Dei stilleståande mennene på sokkel. Tekst av Brynhild Elvira Winther

– Eg er så lei av alle regnbogeplakatane kor det står «alt blir bra». Ting blir ikkje bra av seg sjølv. Ein må jobbe for det! Teikning av Brynhild Grødeland Winther.

Det var den dagen eg hadde konkludert med på Twitter at heile problemet med menneskearten er den kroniske avstanden mellom ord og verkelegheita … og korleis mange ser ut til å tru at ein ved å fjerne ord, eller symbol, på same tid skal bli kvitt det underliggande problemet.

Ein skulptur blir riven av sokkelen og velta ut i elva.

Skulpturar blir heist vekk av heisekraner.

Graffiti på skulpturar.

Mange stadar i verda blir no skulpturar destruert. Skulpturar av personar med haldningar, handlingar og ideologiar dei fleste tek avstand frå. Eg trur ikkje at haldningar me tek avstand frå i dag, blir borte av at me fysisk fjernar alt som visuelt viser at dei har eksistert. Utan fortida i bevisstheita er det vanskeleg å lage endringane som skal til for å kome heilt i mål med eit respektfullt, inkluderande samfunn. Eg for min del, trur at ein heller må starte med å konkretisere rasisme for å kunne ta tak i den og leite etter måtar å teipe saman samfunnet på ein betre måte. Og me må jobbe med å respektere skilnadar og at me er ulike på alle måtar. Individ. Ikkje berre hudfargar, kjønn eller andre kategoriar. Eg kallar det indiviDUALISME. Me er dualitetar, og likeverdige nettopp fordi me er ulike. IndiviDUALISME startar alltid inni ein sjølv. Startar med å anerkjenne andre som individ med same verdi som ein sjølv. Startar med respekt for menneske, sjølv om ein ikkje respekterer det alle står for, eller meiner. Først då kan me starte diskusjonar som kan avle noko anna enn meir hat. Men, når hatet har blitt ein del av politiske system, er det ikkje lenger nok å jobbe med seg sjølv og sine haldningar. Difor slost ein no i USA mot den overgripande makta, som har fått vekse inn i former eg håpar me aldri kjem inn i her i Noreg. Og om me ikkje tek standpunkt, kan me lett bevege oss i feil retning. For allereie finst det rasisme i delar av samfunnsstrukturane våre, som må peikast ut, og lukast ut.

Her heime har skulpturen av Winston Churchill på Solli Plass i Oslo vore mykje diskutert. Foto: Kjetil Røed.

Fiks verda!

Me har mange personlege forslag til korleis verda kan bli ein betre stad. Somme av forslaga omhandlar retoriske grep. Eg trur ikkje at ein kan endre verda tilstrekkeleg ved å redigere språket. Men så lenge det framleis finst folk som meiner at ein faktisk forstår verda gjennom språket, så finst det kanskje eit potensial for endring gjennom ord. Men kanskje helst med ord i form av dialog.

Ein kan forby rasisme, ein kan forby mobbing. Forby krenkjande ord. Men personane som mobbar, og som bevisst er rasistiske, vil ikkje få løyst dei underliggande problema sine av den grunn. Eg trur ikkje at folk blir mindre rasistiske av å bli møtt med hat. Og, sjølv om ein unngår å bruke krenkjande ord, som n-ordet, vil framleis personar med mørk hud ha vanskar med å kome inn på leigemarknaden. Dei fleste melaninrike eg kjenner har hatt to val etter fullført utdanning og med full jobb; kjøpe leilegheit, eller ende opp i sosialbustad. Det at folk ikkje vil leige ut til dei, er ein del av ein ikkje-uttalt rasisme som fort kan låse seg fast i samfunnsstrukturane og bli ein regel heller enn eit unntak. Dei blir òg lagt nedst i bunkane av jobbsøknadar.

Mange av dei som står på soklar rundt om i verda i dag, står der fordi dei ein gong blei erklært vinnarar av ein krig, grunnleggjarar av ein by, og liknande. Mange av desse mennene (så vidt eg veit, tilnærma ingen kvinner) har utsletta store mengder menneskeliv for å kunne utføre «bragdene» som har gjeve dei denne plassen. Andre har blitt rike på slavehandel. Slavehandel vart sett på som naturleg av dei som var med på å byggje det samfunnet ein har i til dømes USA i dag. Dette bør me ikkje gløyme, men ha framme i vår visuelle historiske bevisstheit for å kontinuerleg kunne ta stilling til kva haldningar me står for i dag. Og i morgon. Og på veg inn i framtida.

Trur ein verkeleg at rasisme blir borte ved å fjerne alle spor etter undertrykking frå kvardagen si visuelle historiebok?

Spor heng fast i skuggane under føtene

Mange vil fjerne spor frå vår eigen kultur, fordi det er så ubehageleg. Fordi me ikkje vil vere ein del av det. Ein vil rive det vekk. Men det å øydeleggje symbola indikerer kanskje at ein har kome til eit punkt der ord ikkje lenger strekk til. Eit punkt der ein må utagere mot, og med noko meir fysisk enn bokstavar. Destruksjonshandlingane gjer det umogeleg å la vere å sjå. Tvingar fram eit punkt der ein må ta stilling til det.

I Bergen rådhus heng eit måleri av ein person med ljos hud som tråkkar på ein person med mørk hud. I utgangspunktet var dei to personane symbol på ljos og mørke, godt og vondt. Men i tida det vart måla i, hadde ein òg dette som gjeldande samfunnssyn kring hudfargar: Dei kvite menneska stod for det gode. Dei mørkhuda var primitive og ukultiverte. Ein kan ikkje heilt skilje desse to tankane frå kvarandre. Og somme vil fjerne dette måleriet fordi slike haldningar ikkje bør vere synlege, særs ikkje i eit rådhus. Men om me fjernar alt det ubehagelege frå den visuelle historia, korleis skal me då kunne hugse dei feila som vart gjort, lære av dei, og hindre at dei skjer på ny?

Trur ein verkeleg at rasisme blir borte ved å fjerne alle spor etter undertrykking frå kvardagen si visuelle historiebok?

Lausriven frå samfunnet

Dersom ein av politiske årsaker skal sensurere historia, har ein innteke same metodar som har blitt brukt i diverse diktatur. I totalitære politiske system har det å fjerne kunst som strid mot det dei står for, lenge vore ein del av strategien for å innføre eigne idear. Problemet ligg etter mi meining altså ikkje i det å byte ut skulpturar i det offentlege rom, men at ein vil fjerne dei på grunn av innhaldet. Samtidskunsten er ikkje ein trussel mot nokon ting. Den er for langt borte frå verda. Den snakkar om samfunnet, men sjeldan til samfunnet. Samtidskunsten er for godt innkapsla i boblene sine. Når kunsten er langt borte frå samfunnet, utgjer den ingen trussel og kan heller ikkje vere ein del av diskusjonane. Kunsten er lite samfunnsaktuell, tilbaketrekt i rom som for mange blir opplevd som altfor interne og lukka. Her spelar òg dei nye tunge kunstbygga ei rolle når det gjeld å auke avstanden mellom kunsten og samfunnet. Og jo meir majestetiske bygg me lagar for kunsten, jo meir vil den heve seg over folket. Til slutt svevar kunsten i sin eigen sfære – totalt lausriven frå samfunnet, kontekst, og menneska i verda. For å kunne vere ein del av samfunnsdebatten må me sleppe folk inn. Eg ynskjer at kunsten skal vere ein vesentleg del av den offentlege debatten. Men eg hadde ikkje venta at skulpturane frå fortida var dei som skulle bli mest aktuelle i samtids-diskusjonen. Kanskje det er naturleg at det vart slik, fordi dei står ute i byrommet, og ikkje gøymer seg i galleriromma.

Den som ikkje har gøymd seg no, den må stå …

Moglegvis høyrer vår visuelle historie heime på museum? Der kan den vere ein del av den offentlege diskusjonen. Men då dukkar neste utfordring opp: Det finst mange menneske som ikkje går på museum, ikkje går på kunstutstillingar. Skal den ubehagelege, visuelle historia berre vere tilgjengeleg for oss som brukar kulturinstitusjonane aktivt? Kva skjer om ein ikkje lenger har noko som plagar oss i kvardagen med påminningar om vanskelege, men viktige ting?

Dersom ein skal fjerne alle offentlege skulpturar, alle bøker, alle filmar, all visuell kultur som kan minne oss om eit ubehag me ikkje vil minnast om – om me skulle fjerne all kultur som potensielt kan vere støytande og potensielt kan skape vanskelege samtalar, om alt dette skulle vekk – håpar eg at det hadde vore få verk som stod att. For om kunsten berre skal fungere som pynt, eller som flukt frå verkelegheita, så har den lite verdi.

Ute i verkelegheita står det ei gruppe stilleståande menn. Stagnert i fordommane sine, i sine grove handlingar og ideologiar. Står der og statuerer seg sjølv for seg sjølv, utan å bli omtala. Berre fuglane skit på dei i ro og fred. Problemet er ikkje at dei no blir synlege, men at dei har stått der i så mange år, utan at folk har visst kven dei er. Om ingen veit kven personane er, har dei heller ingen funksjon når det gjeld diskusjonar i det offentlege rom. Om dei ikkje blir tekne stilling til, er dei ikkje noko anna enn nipsfigurar frå ei svunnen tid. Somme av dei vil kanskje fungere betre som visuelle delar av historia, etter at dei har blitt tagga på eller utsette for ulike typar av hærverk. Og kanskje er det slik me best kan ta vare på dei i musea for ettertida:. Statuar som statuerer brotet med undertrykking.

Brynhild Grødeland Winther (f. 1981, bor i Bergen) er utdannet billedkunstner fra Kunsthøgskolen i Bergen (KMD/UiB) og har tidligere jobbet som sleggemekaniker i oljeindustrien. Winther arbeider innenfor en rekke medier, men hennes hovedspråk er tegning og installasjon. Hun er særlig opptatt av hvordan måtene mennesket ser på andre dyr, kanskje sier mer om mennesket enn om dyret som blir studert. Winther har stilt ut ved blant annet Tegnerforbundet (2015), Høstutstillingen (2016), Oppland kunstsenter (2018), Bærum Kunsthall (2020) og Møre og Romsdal Kunstsenter (2020). Hun har publisert tekster i blant annet Billedkunst, Kunsthåndverk, Kunstforum, Aftenposten, Bergensavisen (BA) og Klassekampen.