Då ein tredjedel av verka til utstillinga «Et kollektivt kaosmos» hadde blitt rigga på tak, golv og veggar i Kunsthall Oslo, trådde regjeringas nye smittevernvedtak i kraft. Det resulterte i at fleire av dei 30 kunstnarane, samt tilsette ved Kunsthall Oslo, måtte gå inn i ein to veker lang karantene og la utstillinga med verka henge i limbo på ubestemt tid. Men, utstillinga treng ikkje frykte denne tilstanden av mellombels stillstand. Dette blir avdekkja allereie i utstillinga sin tittel ved termen kaosmos, eit omgrep nytta av tenkarane Gilles Deleuze og Felix Guattari i relasjon til kunst og forklarast som: «[kunst] er ikke kaos, men en samansetning av kaos og orden [kosmos] som frigjør visjonen eller sansinga slik at den konstituerer et kaosmos, et sammensatt kaos.» (1)
I ein samtale på Skype med initiativtakarane av «Et kollektivt kaosmos», Ida Madsen Følling og Markus Li Stensrud, fekk eg eit innsyn i eit utstillingsprosjekt som kontinuerleg veks gjennom verk og kunstnarar, stikk i strid med rammene karantenen har påført det og som i skrivande stund står som ein kunsten sin Noas ark, rastlaust ventande i Kunsthall Oslo.