Statsbudsjettet og livet: «NBKs høgst prioriterte sak er auke av øyremerka midlar til utstillingshonorar» 20.11.2025 Leder

Foto: Carsten Aniksdal.

Regjeringas kulturbudsjett står i sterk kontrast til regjeringas uttalte mål om å sikre rimelege og føreseielege vilkår for oss kunstnarar. Det er ingenting til det visuelle kunstfeltet. Auken frå 22 til 23 millionar kroner i øyremerka midlar til utstillingshonorar er berre nok til å dekke løns- og prisauke. Regjeringa følgjer heller ikkje opp ambisjonane frå stortingsmeldinga Kunstnarkår, med fleire stipendheimlar. I tillegg er nyvinninga i inneverande års budsjett, Regionale kulturfond, nærast halvert – og det allereie før ordninga har rokke å bli evaluert!

Det er ekstra nedslåande at det i budsjettet frå Utanriksdepartementet ligg eit forslag om å halvere ein liten post for prosjektmidlar som går til norske kunstnarar som satsar internasjonalt. Dersom dette kuttet blir oppretthalde, vil det direkte ramme Office for Contemporary Art Norway (OCA) sitt tilbod om gjesteopphald i utlandet.

Regjeringa er avhengig av støtteparti

Norske Billedkunstnere (NBK) har i haust føreslått å auke midla til utstillingshonorar med 23 millionar kroner i 2026, samt å opprette 50 nye arbeidsstipend. Dette er nødvendige tiltak for å sikre rettferdig betaling, styrke kunstnarøkonomien og oppretthalde eit mangfaldig og berekraftig kunstliv over heile landet. NBK har i tillegg delteke i høyringa i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, og som ein del av Kunstnernettverket har eg delteke i budsjetthøyringar i både nemnte komité og i Forsvar- og utanrikskomiteen. I sistnemnde tok me opp konsekvensane av kutt i prosjektstøtte til norske kunstnarar i utlandet.

Med ei mindretalsregjering er Arbeidarpartiet (Ap) nøydde til å samarbeide med støtteparti for å komme fram til eit budsjettforlik. Etter at budsjettet vart lagt fram, har NBK nytta tida til å ha møter med Sosialistisk Venstreparti (SV), Raudt (R) og Miljøpartiet De Grønne (MDG) for å formidle behovet for øyremerka midlar til utstillingshonorar. Endeleg budsjett vil ikkje bli vedteke før i desember.

Fagfeltet vårt manglar rammer

Av Familie- og kulturkomiteens elleve medlemmer er det berre eitt som sit att frå førre stortingsperiode. NBK hadde god kommunikasjon med komiteen i perioden som var. Med så store utskiftingar er me litt tilbake til start. Men arbeidet vårt opp mot Familie- og kulturkomiteen i førre periode er ikkje forgjeves. Fleire av komitémedlemmene er attvalde og flytta til andre komitear på Stortinget. Slik blir kunnskap om feltet vårt spreidd.

NBKs høgst prioriterte sak er auke av øyremerka midlar til utstillingshonorar. Som eg allereie har sagt mange gonger før: Den største utfordringa for oss biletkunstnarar, er at feltet vårt manglar rammer som sikrar at me får betalt. Snittinntekta blant biletkunstnarar ligg på halvparten av befolkninga elles. Enda meir alvorleg er det at snittinntekta frå kunstnarisk arbeid ligg på under 100 000 kroner i året – langt lågare enn for andre kunstnargrupper. Faktum er at me risikerer å gå i minus, sjølv når me viser kunsten vår ved statleg finansierte institusjonar. Utstillingsavtalar blir inngått gjerne to–tre år i forkant, og det finst ingen garanti for at kunstnaren får støtte til å dekke produksjonskostnadene. På grunn av at konkurransen om utstillingsplassane er beinhard, blir utstillingane gjennomført uansett – ofte ved hjelp av eigne oppsparte midlar.

At kunstnarane sin del av budsjettet til institusjonane berre utgjer nokre ytterst få prosent, skaper ein grunnleggjande ubalanse.

Ein kunstnar brukar i dag veker og månader med ubetalt arbeid med førebuingar knytt til sjølve visningsstaden. For å vere synleg, for å få nye avtaler og oppdrag, me kunstnarar stille ut. Auka midlar til utstillingshonorar vil bidra til at kunstnarar faktisk får betalt for arbeid med utstillingar.

Stort engasjement i feltet vårt

Den siste tida har NBK òg engasjert seg debatten om Nasjonalmuseets val om å plassere den Israelske kunstnaren Noa Eshkols verk Mourning Carpet (1974) inn i rom 76 – eit rom med tittelen «På barrikadene», og som elles viser radikale og politiske verk av utelukkande norske kunstnarar. Det var Victor Lind, under eit fagleg program i samband med årets Høstutstilling, som først retta skarp kritikk mot Nasjonalmuseets kuratering.

Det som starta som kritikk av museet sitt fråvær av kommunikasjon rundt dette kuratoriske valet, har utvikla seg til ein debatt om kva forventningar ein kan ha til kunstinstitusjonar, samt om og i kva grad dei er politiske aktørar.

I starten av november arrangerte UKS (Unge Kunstneres Samfund) ein paneldebatt på Kunstnernes Hus med tittelen «Fra barrikade til barrikade: En debatt om museers ansvar og rolle som politiske aktører». Relevante spørsmål som vart reist i samband med debatten var kva handlingsrom og samfunnsansvar kunstinstitusjonane våre har, og kva tid blir det forventa at dei erklærer solidaritet eller tek politiske standpunkt.

Norske Billedkunstnere (NBK) opplevde rekordhøge besøkstal til Haustutstillinga i 2025. Utan store løyvingar til renovering kan publikum miste Kunstnarens Hus. Foto frå performance av Koppen & Jorkjen 20. september. Foto: Studio Abrakadabra.

Kunstnernes Hus i krise

I haust har feltet vårt vist eit stort engasjement og mobilisert for å redde Kunstnernes Hus. NBK og fleire andre har i høyringsinnspela våre til kulturbudsjettet gjort NBK Familie- og kulturkomiteen merksam på at situasjonen for Kunstnernes Hus er kritisk: Bygningsmassen er i ei slik forfatning at huset risikerer å måtte stenge dørene for publikum.

Kunstnernes Hus er eit unikt arkitektonisk bygg. Behovet for renovering er så prekært at dersom ikkje noko blir gjort no, kan Noreg som nasjon miste institusjonen både som kulturminne og som ein levande, kunstnarstyrt visningsstad.

Engasjementet for Kunstnernes Hus viser at eit samla fagmiljø er handlekraftig. Me har òg sett at mobiliseringa for å redusere kommunale kutt rundt omkring i landet, har gitt resultat. På same vis må me kunstnarar fortsette å rette ei tydeleg stemme opp mot nasjonale styresmakter i vårt arbeid for å sikre betre vilkår.

Publisert i Billedkunst nr. 4 2025.