«Styrk demokratiet ved å investere i kunst og kultur» 25.06.2025

Stappfullt under panelsamtalen «Kunst i offentlige rom» i regi av KORO og Mesén, på Kulturytring Drammen i juni. Foto: Nikolai Grasaasen.

Kunstfeltet er under press frå fleire hald, og det er naudsynt at me kunstnarorganisasjonar til einkvar tid skjerpar retorikken me bruker mot politikarane våre. Fram mot stortingsvalet i haust vil Norske Billedkunstnere (NBK) arbeide for at kunstens rolle i samfunnet blir del av ein større samtale om prioriteringar.

Eit tydeleg mål i tida framover må vere å sørgje for at kulturbudsjettet ikkje blir sett opp mot, og svekka, til fordel for auka løyvingar til forsvarsbudsjettet. Debatten om beredskap og inkluderinga av kunst og kultur i regjeringa si totalberedskapsmelding Forberedt på kriser og krig (Meld. St. 9 (2024–2025) gir grunn til å argumentere for nettopp dette: At løyvingar til kunst og kultur er eit avgjerande bidrag til demokratibygging, bevisstgjering og motstandskraft i befolkninga.

I ei tid med pressa kommuneøkonomi blir det viktig å mobilisere og bruke alle høva ein har til å påverke fram mot valet. Investering i kultur er samstundes ei investering i befolkninga si evne til å stå imot – gjennom betre trivsel, helse og fellesskap. Det er òg viktig å synleggjere dei store ringverknadene mange kunstnarinitiativ har, både lokalt og regionalt, med bidrag til by- og stadutvikling. Når kommunar investerer i kunst og kultur, får dei mykje att for relativt få midlar.

 

Estetiske fag i skulen fremmer kritisk tenking

I stortingsmeldinga En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn (2024), som kunnskaps- og undervisningsministeren la fram sist haust, blir det lagt vekt på verdien av fag som kunst og handverk i skulen som ein viktig del av allmennutdanninga. Eit av forslaga er å innføre formelle kompetansekrav for å undervise i desse faga. Det er i tråd med NBKs målsetting: Styrking av dei estetiske faga – med fleire timar og formelle kompetansekrav – er avgjerande for å fremje kritisk tenking, meiningsdanning og refleksjon hjå elevane.

 

Prinsippet om armlengds avstand er no lovfesta

I førre utgåve av Billedkunst viste eg til NBKs arbeid med innspel og høyringssvar til den nye kulturlova. Lova, som blei vedtatt av Stortinget i mars i år, forankrar «infrastrukturkravet» (jamfør Grunnlova § 100 sjette ledd) for kulturfeltet. Dette inneber at styresmaktene har plikt til å leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte for å sikre reell ytringsfridom for kunstnarar. I tillegg er prinsippet om armlengds avstand blitt lovfesta: Dei politiske aktørane som fordeler midlar til kulturfeltet – i kommune, fylke og stat – skal ikkje vere dei same som tek dei kunstfaglege avgjerdene. Og med den nye lova blir kommunar og fylke pålagt å utarbeide ei skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet, som skal danne grunnlag for planverk for kultursektoren. Kommunar og fylke blir òg pålagt å fastsette overordna mål og strategiar for kulturfeltet.

Forskrift for regionale kulturfond

Etter at Stortinget i desember sist år vedtok å sette av 75 millionar kroner til nyvinninga Regionale kulturfond i årets statsbudsjett, la Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) fram utkastet sitt til forskrift om Regionale kulturfond, med høyringsfrist 17. mars. I NBKs høyringssvar har me peikt på at når fylkeskommunane sjølve skal utforme utlysingar og søknadskriterium, er det nødvendig at departementet gir tydelegare rammer i forskrifta. Dette for å sikre at midlane faktisk når det profesjonelle kunstfeltet. NBK har òg bedt om ei presisering i føremålsparagrafen, slik at det går tydeleg fram at initiativ og organisasjonar med ideelt føremål blir inkluderte og kan søke støtte gjennom ordninga. Ei styrking av lokale kunstnarinitiativ – som visningsstader, fellesverkstader og atelierfellesskap – vil enkelt generere auka kvalitet og aktivitet. Her kan ein oppnå stor effekt med relativt små investeringar. Jamfør den nye kulturlova ber NBK òg om at forskrifta får ei klar forankring i prinsippet om armlengds avstand.

Sjølv med tydelege rammer blir forskrifta for fonda uansett overordna. I samband med utarbeiding av både utlysing og søknadskriterium held mange fylkeskommunar opne innspelsmøter. Her er det altså rom for påverknad på regionalt plan.

 

Operasjon kulturplan i Drammen

Kultur er ei lovpålagt oppgåve, og i tråd med den nye kulturlova skal alle kommunar no ha ein kulturplan. Men ein ting er å ha ein plan; å iverksette planen er ei anna sak. Under slagordet Operasjon kulturplan inviterer difor NBK, som ein del av Kunstnernettverket, til ei «kulturell heimevernsøving» under Kulturytring Drammen i slutten av juni.

Kulturytring Drammen er Noregs største nasjonale debattarena for kunst- og kulturpolitikk, og blir arrangert som ein tre dagar lang festival kvart valår. Kunstnernettverket representerer over 30 000 skapande og utøvande kunstnarar gjennom 19 organisasjonar. I lys av beredskapsfokuset i samfunnsdebatten den siste tida ynskjer nettverket å sette opp arbeidet med kulturplanar i kommunane som ei slags heimevernøving, og har i høve arrangementet lånt Heimevernets motto: OVERALT – ALLTID.

Nettverket sitt arrangement startar med ei «feltøving» der me ber om innspel frå salen: Kva bør ein kulturplan innehalde, og korleis sikrar vi at han blir gjennomført? Deretter følgjer ei taktisk evaluering i Hovedkvarteret – eit panel med representantar frå kommune, fylke og stat.

Kunstnernettverket planlegg òg eit oppfølgingsarrangement med debatt under Arendalsuka i slutten av august, like oppunder stortingsvalet.

Else Kåss Furuseth ga en motivasjonstale på vegne av Ensomhetspartiet på Kunstnernettverket sin kulturelle heimevernsøvelse. NBK var arrangør på arrangementet på Kulturytring Drammen, sammen med resten av nettverket. Foto: Nikolai Grasaasen

Uventa skjær i sjøen

Den nye pengespellova som trådde i kraft i januar 2024 har skapt ei ny og utilsikta problemstilling for biletkunstfeltet. Ei streng fortolking av loven frå Lotteri- og stiftelsestilsynet har gjort at mange store bedriftskunstforeiningar har slutta å kjøpe inn kunst av frykt for å bryte loven når dei gjennomfører sin godt etablerte praksis med å lodde ut kunst til medlemmane sine.

NBK og Norske Grafikere deltok før påske i eit møte i Kultur- og likestillingsdepartementet med statssekretær Erlend Kaldestad Hanstveit (Ap), der òg fleire aktørar frå galleri og bedriftskunstforeiningar var invitert. I etterkant av møtet har NBK formulert eit brev til departementet med innspel for raskt å få på plass ei løysing, slik at foreiningane kan fortsette verksemda si innanfor rammene av lova.

Det er oppsiktsvekkjande at den nye pengespellova rammar ein sårbar sektor som ikkje ein gong blei invitert inn i høyringsrunden i samband med lovarbeidet. Foreiningane kjøper inn kunst av nolevande og aktive kunstnarar, og er ein viktig del av inntektsgrunnlaget for mange av medlemmane våre. Den samla verdien av kunstforeiningane sine årlege innkjøp er det mangedobla av dei 75 millionar kronene som er løyvde til regjeringas regionale kulturfond i år. Regjeringa sitt overordna mål med nyvinninga Regionale kulturfond i årets statsbudsjett, er jo å støtte eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet, samt leggje til rette for samspel mellom den profesjonelle og den frivillige kulturen.

Bedriftskunstforeiningane finansierer seg sjølve, og dei vekkjer interesse for kunst hos delar av befolkninga som ikkje oppsøkjer kunst på eiga hand. Basert på frivillig innsats er bedriftskunstforeiningar eit godt døme på frivilligheit i møte med det profesjonelle kunstfeltet – nett som regjeringa ønskjer å oppnå. Om pengespellova skulle få konsekvensar som at bedriftskunstforeiningar legg ned og forsvinn, ville det vere stikk i strid med regjeringa sin politikk.

Under eit arrangement i regi av to bedriftskunstforeiningar på Nasjonalmuseet 19. mai – der òg statssekretæren deltok – heldt både Norske Grafikere og NBK innlegg. Her uttalte statssekretæren at Kultur- og likestillingsdepartementet vil kome med ei tolkingsfråsegn om pengespellova før sommaren, med mål om at fråsegna skal leggje til rette for at foreiningane straks kan ta opp att verksemda si. Allereie åtte dagar seinare, 27. mai, sendte departementet fråsegna si til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Her går det fram at etter departementet si vurdering vil det ikkje vera naturleg å sjå medlemsavgifta i kunstforeiningar som ein «innsats» i pengespellova si forstand. Her har me oppnådd ein fagpolitisk seier på få månader.

Valåret 2025

NBK får gjennomslag. Endringar som lovfesting av armlengds avstand, regionale kulturfond og ekstraløyving til honorar og vederlag i statsbudsjettet, er ikkje gitt. Det er resultat av langsiktig arbeid: systematisk innsats, alliansebygging og ei tydeleg røyst frå kunstnarane sjølve. Saka om pengespellova viser at når fleire mobiliserer i lag og er tydelege i beskrivinga av problemet, kan ein legge press for å få styresmaktene til å reagere. Valåret 2025 gir nye moglegheiter. No gjeld det å skjerpe retorikken, debattere – og sørgje for at kunsten er på agendaen i det offentlege ordskiftet.

Geir Egil Bergjord i kulturdebatt i regi av Sivilisasjonen, med tittelen «Finnes det en kunstmafia i Norge, og ekskluderer den klassisk kultur?», på Kulturytring Drammen.

Geir Egil Bergjords leder i Billedkunst #2 2025.