Alder. Det å eldast. Meir spesifikt, det å eldast som kunstnar. Ein kan spørja om det å vere ung, mogen eller gamal i kunstnaryrket har innverknad for kva sjansar du har og får, og dermed kva stilling du har i kunstverda og samfunnet. Viss så er, korleis kan me spora skilnadane alder utgjer – påverkar dei yrke og kvardag? Er til dømes talenta uredde og unge, medan dei eldre er akterutsegla i frykta for det som skal koma? Tekst av Marius Moldvær.

Frå Jon Gundersen og Elise Storsveen si utstilling «Tellus Tell Us» ved Kunstnernes Hus, 14.11.2014 04.01.2015. Foto: Christina Leithe Hansen. Attgjeving med løyve frå Kunstnernes Hus.

Om me ser på nemningane over – ung, mogen, gamal; korleis koplar me desse saman med ladde skildringar som etablert, erfaren, kunnskapsrik? Eg stiller deg dei spørsmåla av di eg må seie at svaret kjem ikkje klart til meg. Eg kan sjå og skjøna mange faktorar som me nyttar for å avgjera dette: tal, rukker, pengar og bil. Men når eg skal seie noko om temaet i høve kunstnarar (1), er det noko som gjer meg usikker: Eg veit ikkje kva faktorar som skal vega tyngst, ei heller korleis eg skal dela opp ei gruppe som verkar meir mangslungen for kvart kvantitative steg eg tek.

Er ein ung når ein er under 36 år, men då berre om ein er uetablert? Etablert kan ein alltid vera, ser det ut som.

Den terminologiske klassifiseringa eldre byrjar å melde si framkome ved fylte 56, men du kan framleis vera både etablert og uetablert – men, for å vera etablert må du ha bidrege til feltet, so alder åleine vinn du ikkje på her. Når du er 67, vert du pensjonist. Då er du vel kanskje korkje etablert eller eldre, men likevel i gruppa pensjo­nert. (2) Trass i dette vil eg gjera eit dobbelt forsøk her, og i djervskapens namn heidra ungsinnet og samstundes gje innsikt og klokskap frå dei eldre.

Den terminologiske klassifiseringa eldre byrjar å melde si framkome ved fylte 56, men du kan framleis vera både etablert og uetablert – men, for å vera etablert må du ha bidrege til feltet, so alder åleine vinn du ikkje på her.
Siri Aurdal, «Environment/Surroundings» (1969) ved Kunstnernes Hus i Oslo. Attgjeving med løyve frå Galleri Riis i Oslo.

Om det å hevda seg i eit samfunn med villa og Tesla

Alder står i motsetnad til tid som er eit mindre abstrakt omgrep, og meir målbart. Og her snakkar eg ikkje om dei avmålte mekaniske tikka, eller eit digitalt skifte på eit ur, men heller dei fysiske endringane som varslar alderdom medan antal ljos på kaka aukar med taktfaste intervall. Alder, i motsetnad til tid, vert synleg som ein boge frå fødsel til daude, krubbe til grav; ein flyttar seg mot ein topp, for so å nærast umerkeleg søkke ned mot botn att. Men, alder har òg vorten gjeven eit sett med markørar, både sosiale, kulturelle og økono­miske, som skal gje gjenklang med den alderen kroppen din ber. Slik eit born har utviklings­ og læringsmål, har ein som vaksen ei form for måling av sjølvstende, som å kjøpa hus – for nordmenn er dette hogga i grunnfjellet me står på – og andre markørar på eit økonomisk og materielt plan, men også sosiale og karrieremessige markørar som målar denne sjølvstenda. Du når ein alder der visse klede er upassande, og heller enn å uttrykkje deg gjennom kleda dine er det betre at du ikler deg sixpencen som har materialisert seg på stumtenaren din, og går ut for å mata ender, duer, sporv og måker medan du reflekterer over eit levd liv som snart skal ende.

Alder, målbar og tydeleg i den fysiske forankringa i kroppen, ber med seg sosiale teikn og måleiningar som er like tilfeldige målingar på tid som tikking frå ei klokke. Og for biletkunstnarar, kunsthandverkarar og andre kreative er dei sosiale markørane som skal koma med alder, like betyde­lege, om ikkje meir, som for andre yrkesgrupper, då inntekta for denne yrkesgruppa ligg langt under medianen i Noreg. Dette kjem satirisk fram i ein kronikk av Elin Ørjasæter frå 2010. (3) Her hevdar ho at: «Å gå på en fest med jevnaldrende kunstnere (50 +/­ [år]) er å oppdage at man er den eneste i forsamlingen som har bil, og den eneste som kan navnet på regjeringsmed­lemmene.» For å setje Ørjasæter sitt utspel i kon­tekst, omhandlar kronikken hennar hovudsakleg at samtidige kunstnarar produserer kunst for eit lukka publikum og har gløymt marknaden sin, noko som igjen leiar dei nedover vegen til økonomisk ruin – men som ho seier; dei er ikkje klar over det sjølv.

Det er også viktig her å gjere ein note på talet «over 20 000» som kronikken utgår frå, og som fremjar ideen om tal på kunstnarar som til ei kvar tid har virket sitt i Noreg, der det med «kunstnarar» viser til visuelle kunstnarar, skribentar, scenekunstnarar, musikarar og komponistar, samt designarar og interiørarkitektar. (4) I den noko nyare undersøkinga «Kunstnerundersøkelsen 2013. Kunstnernes inntekter», publisert i 2015 med data frå 2013 og 2014, kjem det fram at det var 17 700 aktive kunstnarar i Noreg som var medlem av ein kunstnarorganisasjon, eit tal som var 24 prosent høgare enn ti år før. (5) Sett i ljos av desse tala kan ein seie at ordlyden som vart nytta i kommentarar og artiklar frå den tida, er sterkt overdriven og ikkje tek inn over seg kompleksiteten i feltet og kor mange yrkesgrupper som er representert innanfor termen «kunstnar».

Alder, målbar og tydeleg i den fysiske forankringa i kroppen, ber med seg sosiale teikn og måleiningar som er like tilfeldige målingar på tid som tikking frå ei klokke. Og for biletkunstnarar, kunsthandverkarar og andre kreative er dei sosiale markørane som skal koma med alder, like betyde­lege, om ikkje meir, som for andre yrkesgrupper, då inntekta for denne yrkesgruppa ligg langt under medianen i Noreg.
Siri Aurdal som held ein malt pleksimodell. Foto: Eline Mugaas, 2014.
Siri Aurdal med silketrykk frå 1971. Foto: Eline Mugaas, 2015.

Ser me på biletkunstfeltet spesifikt, viser oppdaterte tal frå Norske Billedkunstnere (NBK) at dei hadde totalt 3 100 medlemar per 2019. Norske Kunsthåndverkere (NK) hadde 961 og Forbundet Frie Fotografer (FFF) 314, ifølge oppdaterte tal frå organisasjonane sjølv. Dette utgjer 4 375 aktive visuelle kunstnarar basert på medlemskap i ein kunstnarorganisasjon. (6)

Årsaka til vekst av antalet kunstnarar er sagt å vere at det blant anna vert utdanna fleire kunstnarar. Men ser ein på aktive kunstnarar i forhold til alder, skil visuelle kunstnarar seg ut med ein høgare gjennomsnittsalder enn andre kunstnargrupper; gjennomsnittsalderen på NBKs medlemar er 56. Av tala frå NBK og NK (7) utgjer medlemmane over 56 år nesten halvparten – heile 1 893 – av aktive visuelle kunstnarar. (8) Viss påstan­den om ein auke i talet på kunstnarar hovudsakleg skal forklarast med at det vert utdanna fleire, ville desse tala måtte bli snudd på hovudet. For,
la oss seie at dei som er over 56, i 2021 hadde avslutta studia ved fylte 30 år. Då kunne dei ha vore yrkesaktive tidlegast i 1995, heile 11 år før undersøkinga «Kunstneres aktivitet, arbeids­ og inntektsforhold» vart gjort i 2006, og som mykje av faktaopplysningane om den aukande delen kunstnarar er henta frå.

Årsaka til vekst av antalet kunstnarar er sagt å vere at det blant anna vert utdanna fleire kunstnarar. Men ser ein på aktive kunstnarar i forhold til alder, skil visuelle kunstnarar seg ut med ein høgare gjennomsnittsalder enn andre kunstnargrupper; gjennomsnittsalderen på NBKs medlemar er 56.

Dei forenklande grepa frå blant andre Ørjaseter, samtidig kritikk av offentleg stønad og kunstuttrykk, saman med den påståtte mettinga av kulturfeltet, skapar eit forvridd bilete av Kunstnar­ Noreg som ikkje reflekterer tala frå kunstnarunder­ søkingane og medlemsorganisasjonane. På festen til Ørjaseter kan det henda at det å eiga og køyra ein bil vert dei mest utslagsgjevande målemarkør­ane for det å vere vellukka – og kan henda i andre sosiale lag – ved «50 pluss». For viss fleirtalet køyrer Tesla og bur i villa, vert ein festdeltakar utan bil og med ein leigd toroms den som står utanfor fellesskapet, utan desse sosiale markørane, og passar ikkje inn i dei usynlege formlane me deler alder inn i. Den tidlegare nemnde inntekta til visuelle kunstnarar, som ligg under medianen for resten av det yrkesaktive Noreg (9), kan på denne måten skape ei form for sosial utanforskap – på, kan ein tenka seg, ein fest?

Siri Aurdal, Intervju (1968/2013). Installasjonsbilete frå «Hold stenhhårdt fast på greia di – Norsk kunst og kvinnekamp 1968–89» ved Kunsthall Oslo i 2013. Foto: Kunsthall Oslo. Attgjeving med løyve frå Eline Mugaas.
For viss fleirtalet køyrer Tesla og bur i villa, vert ein festdeltakar utan bil og med ein leigd toroms den som står utanfor fellesskapet, utan desse sosiale markørane, og passar ikkje inn i dei usynlege formlane me deler alder inn i. Den tidlegare nemnde inntekta til visuelle kunstnarar, som ligg under medianen for resten av det yrkesaktive Noreg, kan på denne måten skape ei form for sosial utanforskap – på, kan ein tenka seg, ein fest?
Siri Aurdal i Intervju frå utstillinga «Hold stenhhårdt fast på greia di – Norsk kunst og kvinnekamp 1968–89» ved Kunsthall Stavanger i 2014. Foto: Eline Mugaas.

Kunsten å eldast

Sjølv om eg teikna opp eit mørkt bilete over, tyder ikkje dette at det berre er desse parametrane som styrer, avgjer eller tyder på suksess eller eit godt og innhaldsrikt liv, ei heller at det ikkje finst vaksne og eldre kunstnarar med gode og suksessfulle karrierar inn i alderdomen – med påfølgande sosiale markørar for å visa til nettopp det. Men dei få det gjeld, gjer ikkje opp for det større fleirtalet av kunstnarar som kan hende ikkje har oppnådd den same kvantitative suksessen, men som gjennomsi vante og jamne produksjon og utstillingar ved mindre kunstforeiningar, museum og ulike utstillingsstadar, held Kunst­Noreg variert, rikt og meiningsfylt.

I dei seinare åra har det vore auka fokus på eldre kunstnarar, og til tider ei attervending til kunstnarskapa deira. Dette er nemnt i fleire artiklar og kritikkar, blant anna i Dagsavisens artikkel «Når er en kunstner moden nok», ført i pennen av Lars Elton fem år tilbake, der han spesielt trekk fram Håkon Bleken (f. 1929), Elisabeth Haarr (f. 1945) og Brit Fuglevaag (f. 1939) i tillegg til samarbeidet mel­lom Eline Mugaas (f. 1969) og Siri Aurdal (f. 1937). Mugaas og Aurdal synte fram verk ved blant anna Kunstnernes Hus, noko som også resulterte i ei større bokutgjeving (2016) (10). Elise Storsveen (f. 1969) og far hennar Jon Gundersen (f. 1942) hadde òg eit samarbeidsprosjekt synt fram ved Kunstnernes Hus (2014–2015). Vidare i artikkelen går Elton inn på det han kallar ei trend dei seinare åra, der eldre kunstnarar vert lyfta opp og gjort relevante igjen.

Han nemner blant anna utstillingar som den mykje omtala «Hold stenhårdt fast på greia di» (11) med fleire av dei nemnde kunstnarane, som turnerte Kunsthall Oslo og Kunsthall Stavanger frå 2013 til våren 2014.

«Det peker på en økt interesse for de kunstneriske praksisene som nå er en del av vår nære historie. Det er de som gjerne omtales som mellomgenerasjonen, de som er født på 60-­ og 70­-tallet, som står i spissen for denne gjenoppdagelsen. De har skjønt at de ikke vet noen ting om det deres foreldregenerasjon gjorde da de selv var barn, og at den offisielle historien bare forteller en liten del av alt det som skjedde.» (12)

Gjennomgåande i artikkelen peikar Elton på viktigheita av å vere seg bevisst alder både som representasjon og ressurs, og inkludera eldre kunstnarar saman med dei yngre. Samstundes set han spørsmålsteikn ved om dette berre er eit «blaff i tida». Elton fortset med å ettertrykkeleg minna om at alle aldrar er viktige for eit rikt kunst­ og kulturliv i Noreg: «Det er viktig å få samlet deres erfaringer før det er for sent. Så kampen mot aldersdiskriminering og for eldre kunstneres mulighet til å være en aktiv del av kunstlivet er aktuell som aldri før. Samtidig som vi ikke skal glemme de unge. Og alle dem i mellomgenerasjo­nen. Det er der frafallet er størst.» (13)

Punktet om eit tidsmessig blaff har vorten motprova talrike gongar sidan, med blant anna valet av Elisabeth Haarr som festspelutstillar i 2021 (14) og Brit Fuglevaag sine parallelle solo­ utstillingar ved Kunstnerforbundet og SOFT galleri i 2021, for å nemna nokre ferske eksempel.

Elise Storsveen og Jon Gundersen, Lesesalen. De nyeste kunstretninger og smittsomme sindslidelser (2014). Trebord, korktavle, bøker, foto, collage, skulptur og funne gjenstandar, 248 × 183 × 122 cm. Tilhøyrer Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Noter

  1. I denne teksten tek eg utgangspunkt i tal og alder som opplyst gjennom medlemslistene til NBK, FFF og
    NK, samt tal samla inn gjennom «Kunstnerundersøkelsen 2013. Kunstnernes inntekter» utført av Telemarksforsking. Arbeidet med den nye kunstnarundersøkinga er undervegs, men tal frå den er ikkje tilgjengeleg enno.
  2.  Fordelinga mellom yngre, etablerte og eldre er grunna i Statens kunstnarstipend sine retningsliner for stipend som kan søkjast av yngre og uetablerte, etablerte og eldre (senior).
  3. Ørjasæter, Elin, «20 000 kunstnere – trenger vi dem?», E24.no, 1. februar 2010. Ørjasæter har også vore synleg i media under pandemien med krass kritikk mot ulike karantenereglar, og har ved fleire tilfelle fått refs og tilbakeslag grunna ulike ytringar. Trass i at denne artikkelen er elleve år gamal, og trass i forfattaren si hang til kraftig retorikk, har eg valt å ta den med fordi den viser til idear om kunstnarar som yrkesgruppe, spesielt med tanke på løn, sosial stand mv.
  4. Talet på unike medlemskap i ein kunstnarorganisasjon var 16 020. Sjå: Heian, M. T.; Løyland, K. & Mangset, P. (2008), «Kunstneres aktivitet, arbeids-­ og inntektsforhold, 2006». Bø: Telemarksforsking, s. 42. Der det er 14 525 personar som er registrert i «Sjølvstendig kunstnarisk verksemd» og ein legg til dei som er medlem i ein kunstnarorganisasjon (s. 44) samt 312 personar som har motteke stipend, men som ikkje er registrert i dei andre kategoriane (s. 44), utgjer det totalt 30 857 kunstnarar. Dette er derimot ikkje det riktige talet, der blant anna dei som var registrert som «Selvstendig kunstnerisk virksomhet» og «Uorganiserte kunstnarar» vart nedjustert til 4 550 der det totale talet kunstnarar i Noreg per 2006 vert 19 000. Dette talet vil då måtte være «dei over 20 000» som refererast til, der denne undersøkinga også vart nytta til å påpeike at det hadde vore ei auking på heile 110 prosent av kunstnarar sidan førre undersøking i 1994. Denne summen krev også ein note, då ein her må rekna inn sjølve befolkningsauka i perioden, men sett vekk ifrå den, var 60 prosent av veksten grunna ei utviding av kunstnardefinisjonen der den reelle veksten var på berre 31 prosent (s. 76). Dette gjev inntrykk av at talet på kunstnarar i Noreg vart fordobla, noko ein også kunne lesa i ein artikkel i Bergens Tidende. Denne overdrivne auka i kunstnarar skuldast, ifølgje artikkelen, at fleire kunstnarar vert utdanna, men også den langsiktige satsinga på kunst og kultur i Noreg som har skapt fleire plattformer, men framleis ikkje skapt eit livsgrunnlag. Sjå Fauskanger, Kari & Aursland, Tonje, «Over dobbelt så mange kunstnere på 12 år», Bergens Tidende, 2. juli 2008.
  5. Viss ein legg ein liknande vekstrate på uorganiserte kunstnarar vil det antekne talet kunstnarar i Noreg derimot vera 23 745 per 2014. (Heian, M. T.; Kleppe. B.; Løyland, K., 2015; s. 10).
  6. Tala er henta inn ved direkte førespurnad på e­-post til Norske Billedkunstnere (NBK), Norske Kunsthåndverkere (NK) og Forbundet Frie Fotografer (FFF) ifølge dei siste medlemstala deira, per mars 2021.
  7. I denne utrekninga har eg utelate tal frå FFF, der berre 134 av 314 har oppgitt alderen hos dei der fordelinga vert omtrentleg det same som hos NBK og NK.
  8. Medlemane er fordelt som fylgjer: 547 medlemar over 70 år; 1 346 i gruppa 56–70 år; 847 er 46–55 år; 892 er 35–45 år; 429 medlemar under 35 år. Viss me no deler dette talet opp i stipendkategoriane pensjonistar, eldre, etablerte og yngre, får me denne inndelinga: 546 pensjonistar; 1 346 eldre; 1 738 etablerte; 429 yngre.
  9. Heian, M. T.; Kleppe, B.; Løyland, K. (2015), s. 46.
  10. Sjå utstillinga «AURDAL / MUGAAS» ved Kunstnernes Hus i Oslo, 4. mars til 8. mai 2016, samt boka Siri Aurdal by Eline Mugaas på forlaget Primary Information same år.
  11. «Hold stenhårdt fast på greia di. Norsk kunst og kvinnekamp 1968–89» var kuratert av Eline Mugaas og Elise Storsveen i samarbeid med Kunsthall Oslo. Den vart først vist ved sistnemnde våren 2013, deretter Kunsthall Stavanger våren 2014.
  12. Elton (2016)
  13. Ibid
  14. Festspelutstillinga har også gjennom dei siste 20 åra hatt eit stort spenn når det kjem til alder i val av utstillarar. Gjennomsnittsalderen i løpet av dei siste 20 åra er 51 år, men der spennet mellom yngst og eldst er heile 43 år, då mellom Michael Elmgreen som var 36 då han stilte ut saman med Ingar Dragset, og Jan Groth som var 79 (Rød, Arve; 2020). Sjå «Festspill­utstillingen – Festspillene i Bergen», Store norske leksikon.