Eit tydeleg mål i tida framover må vere å sørgje for at kulturbudsjettet ikkje blir sett opp mot, og svekka, til fordel for auka løyvingar til forsvarsbudsjettet. Debatten om beredskap og inkluderinga av kunst og kultur i regjeringa si totalberedskapsmelding Forberedt på kriser og krig (Meld. St. 9 (2024–2025) gir grunn til å argumentere for nettopp dette: At løyvingar til kunst og kultur er eit avgjerande bidrag til demokratibygging, bevisstgjering og motstandskraft i befolkninga.
I ei tid med pressa kommuneøkonomi blir det viktig å mobilisere og bruke alle høva ein har til å påverke fram mot valet. Investering i kultur er samstundes ei investering i befolkninga si evne til å stå imot – gjennom betre trivsel, helse og fellesskap. Det er òg viktig å synleggjere dei store ringverknadene mange kunstnarinitiativ har, både lokalt og regionalt, med bidrag til by- og stadutvikling. Når kommunar investerer i kunst og kultur, får dei mykje att for relativt få midlar.
Estetiske fag i skulen fremmer kritisk tenking
I stortingsmeldinga En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn (2024), som kunnskaps- og undervisningsministeren la fram sist haust, blir det lagt vekt på verdien av fag som kunst og handverk i skulen som ein viktig del av allmennutdanninga. Eit av forslaga er å innføre formelle kompetansekrav for å undervise i desse faga. Det er i tråd med NBKs målsetting: Styrking av dei estetiske faga – med fleire timar og formelle kompetansekrav – er avgjerande for å fremje kritisk tenking, meiningsdanning og refleksjon hjå elevane.
Prinsippet om armlengds avstand er no lovfesta
I førre utgåve av Billedkunst viste eg til NBKs arbeid med innspel og høyringssvar til den nye kulturlova. Lova, som blei vedtatt av Stortinget i mars i år, forankrar «infrastrukturkravet» (jamfør Grunnlova § 100 sjette ledd) for kulturfeltet. Dette inneber at styresmaktene har plikt til å leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte for å sikre reell ytringsfridom for kunstnarar. I tillegg er prinsippet om armlengds avstand blitt lovfesta: Dei politiske aktørane som fordeler midlar til kulturfeltet – i kommune, fylke og stat – skal ikkje vere dei same som tek dei kunstfaglege avgjerdene. Og med den nye lova blir kommunar og fylke pålagt å utarbeide ei skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet, som skal danne grunnlag for planverk for kultursektoren. Kommunar og fylke blir òg pålagt å fastsette overordna mål og strategiar for kulturfeltet.