Billedkunst LIVE: Ekskursjon til Solobservatoriet på Harestua

25.08.2025 – 19:00
Solobservatoriet
Me ynskjer alle velkomen til Billedkunst LIVE ved Solobservatoriet på Harestua i forkant av utstillinga «Lyden av sola» som opnar 30. august. Solobservatoriet var eit av Nord-Europas største astronomiske anlegg då det opna i 1954, og eit verdsleiande senter for solforsking på 50–70-talet. I dag er det verna som eit teknisk kulturminne, der utstillinga vil ta i bruk det 20 meter høge solobservasjonstårnet, forskingsfasilitetane og den skogen rundt, for å gå i direkte dialog med observatoriet og historia til staden.

I denne utgåva av Billedkunst LIVE vil du koma til Solobservatoriet på Harestua under installeringa av overnemnte utstilling og få eit unikt innblikk i nokre av kunstnarskapa som delteka, og korleis dei knyt saman vitskap og kunst i arbeida sine.

Pablo Castilla vil presentere arkivprosjektet frå Solobservatoriets fotoarkiv og historie, etterfulgt av ein samtale mellom kunstnarane Jessica MacMillan og Maggie Coblentz.