barndoms bibliotek, men kanskje, og berre kanskje, kunne Beethoven for ei veke eller tre vore bytta ut med ei anna type oppleving. I dette spørsmålet har ulike ordningar og organisasjonar blitt oppretta og oppløyst i jakta på ei breiare visning av samtidskunst, og det er i ljoset av desse ideane me burde tenkje på artoteka i eit formidlarperspektiv. Tenk å kunne pryde veggar i sveitsarhus i Odda, Moelven-hus i Harstad og tyrolarhus i Stokke med samtidskunst som ein aldri tenkte at ein ville ha fatta interesse for. I eit tankeeksperiment vil kanskje ein bibliotekar samtala med deg om dei ulike verka, kanskje du også av den same bibliotekaren får låne nokre bøker om kunstnaren. Så går du heim med det biletet og dei bøkene du eigentleg ikkje visste noko om, er usikker på, men vent; det er jo berre for tre månadar – eller kortare om du ynskjer å byte det ut med noko anna – utan økonomisk belastning. Og slik, ja kanskje slik, får du lell eit nytt vindauge i huset ditt, rett inn i kunsten, for å tre månader seinare få ny innsikt. Og med den, kjem ei ny utsikt.
–––
Artotek i Stokke bibliotek
Oppretta i 1958, mogleggjort gjennom ei gåve frå Sverre Solum si private samling på 50 grafiske blad. I dag inneheld artoteket 300 grafiske verk som lånast ut fritt til innbyggarane i kommunen. Alle kunstverka er til ei kvar tid framvist for publikum i opningstida til biblioteket. Artoteket mottek ingen stønad utanom det som kan disponerast gjennom biblioteket sitt eige budsjett.
Kunstsamlinga ved Odda bibliotek
Oppretta i 1959–1960 på initiativ av Dordei Raaen, med innkjøp av kunst frå lokale kunstnarar og innkjøp frå galleri i Bergen og Oslo. Odda bibliotek nyttar ikkje termen artotek, men kunstlån. Då ordninga blei etablert, vart ho så populær at biblioteket i i nokre høve bisto kundane i å kome i kontakt med kunstnarane for kjøp, då dei ikkje ville levere tilbake dei utlånte verka. Samlinga inneheld i dag totalt 371 verk, hovudsakleg grafikk, men óg nokre måleri og fotografi som kan lånast av innbyggarar i Ullensvang kommune. Biblioteket har for tida ingen tilrettelagt stad å vise samlinga, men det arbeidast med å gje samlinga ei plass i biblioteket sine lokale. Ordninga er framleis særs aktiv med eit godt utlån. Biblioteket mottek ingen stønad til samlinga utanom det som kan disponerast innanfor biblioteket sitt eige budsjett.
Kunstsamlinga ved Harstad bibliotek
Oppretta på 70-talet som eit samarbeid mellom Harstad kunstforeining og Harstad bibliotek.
Biblioteket driftar artoteket i dag, og samlinga inneheld totalt 450 kunstverk som dekkjer dei fleste uttrykk. Det skal no setjast av eigen budsjettpost til kunst i nye og ombygde formålsbygg der det overskytande skal inn i eit fond øyremerka blant anna artoteket. Biblioteket har per i dag ikkje eit eige budsjett til artoteket og nye investeringar, men det er stor etterspørsel, då spesielt ifrå offentlege kontor og institusjonar.
Kunstsamlinga ved Nannestad bibliotek
Oppretta med innkjøp i 1970- til 1980-åra. Samlinga har ikkje vore aktiv den siste tida då den er levert inn for digital registrering, samt oppgradering med nye innrammingar. Biblioteket har i løpet av dette arbeidet hatt utstillingar med delar av samlinga ved biblioteket. Samlinga består totalt av rundt 50 verk, som har vore til utlån til kommunale og private kontor. Det vurderast fortlaupande om det skal opnast for utleige til privatpersonar. Arbeidet med artoteket som eit utvida utlånstilbod og framsyning av verka står på vent til nybygging av nytt kulturtun i kommunen, som er utsett grunna arkeologiske utgravingar, er gjennomført.
Asker artotek
Oppretta i 2013 med prosjektmidlar få Nasjonalbiblioteket, der biblioteket gjekk til innkjøp av 9 verk av lokale kunstnarar med kunstnarisk rettleiing frå Trafo Kunsthall. Statoil gjekk seinare inn med ei gåve til artoteket beståande av totalt 352 verk, primært grafikk, men også måleri, teikningar, foto, keramikk og noko tekstil. Artoteket består i dag av rundt 200 verk, men ikkje alle verka er eigna for utlån. Biblioteket driftar samlinga gjennom sitt eige budsjett. Tilbodet er særs populært, med 325 utlån i 2017, 315 utlån i 2018, 406 utlån i 2019, og med ei lånetid på 6 veker. I 2020 utvida biblioteket lånetida til 3 månadar, der ein kan låne maks 3 verk om gongen.
Artoteket på Skaun folkebibliotek
Oppretta i 2014 av biblioteket og Skaun kunstforeining. To gongar i året lånar medlemar av kunstforeininga ut verk til artoteket slik at det vert to årlege utskiftingar i utlånsdatabasen. I tillegg er biblioteket si eiga samling, på omtrent 25 verk, til utlån. Gjennom samarbeidet med kunstforeininga er det ikkje naudsynt med eit eige budsjett for innkjøp, då biblioteket jamleg mottek nye verk til utlån frå kunstforeininga. Artoteket er særs populært, og alle verka er utstilt ved skranken, noko som gjer dei til naturlege blikkfang. Alt sal handterast av kunstforeininga.
Fredrikstad Artotek
Oppretta i 2015 gjennom vedtak av Kultur- og miljøutvalget i Fredrikstad kommune og er eit samarbeid mellom Kulturetaten ved Østfold kunstsenter, Fredrikstad Museum og Fredrikstad bibliotek. Artoteket består i dag av 91 verk. Innkjøpt kunst er hovudsakleg av lokale kunstnarar, samt verk frå kommunen si samling, som omfattar kunstnarar frå heile Noreg. Artoteket får økonomisk stønad frå kommunen og administrerast av kulturetaten. Artoteket har også ein eigen innkjøpskomité beståande av politisk leiar for kultur- og miljøutvalet, samt representantar frå kulturstaben, biblioteket og kunstnarorganisasjonane Østfold Bildende Kunstnere (ØBK) og Norske Kunsthåndverkere Sørøst-Norge. Biblioteket står for det praktiske arbeidet med utlånet, og verk kan reserverast og lånast gjennom biblioteket med lånetid på 3 månadar med moglegheit for å forlenge lånetida tre gongar. Biblioteket har inga høve til å vise alle verka, men dei kan bli sett digitalt eller i katalogen. Eitt bilete frå artoteket blir stilt ut i biblioteket kvar månad. Biblioteket er også ansvarleg for promotering av artoteket gjennom sosiale media. Samlinga har vore særs godt mottatt av innbyggarane, og dei kan vise til stadig hyppigare utlån.
Kunstsamlinga ved Sandnes bibliotek
Oppretta i 2019 etter initiativ frå kunstansvarleg i kommunen som ynskja at kunsten i kommunen sitt eige som ikkje var utstilt, burde kome til nytte og visast fram. 30 verk vart valt ut frå kommunen si samling, då hovudsakleg grafikk av lokale kunstnarar. Om lag 10–15 verk er utlånt til ei kvar tid, og tilbodet er blitt særs godt mottatt av lånarane. Biblioteket står som formidlar og utlånar, kommunen står som ansvarleg for sjølve verka. Det finst ingen midlar for nye innkjøp. Eventuell tilføring av verk til artoteket må kome gjennom kommunen sine bevillingar.
- Sjølv om denne teksten tek sikte på å gje eit historisk overblikk om funksjonen og målet med artoteka i Noreg både før og no, har eg gjennom undersøkinga mi forstått at det ikkje er så enkelt å få eit heilskapleg bilete. Dette kjem av manglande arkiv, fråvær av ein sentral organisasjon som styrer artoteka, og det faktum at mange som arbeider med artotek har pensjonert seg eller gått bort. Difor har eg etter beste evne forsøkt å gje ei så fullstendig oversikt over både historia og den samtidige situasjonen der eg også kan sjå moglegheita for at visse aspekt og artotek har vore forbigått i arbeidet, sjølv om det ikkje har vore med den hensikt, men som eit resultat av tilhøva.
- Frateschi (2003), s. 3.
- Frateschi (2003), s. 2.
- E-postintervju med Bodil Riskær, Kunstbiblioteket i København, 13. september 2020.
- «Draft: The Origins of A.L.S.O», arkivmateriale frå Knud Pedersen arkiv, udatert.
- Riksgalleriet blei i 1953 ein landsdekkande kunstformidlingsinstitusjon som sendte ut 142 vandreutstillingar i Noreg frå grunnlegginga av organisasjonen til den var innlemma som ei avdeling under Museet for Samtidskunst i 1988, der dei haldt fram med sitt virke og i 1992 fekk namnet Riksutstillinger. Hovudmålet til Riksutstillinger var kunst til folket som følgde Regjeringa Brundtlands «Nasjonal plan for formidling av billedkunst og kunsthåndverk» fra 1994 og Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet sin handlingsplan for estetikk og kultur i grunnskulen frå 1995, populært omtalt med kortvarianten «Broen og den blå hesten». I 1996 blei Riksutstillinger igjen ein sjølvstendig organisasjon, og vart igjen innlemma i Nasjonalmuseet i 2005 ved samlokaliseringa av Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet og då Riksutstillinger. Etter ei større omstrukturering av organisasjonen i 2010, under dåverande direktør Audun Eckhoff, blei Riksutstillingers virkefelt samla og lagt til ein ny avdeling, «Landsdekkende Program». I 2018, med bygging av eit nytt Nasjonalmuseum, blei sistnemnde oppløyst og lagt inn under avdeling Formidling og Publikum, som har ansvaret for å drive Nasjonalmuseet sine utstillingar på turné og halde dialog med Den Kulturelle Skolesekken (DKS), museum og galleri gjennom Team Nettverk, men der produksjonen og tilbodet om ulike utstillingar og prosjekt framleis blir utvikla ved dei ulike avdelingane ved Nasjonalmuseet.
- Kunst i Skolen er den eldste organisasjonane med det ideologiske hovudmålet å synleggjere visuell kunst si viktigheit i skulen og i barnehagar. Kunst i Skolen var konstituert 30. april 1948 av kunstnarar og pedagogar på eit møte i Unge Kunstneres Samfund (UKS). Det første styret bestod av kunsthistorikar og museumslektor ved Nasjonalgalleriet, Aslaug Blytt, målaren og grafikaren Rolf Rude, dr. phios. og skulepedagog Einar Boyesen, ekspedisjonssjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet Rolf Bull-Hansen, rektor ved Statens sløyd- og tegnelærerskole på Notodden, lærar Ivar Walnum, lærar Målfrid Midtvik, rektor Erling Østerud, lærar Aslak K Svalastoga, teiknar Thorbjørn Egner og målaren Reidar Revold. Kunst i Skolen eksisterer framleis som del av ein nasjonalt plan med mål om å gjere kunst tilgjengeleg for barn og ungdom i norske skular og barnehagar, der materialet også kan nyttast i arbeid med Den Kulturelle Skulesekken. Gjennom Vandreutstillingar, digitale kunstutstillingar og anna pedagogisk materiale som kan leigast av medlemane av Kunst i Skolen, gjennomfører dei per no omtrent 30 utstillingar som er på reise i Noreg. I byrjinga var Kunst i Skolen finansiert gjennom inntekter frå medlemskontingenten, og var hovudsakleg driven idealistisk på frivillig basis. I dag mottek dei driftsstønad frå Kulturdepartementet gjennom paraplyorganisasjonen Samarbeidsforum for estetisk fag og har inntekter frå medlemskontingentar og frå sal av kunst og utsmykkingar til skular.
- Her skal det nemnast at Nasjonalbiblioteket, jamfør Bibliotekmeldinga frå 2009, ikkje gjev stønad til artotekverksemda, men prosjektet ved Asker bibliotek mottek stønad av di det var eit formidlingstilbod som inkluderte oppstarten av eit artotek og ikkje rein artotekstøtte. Sjå Kulturdepartementet (då Kyrkje- og kulturdepartementet) (2009). Bibliotekmeldinga, «St.meld. nr. 23 (2008—2009): Bibliotek – Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid».
- Ideen til Atelier vart unnfanga i 2015 under Oslo Open og tek form som ei nettbasert plattform som mogleggjer kjøp og sal direkte frå kunstnarar sine atelier. Allereie to år seinare, i 2017, vart den fyrste versjonen av Atelier lansert, med 200 kunstnarar. Atelier held fram med å vekse og tilby fleire moglegheiter og tenester og har per no fleire enn 400 kunstnarar representert, med nærare 2 000 verk.
- 290 kroner er den rettleiiande prisen for verk med salspris under 5 000 kroner, der verk med salspris over 5 000 kroner vil bli rekna som 6 prosent av salsprisen.
- E-postintervju med Christian von Hanno, styreleiar og dagleg leiar ved Atelier, 1. oktober 2020.
- I Noreg er det mogleg å kjøpe kunst på avbetaling gjennom Atelier.as som legg til rette for kjøp og sal direkte frå kunstnarar gjennom ei nettbasert plattform. Ein kan der nytte ein delbetalingsplan frå 3 til 35 månadar gjennom Collector/Dintero med renter, men dei arbeider med å kunne tilby rentefri nedbetaling, liknande KunstKoop i Nederland som gjennom Mondriaan Fonds tilbyr rentefri nedbetaling på kunstverk frå sine 120 samarbeidsgalleri.
- Artoteket i Köln blei oppretta i 1973 som ein del av det offentlege biblioteket, men der det seinare var skipa som eigen institusjon med hovudfokus på kunstlån og formidling. Det er framleis drive av byrådet i Köln og består i dag av 1 580 verk med 330 registrerte aktive lånarar med 2 185 lån i 2019. Samlinga er digitalisert og tilgjengeleg her. Artoteket opererer med eit innkjøpsbudsjett på 6 000 euro per år, der leiaren av artoteket vel ut kva verk som skal avskaffast utifrå utstillingar arrangert av artoteket. Artoteket driv eit aktivt formidlingsarbeid, spesielt til skular og barnehagar, og har i dei seinare åra sett ei auke i utlån som dei går ut frå er eit resultat av ei samtidig auke i andre utlånsverksemder med bilar, syklar, bøker, verktøy et cetera. Dei ser også at artoteket har ein lav terskel fordi det ikkje finst økonomiske hindringar for å kunne ha kunst i eigne heimar.
- Oppretta i 1970 av kunstnarorganisasjonen Neuer Berliner Kunstverein sine medlemar Hans Wallenberg og Horst Dietze, og er det største artoteket i Tyskland med 4 400 verk og 11 000 registrerte lån kvart år til privatpersonar og verksemder. Artoteket inneheld måleri, collagar, teikningar, fotografi og grafikk, og nye arbeid blir kjøpt inn kvart år med stønad frå Lotto Stiftung Berlin, hovudsakeleg frå Berlin-baserte kunstnarar som indirekte også støttar opp om det lokale kulturlivet. Artoteket har eit samarbeid med Zentral- und Landesbibliothek Berlin ved Amerika-Gedenkbibliothek, som husar samlinga og utlånsverksemda til artoteket. Gjennom ulike formidlingstilbod og -program arbeider Neuer Berliner Kunstverein for å gjere artoteket tilgjengeleg for skular, bedrifter og privatpersonar med eit mål om å mogleggjere og lette tilgjengelegheita for kunstopplevingar for alle, der dei på 1970-talet hadde eit program som heitte «Artomobil» som leverte kuraterte utstillingar til skular i nærområdet. Artoteket har i dag ei veldig variert lånegruppe både i alder, sivilstatus og etnisitet, og dei ser at tilbodet frå artoteket har ein lågare terskel enn det eit museum eller galleri ville hatt.
- I eit større perspektiv er det artoteksystem i blant anna USA, især ved universiteta, og i Australia som har eit nasjonalt artotektilbod. Merk at dette er ikkje er meint som ein uttømmande liste over artotek på eit globalt nivå, men eksemplar på land som eg har komen over i undersøkinga mi, som har eit godt fungerande artoteksystem.
- Statens samordnings- og utviklingsorgan for arkiv, bibliotek og museum (ABM-utvikling blei oppretta 2003 og reorganisert i 2010 der delar av verksemda var overført til Nasjonalbiblioteket og Norsk Vitenskapsindeks, der størstedelen av ABM-utvikling blei innfusjonert med Norsk Kulturråd, i dag Kulturrådet,i 2011.
- Til denne rapporten var det også sendt med notat frå blant anna Stokke bibliotek med deira syn på ei sentralisert artotekordning samt Norske Grafikere og Norsk Bibliotekforening. Samla sett er evalueringane positive til ei slik ordning i Noreg, men dei påpeikar også dei økonomiske rammene ei slik ordning treng, samt eit utvida utval uttrykk der Artoteksentralen var starta i ei tid då grafikken var det mest passande mediet for å skape fleire depot i forhold til reproduksjon, standardisering og frakt. Rapporten er også prega av si tid, der det er eit sterkt fokus på ei nasjonal nettside som den beste måten å sentralisere og samle kunst, kunstnarar og artoteka, der dette er eit av dei berande forslaga i rapporten.
- Arkivmateriale frå Knud Pedersen arkiv (udatert).
- Andre kjelder
Telefon- og e-postintervju med Berit Borgen, seksjonsleiar for Sandefjordbibliotekene, Sandefjord kommune, 29. september 2020
E-postintervju med Oda Broch, kunstnarisk rådgjevar i Kunst på Arbeidsplassen, 18. oktober 2020
E-postintervju med Christian von Hanno, styreleiar, dagleg leiar ved Atelier 1. oktober 2020
E-postintervju med Anne Elisabeth Sæter, dagleg leiar ved Kunst i Skolen, 30. september 2020
E-postintervju med Astrid Bardenheuer, dagleg leiar ved Raum für junge Kunst, artotek i Köln og Arthothekenverband Deutchland e.V., 29. september 2020
E-postintervju med Per Odd Bakke, spesialrådgjevar, avdeling Formidling og publikum ved Nasjonalmuseet, 30. september 2020
E-postintervju med Kari Holst-Larsen, biblioteksjef ved Nannestad bibliotek, 28. september 2020
E-postintervju med Line Merethe Rubach, leiar ved Harstad bibliotek, 24. september 2020
E-postintervju med Yngvild Marie Kaarbø Wiese, verksemdsleiar for bibliotek og kino, Ullensvang bibliotek, hovudbiblioteket i Odda, 10. september 2020
E-postintervju med Aron Lesnik, Neuer Berliner Kunstverein Artothek, 15. september 2020
E-postintervju med Elin Hegge, bibliotekar, Fredrikstad bibliotek, 14. september2020
E-postintervju med Elisabeth Gran, rådgjevar, Asker bibliotek, 8. september 2020
E-postintervju med Aura Jaakkola, kommunikasjonsassistent avdeling for kunstutlån, Konstnärsgillet i Helsingfors / Helsingin Taiteilijaseura, 7. september 2020
E-postintervju med Elin Berge, biblioteksjef, Skaun folkebibliotek, 8. september 2020
E-postintervju med Ole Petter Søbye, avdelingsleiar drift, Sandnes bibliotek, 7. september 2020
Reilstad, Jan Inge (2006). «NOTAT – innføring av artotek i Norge», høyringsnotat
I tillegg til e-postintervjua og anna informasjon referert til i denne teksten, har eg sendt ut spørsmål til alle bibliotek som var registrert med depot hos Artoteksentralen i 1992. Nær alle responderte, men av desse har berre Asker bibliotek ei aktiv utlånsordning. Dette artoteket er nyoppstarta og har inga samband med det tidlegare medlemskapet deira hos Artotekersentralen.
- Marius Moldvær (f. 1985 i Aurland) er utdanna bildekunstnar og teoretikar frå Kunsthøgskolen i Bergen ved Avdeling for fotografi
og Pacific Northwest College of Art (PNCA)i Critical Theory and Creative Research. Moldvær sitt virke utartar seg i krysningsfeltet mellom teori og praksis der han gjennom blant anna tekstil, fotografi, skulptur og tekst samt formater som utstillingar, foredrag og publikasjonar, konstruerer paradigme som kryssar fleire ulike disipliner og idear.