Fredag 23. august hadde me gleda av å invitere til samtale mellom biletkunstnar Lars Korff Lofthus og kurator Geir Haraldseth i utstillinga Jeg bæres frem til törstig Mand ved Kristiansand Kunsthall. I same høve vart Lars si nye bok ATTRÅ lansert. Gjennom samtalen vert ein betre kjent med både Lars og Geir, får høyre om reisa til kunstnaren, og på sjenerøst vis vert ein betre kjent med både kunstnarskap og historia rundt: kva for inspirasjon, erfaring og attrå (begjær) som har danna grunnlaget for arbeidet. Forvent ein varm og kjenslevar samtale fylt av humor og skarpe refleksjonar. Dei besøkande fekk også høve til å sjå i kunstnaren si skattekiste: eit lite utval bøker om folkekunst, homoerotiske publikasjonar, katalogar osb. henta frå Lars sitt atelier. Samtalen var ein del av programmet til Skeive Sørlandsdager 2024. For dei som ikkje kunne vere til stades eller var der og vil friske opp att: Velkomen til å lytte – eller sjå – her.
Se Billedkunst Live i opptak – Boklansering og kunstnarsamtale mellom Lars Korff Lofthus og Geir Haraldseth 11.09.2024
Referanseliste
Lars Korff Lofthus i Kunstnerliv på NRK
Ølbolle, drikkekar av tre og rima til bollane
Kjenge, drikkekar med dyrehovud
Skap og andre møblar i Noreg (1600–1900-talet)
Streif av fellesskap, bok (MUNCH, 2023)
I Lars Korff Lofthus (f. 1978) sine måleri, løyser det måleriske abstrakte og figurative seg opp i kvarandre. Han vil at det måleriske i seg sjølv skal kunne vise sensualitet, sårbarheit, overskot og risiko. Korff Lofthus leitar etter materiale i museumsarkiv, bøker og homoerotikk og forsøker å lage tablå der natur, begjær og tradisjon flyt saman i nye situasjonar. Han har ein brei utstillingspraksis og er i tillegg engasjert i skriving, formidling og kuratering. Arbeida hans er innkjøpt av mellom anna Nasjonalmuseet, KODE Kunstmuseer og komponisthjem, Oslo kommune og Equinor. Han delar tida og arbeidet sitt mellom Bergen, der han inntil nyleg var fyrsteamanuensis på Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD/UiB), og atelieret sitt i Hardanger. Soloutstillinga i Kristiansand Kunsthall er Lofthus si mest omfattande til no.
Geir Haraldseth (f. 1977, basert i Oslo) er kurator ved Nasjonalmuseet. I 2022 kuraterte han den nederlandske paviljongen for Veneziabiennalen saman med Melanie Bonajo, Maaike Gouwenberg og Soraya Pol. Tidlegare var Haraldseth dagleg leiar for Rogaland Kunstsenter (2012–18) og kurator på Kunstakademiet ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) (2011–12). Han har vore rådsmedlem i Kulturrådet (2014–17) og sit for tida i Office for Contemporary Art Norways (OCA) internasjonale jury. Han har skrive om kunst for Art in America, The Exhibitionist, Kunstkritikk.no og Acne Paper – sporadisk også Billedkunst. Han har kuratert utstillingar for museum og kunstnardrivne visningsstadar, om alt frå korleis kunstnarar blir framstilt på TV til forholdet mellom fakta og fiksjon.
Billedkunst Live: Boklansering og kunstnarsamtale mellom Lars Korff Lofthus og Geir Haraldseth i utstillinga «Jeg bæres frem til törstig Mand» ved Kristiansand Kunsthall, 23. august 2024.
Denne utgåva av Billedkunst Live er produsert i tett samarbeid med Kristiansand Kunsthall. Billedkunst Live er støtta av Stiftelsen Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Bergesenstiftelsen og Kulturrådet. Billedkunst blir gitt ut av Norske Billedkunstnere, ved Kjetil Røed (ansvarleg redaktør) og Tine Semb (medredaktør).