Heimkomen frå den stillferdige, vakre gravferda fann eg fram ein tale Gunnar bad meg halde til opninga i Galleri Brandstrup i Stavanger i 2004. No til minne om ein stor kunstnar og nær ven. Tekst av Jens Erland.

Gunnar Torvund, Hovud på veg (1980). Foto: Morten Thorkildsen / Nasjonalmuseet.

Kjære Gunnar.

I Noreg lever kunsten, som så mykje anna, i eit spenn mellom sentrum og periferi. Ute i verda har dei to gonger rekna oss i sentrum av kunsthistoria, i vikingtida, og i mellomalderen, med stavkyrkjene og antemensalane, dei malte alterforstykka. Nokre kunsthistorikarar seier at fornyinga alltid kjem frå periferien i landet vårt. Likevel må ein undra seg: Kva er bakgrunnen for at ein gut frå Nærbø går inn i den store bilethoggartradisjonen, og gjennom å smelta saman det nyaste nye med det eldste vert ein av dei viktigaste stemmene i brotet med Per Palle Storm-tradisjonen i Noreg i 1970-åra? Eg skal ikkje freista svare, berre seia at då eg møtte Gunnar på 1960-talet, kom eg inn i eit fruktbart kreativt fellesskap der både Gunnar og broren, lyrikaren Helge Torvund, var markante personar. Dei to hadde då, gjennom mange år, bygd opp ei eiga verd, med pantomime, musikk, litteratur og biletkunst som ingrediensar.

Gunnar Torvund, offentlig utsmykking for Diakonhjemmet kapell (1992). I samarbeid med Kirkelig kulturverksted, Arkiforum og Diakonhjemmet.

Slik eg kjenner Gunnar Torvund sitt kunstnarskap, lever det i spenninga mellom tre berebjelkar: det som har med innhald å gjera, ein kan kalla det MYSTIKK. Så er det BROT OG SAMANSMELTING, og til sist MATERIALITET. Litt om desse tre: MYSTIKK. Ordet tyder på gresk å knipa att augo, og handlar om å konsentrera seg om det essensielle i tilværet. Gjennom meditativ nyorientering, og ved å la fjern religiøs symbolikk møta kristen biletbruk, har Gunnar oppnådd overraskande kunstnariske resultat. Han har stått sentralt i den sterkaste vitaliseringa innan norsk kyrkjekunst i nyare tid.

BROT OG SAMANSMELTING. Tidleg må Gunnar ha forstått krafta i surrealistane sin metode med draumelogikk, der brot med det forventa skapar nye realitetar. Impulsar frå urgammal kultur vert på uventa, ofte sjokkerande og undergravande vis, kombinert med impulsar frå nyare kunst, eller med teknologiske element. Då dette vart gjort rundt 1970 og framover, hadde det stor nyskapande kraft.

MATERIALITET. Alle materialar ber på forteljingar, og desse har Gunnar vore særs lydhøyr for og utnytta i sin kunst, anten det dreiar seg om naturmaterialar eller det avanserte teknologiske.

Gunnar Torvund, Båt/Auge (2010). Varmebøyd aluminium, pleksiglass, farget glass og furusokkel. Utsmykking for Statens havarikommisjon for transport (SHT) i Lillestrøm. Foto: Trond Isaksen / KORO – Kunst i offentlige rom.

Utanom desse berebjelkane står kunstnaren si rolle fundamentalt i hans kunst, og ofte går han i meir eller mindre direkte dialog med andre kunstnarar, gjerne med humor som eit viktig verkemiddel. I desse over tre tiåra Gunnar har vore aktiv utøvar av sitt fag, har han fanga opp nye impulsar frå ulikt hald utan at hans eige særpreg har gått tapt.

Som avslutning eit lite vers frå ein poetikk av den danske forfattaren Paul la Cour, som også Gunnar Danbolt brukte i forordet i den fyrste boka om Gunnar sin kunst. Orda høver framleis å ha i mente når ein møter dagens utstilling.

Kast Ordene bort og skriv med Ting. Du vil opdage, at ogsaa de bliver Tegn, som kun din Følelse kan skænke Realitet (1).

Kvil i fred, Gunnar.

  1.  Cour, Paul la (2016). Fra «XII. Tegnet», i Fragmenter af en dagbok. E-bok, hentet fra Google Play. Originalt Lindhardt og Ringhof Forlag, 1948.