Av og til må ein byte tog for å kome dit ein skal. Men det kan vere nok å skifte meining ein gong for å kome fram til noko anna enn det som ein reiste frå. Det var den dagen eg kryssa landet for å møte Odd Nerdrum og Memorosa-gruppa. Tekst og foto av Brynhild Grødeland Winther.

Tida kan vere noko anna. Odd Nerdrum i sitt atelier.

Molda er djupare enn himmelen. Og det å kjøpe mjølk er ikkje eit statement mot juice.

Eg går av toget. Overalt rundt meg ser eg glitrande vegar mellom dei små trehusa. Som om nokon har ridd over dei på ein einhyrning, eller som om Barbie har lagt asfalten heilt sjølv. Men dette er ikkje glasbitar, det er sjølve bergartane i steinane som glitrar og reflekterer strålane frå sola. Så møter eg Öde Nerdrum.

I atelieret til Nerdrum-elevane. Öde Nerdrum Står modell for Hjalmar Hagelstam.
Nerdrum og elevane hans ser heller ikkje det same samfunnet når dei ser innover, som når ein stirrar ut i samtida. Dei lever i ei anna tid. Rembrandt si tid.
Eg spør om Memorosa-medlemane ikkje brukar å frakte måleria på ein litt meir skånsam måte. Dei svarar at «me skal jo ikkje så langt» (Öde Nerdrum, Javier Adams og Sebastian Salvo).

Ein stabel med måleri

Öde og eg reiser først for å sjå utstillinga til Memorosa-gruppa i Krutthuset, Fredriksvern Verft i Stavern. I graset utanfor utstillingslokala sit medlemane i Memorosa-gruppa: Öde Nerdrum (sonen til Odd Nerdrum), Sebastian Salvo, Javier Adams, William Heimdal og Nic Thurman. Thurman er ikkje her i dag, men det er andre der; Nerdrum-elevane Hjalmar Hagelstam og Lasse Bøyum. Etter ei rask helserunde går eg inn i utstillinga. Andre har skrive mykje om ho, men dette er ikkje ei utstillingsomtale, så eg skal ikkje gjere det her.

Etter å ha sett utstillinga, ber kunstnarane nokre av måleria til bilen. Der blir dei lagt oppå kvarandre utan å pakkast inn. Stabla som om dei var rekved. Eg spør om dei ikkje brukar å frakte måleria på ein litt meir skånsam måte. Dei svarar at me jo ikkje skal så langt. Så reiser me til garden der Odd Nerdrum, Memorosa-gruppa og resten av elevane til Nerdrum har atelier.

Indre landskap, ytre skog

Skogen opnar seg litt mot sjøen, og på enga utanfor løa går hestar og høner. Trekronene er så grøne, og skyene seglar somme gonger over himmelen som dovne blomkålar. Måleria til Nerdrum og elevane hans liknar ikkje på denne naturen, eller dei glitrande vegane. Kanskje ligg det noko i avstanden mellom deira indre og naturen dei har rundt seg. Når ein ser innover, kan det indre landskap vere noko anna enn det ytre landskap. Fargane kan vere noko anna. Nerdrum og elevane hans ser heller ikkje det same samfunnet når dei ser innover, som når ein stirrar ut i samtida. Dei lever i ei anna tid. Rembrandt si tid.

Odd Nerdrum kjem liksom frå ingenstad, gåande over den grøne plassen mellom husa. Han inviterer oss inn i det mørke atelieret. Måleria som er under arbeid, står på staffeli framfor kvarandre. Ein stol blir sett fram til meg, midt på golvet, med ryggen til Nerdrum sine måleri. Nerdrum snakkar om kunsthistoriestudentar. Fortel at ein vil bli ledd av viss ein skriv oppgåve om klassisk måleri i dag. Ein kan heller ikkje forvente å få ordentleg jobb etterpå, men ende opp som lærar på ein lokal folkehøgskule i ei bygd på trygg avstand frå resten av kunstverda. Medan han snakkar, får eg eit fysisk inntrykk av kampen han har kjempa. I tillegg slår det meg at han kanskje forventar at folk som vil intervjue han, gjer det for å trekkje fram konfliktar. Han snakkar om korleis modernismen gjennomsyrar heile kulturen. At modernisttilhengarane sit med definisjonsmakta. Bestemmer kven som skal få utstillingsplass, kven som skal kome inn på akademiet, kven som skal få stipend. Eg bryt inn og seier at det ikkje lenger er slik. Ting har endra seg. I år sit til dømes ein av Nerdrum sine tidlegare elevar, Sverre Koren Bjertnæs (elev i 1993–1994), i stipendkomiteen, samt Sverre Malling som har stilt ut saman med Nerdrum.

Medan han snakkar, ser eg litt av energien som gjorde at motstandarane hans ikkje fekk has på han. Ser staheita i blikket når han snakkar om korleis det var før. Og eg registrerer at mine fordommar ikkje stemmer med verkelegheita. Før eg møtte Nerdrum, trudde eg at offerrolla var ein del av strategien hans og praksisen hans. Ingen kan bestemme kva ein møter i livet, men det er opp til ein sjølv korleis ein relaterer til det som skjer. Eg trudde Nerdrum hadde valt å vere eit offer, men eg tok feil. Eg tok òg feil då eg i fjor skreiv i kritikken min av «The Great Monster Dada Show» på Henie Onstad Kunstsenter (HOK) at Nerdrum ved å definere seg sjølv ut av samtidskunsten prøvde å oppnå det same som DADA gjorde i si tid. I teksten stilte eg spørsmål ved om det å kalle måleria kitsch er eit dårleg kamuflert ønske om å bli ståande att som det viktigaste frå vår samtid ved å definere seg som outsideren, som motstandaren mot det etablerte … antikunstnaren. Og samstundes ha som mål å forføre publikumet sitt til å kjøpe så mykje kunst dei kan.

Slike slutningar kan ein lett trekkje om ein skal meine noko utelukka basert på det andre har skrive, på det andre har vridd ut av ein klut. Ein kan risikere å ende opp med å vri ein klut som tidlegare har blitt brukt til å tørke vekk sur mjølk. Då vil det setje smak på alt anna som blir vridd ut av den same kluten.

Han snakkar om korleis modernismen gjennomsyrar heile kulturen. At modernisttilhengarane sit med definisjonsmakta. Bestemmer kven som skal få utstillingsplass, kven som skal kome inn på akademiet, kven som skal få stipend. Eg bryt inn og seier at det ikkje lenger er slik. Ting har endra seg.
I atelieret til Nerdrum-elevane.
Før eg møtte Nerdrum, trudde eg at offerrolla var ein del av strategien hans og praksisen hans. Ingen kan bestemme kva ein møter i livet, men det er opp til ein sjølv korleis ein relaterer til det som skjer. Eg trudde Nerdrum hadde valt å vere eit offer, men eg tok feil.

Kald kaffi, måleriet og smelta sjokolade på fingrane

Så snakkar me om kunstnarisk kvalitet. At det må vere lov å seie kva som faktisk er bra, og kva som ikkje er det. Kvifor er det så vanskeleg, så ubehageleg, å snakke om slikt? Det er ingen samanheng mellom det å vere flink i grammatikk og det å skrive bra bøker. Kor stor rolle skal teknisk dyktigheit innan det språket ein har valt som kunstnar, spele inn? Men me snakkar ikkje meir om maktposisjonar og kriterium, for den diskusjonen har liksom blitt borte mellom tida sine famlande fingrar.

Kaffien min har blitt kald, og eg tek fram skrivesakene og spørsmåla eg hadde med meg. Eg spør kvar han er mentalt når han målar; kva han tenkjer på, og om tankane undervegs blir ein del av det ferdige verket.

I det mørke atelieret fortel Odd Nerdrum om korleis måleria er ferdig planlagt på førehand. For somme målarar er prosessen viktig. Det å måle for å måle. Slik er det ikkje for Nerdrum. Det einaste viktige i måleprosessen er dei tekniske vala han tek på vegen. Sidan han veit kva han skal gjere, kan han stå og snakke med andre medan han målar. Lange samtalar vil ikkje på noko vis påverke måleprosessen. Handa utfører det tanken på førehand har bestemt. For å understreke viktigheita av resultatet og at prosess er uinteressant, samanliknar han måleprosessen med det å ha sex. Og at ein har sex for å lage barn.

Öde snakkar om beverar som på same måte som menneske brukar heile livet sitt på byggjeprosessen av eitt hus. Perfeksjoneringa av sitt livsverk. Far Nerdrum seier at menneske generelt ikkje er beverar, men meir som hummaren, som her i landet er freda av staten delar av året, så ingen har lov til å fiske han. Her finst det heller ikkje predatorar som tek hummar. Og han fortel om eit forskingsprosjekt der det blei flytta 100 humrar til Yellow Sea i Kina. Humrane blei radiomerka og sjøsett i eit område der det lever fleire typar predatorar som er glade i hummar. Etter ei tid plukka dei opp humrane for å undersøke dei. Det dei fann ut, var at humrane hadde fått større hjerne. Og hjernen hadde blitt større av å bli brukt i møte med utfordringane i det nye habitatet.

Medan eg kjenner nærværet frå måleria bak ryggen, snakkar Nerdrum vidare om det å måle molda. Og han seier at jorda er djupare enn himmelen.

I det mørke atelieret fortel Odd Nerdrum om korleis måleria er ferdig planlagt på førehand. For somme målarar er prosessen viktig. Det å måle for å måle. Slik er det ikkje for Nerdrum. Det einaste viktige i måleprosessen er dei tekniske vala han tek på vegen.
Javier, som var ein av dei få i rommet som hadde smarttelefon, måtte google «klisjé» i løpet av samtalen ... (Rundt står Lasse Bøyum, Javier Adams, Sebastian Salvo og William Heimdal).

Å velje seg eit språk

– Kvar kjem motiva frå? Dukkar dei opp i atelieret, eller medan du gjer andre ting?

Nerdrum får somme gonger motiv frå draumane, og han fortel om problemet med at draumane ikkje kan fotograferast. Men motiva kjem ikkje berre frå draumane. Dei kan dukke opp tilfeldig. Somme gonger kan utfordrande situasjonar få fram motiv.

Men kvifor ville han måle i utgangspunktet? Kvifor ikkje eit anna språk, som til dømes skulptur?

Nerdrum svarar at han i utgangspunktet ville bli komponist, ikkje målar. Men familien hans ville korkje at han skulle bli komponist eller målar. Dei hindra han i å få tak i piano, men målarpenselen klarte dei ikkje halde han unna. Når eg ser måleria hans, kan eg sjå komponisten, sjølv om tonane er utan lyd. Så legg han til at han òg kunne ha blitt ein god kriminell. Han er i det minste flink til å stele kunnskap frå fortida. Men vegen hans til måleriet starta ikkje med å stele frå dei gamle meistrane. Den starta med at han kopierte modernistiske målemetodar. Men det blei for dyrt, seier han. Det blei brukt for mykje måling i tjukke lag, og måleria blei for fort ferdige. Nerdrum har lært sjølv utan å bruke andre sine fasitar, eller metodar, anna enn frå det han har lært av til dømes Rembrandt, ved å sjå. Han lærte med blikket og ved å bruke lang tid på kvart måleri. Ikkje ved repetisjon av ein metode.

Form, metode, kjensler og fornuft

– Kjensler eller fornuft? Det rasjonelle mennesket, eller mennesket som eit naturfenomen?

Nerdrum svarar raskt fornuft. Kitschen er djup i si overfladiskhet, medan kunst er overflatisk i si djupn. Öde seier «ja takk, begge deler». Faren seier at naturen er eit taust vesen. Fornufta er rivalen hans. Og fornufta er eit metabegrep, men naturen er sirkulær. Tida går i sirklar, og ein må ha mat, og alt går i syklusar. Naturen er eit stort horehus: Sjølv ei bladlus har behov, før ho blir teken av ei marihøne. Dei er utan blygsel i naturen. Og det er kanskje difor naturen oftast har ei tilbaketrekt rolle i måleria deira. Naturen er likevel det som gjer at ein står støtt. Kontakten med jorda. Det rasjonelle i å ha føtene trygt planta i jord, hevdar Öde.

– Kan samtida sine utfordringar, som til dømes klimautfordringar, Black Lives Matter eller andre samtidsfenomen dukke opp i måleria dine?

Den eldre Nerdrum svarar at måleria deira ikkje vil bli vurdert som noko relevant for samtida, grunna forma. Så snakkar han vidare om korleis naiviteten gjer tida fattig. Ved å berre la det barnslege sleppe til kan ein ende opp med å sjå verda i eit forenkla perspektiv. Eg tenkjer attende på noko han snakka om tidlegare. Då fortalde han om ei gruppe folk som hadde teikna saman, og korleis dei i ettertid skulle peike ut den teikninga som var best. Vedkomande som stod bak ideen om utpeikinga, valde ei naivistisk og «dårleg» teikning, og snakka om kor leiken og fri ho var. Men teikninga var ikkje bra, sa Nerdrum. Var ikkje blitt slik av ein vilje. Ikkje av kunnskap. Ikkje av bevisste val. Öde føyer til at fenomen i samtida berre er interessante om dei har tidlause aspekt ved seg.

– Då eg var tenåring, gjekk eg i lære hjå ein som målar klassisk, figurativt. Der skulle ein ikkje starte å måle før ein hadde lært å teikne, fordi ein aldri kan måle betre enn ein klarar teikne. Mange år seinare oppdaga eg at mange brukar overhead, projektor eller lysbord for å få motivet på plass. Då eg oppdaga det, slutta eg å prøve å få ting «riktig», og eg slutta å måle. Har de liknande reglar her, eller tankar om at teikning er noko ein må beherske før ein målar?

Nerdrum svarar at han starta som amatør, utan reglar. Han kallar det Goya-metoden. Den handlar enkelt og greitt om å setje i gang friskt og uredd og lære undervegs, gjennom å prøve, og som allereie nemnt: ved å sjå.

Eg trur ein treng meir enn berre vilje til å prøve og et sett med auge, for å kome dit Nerdrum er. Nerdrumskolen, som Memorosa-gruppa har sitt utspring i, er inspirert av verkstadane som eksisterte i Italia under renessansen (frå rundt seint 1400-talet og mot 1600). Her jobba ein sjølvstendig, og måla og teikna om kvarandre. Ein er sjølv ansvarleg for struktur og disiplin; ingen bestemmer, eller stiller krav frå utsida. På same måte som Nerdrum, jobbar elevane hans i hovudsak med modell, eller står modell sjølv med spegel ved sida av staffeliet. Dei tek ikkje utgangspunkt i fotografi, men kan ein sjeldan gong bruke det som ein liten referanse. Dei har òg mange bøker liggjande i atelieret, der dei kan studere og hente kunnskap frå fortida.

Det store spørsmålet om blått

– Kvifor har de ikkje lov til å bruke blått?

Dette var det spørsmålet eg på førehand hadde tenkt ut flest potensielle – og feilaktige – svar på. Svaret som eg fekk, var at svart og kvitt er familiære fargar. Årsaka til at Nerdrum og elevane hans ikkje brukar blått, er at dei vil at fargane skal vere frå ein avgrensa palett. Når ein blandar himmelen si blåfarge av svart og kvitt, vil den vere i slekt med dei kvite felta i huda, og det svarte i mørke område. Og om ein brukar kontrastane riktig, ser det blått ut utan å vere blå pigment. Dei brukar sjeldan sterke fargar. Han trekk Henri Matisse fram som eit døme, og kallar fargebruken hans vulgær. Nerdrum fortel om korleis han stemmer fargane opp mot kvarandre. Korleis han brukar dei til å trekkje fram eigenskapar hjå kvarandre, og slik får fargar som står tett, til å endre seg. Eg ser komponisten Nerdrum kome fram att klarare i presisjonen med å plassere dei vage fargetonane saman, slik at dei får stillheita til å bli eit crescendo av mold, jord og hud. Han fortel om ein type veldig grøne steinar han fann ein stad i Russland. Han tok med seg nokre av steinane. La dei i vindauget på hotellrommet. Då var dei ikkje lenger grøne, men grå. Det var den raude fargen rundt dei som hadde fått dei til å sjå grøne ut. Som i måleriet. Fargane spelar på kvarandre, og triggar nærliggjande strenger til å skape nye tonar. Det kalde og det varme. Og difor treng ein ikkje bruke blått. Öde seier at blått er ein giftig farge i måleriet, sidan blått ikkje finst i huda.

Den eldre Nerdrum svarar at måleria deira ikkje vil bli vurdert som noko relevant for samtida, grunna forma. Så snakkar han vidare om korleis naiviteten gjer tida fattig. Ved å berre la det barnslege sleppe til kan ein ende opp med å sjå verda i eit forenkla perspektiv.

Fellesskap og utanforskap

– For meg har det teke lang tid å utvikle eit språk som kan få ut mine bilete slik eg vil. Har du nokon gong kjent på eit liknande behov, eller problem, med ei slags avstand mellom det indre og det ytre bilete?

Det har ikkje Odd Nerdrum hatt erfaringar med. Men han legg til at han heile tida må passe på så det verkeleg blir jordsmonn i måleria, og ikkje berre flinkt. Sonen hans legg til at han kan oppleve ein avstand mellom det indre og det ytre biletet når evnene ikkje strekk til. Når han prøver å få til noko vanskeleg. Men det er ein del av vegen når ein lærer. Motstanden som gjer at ein kan strekkje seg litt lenger. Difor vil nok den avstanden bli noko han merkar mindre og mindre til etter kvart som han utviklar seg vidare.

Nerdrum den eldre må i eit møte, så me set oss ved eit anna kaffibord inne i atelieret til Memorosa-gruppa. Her er det ganske tett mellom staffelia. To menn står og målar, og Öde går bort til Hjalmar Hagelstam for å stå modell medan samtalen går vidare. Eg spurte William Heimdal, den yngste i gruppa og fødd i 2003, om han nokon gong kunne finne det vanskeleg å jobbe med så mange rundt seg. Han svara at somme gonger, når han står fast – når noko er måleteknisk problematisk – kan det vere litt vanskeleg. Men då er det jo på same tid utruleg fint å ha andre rundt seg, som kan kome med nye blikk frå sidelinja og sjå ting ein ikkje har sett sjølv. Men eg gløymde å spørje om han var åleine då han måla sjølvportrettet med ståpikk, som han hadde med på utstillinga i Stavern.

Sidan de på mange måtar målar ganske teknisk likt … ønsket om å skape er vel ofte drive av eit indre behov, opplever de det som om de har eit litt likt indre liv, eller ei form for kollektiv bevisstheit?

Sebastian fortel om det felles, høgare målet deira. Og målet har ikkje oppstått på grunn av fellesskapet, men dei har kome saman fordi dei går på den same vegen. Ein sideveg kanskje, viss ein samanliknar med resten av samtida. Men kanskje meir målretta enn mange av hovudvegane. Öde seier at det er ganske lett å sjå på folk sine produkt, på det dei lagar, om dei tenkjer likt. Og her er det ganske opplagt at me tenkjer ganske likt, seier han.

Går de ofte på kunstutstillingar?

«Nei», svarar dei. Dei går ikkje på kunstutstillingar. Berre på museum. Men Lasse Bøyum, som kallar seg outsidaren i rommet, går på kunstutstillingar i tillegg til museum.

– Er det viktig for dykk å ha ein distanse til samtidskunsten?

Etter å ha opphaldt meg så mange timar i samtalar her, er spørsmålet nesten unødvendig.

Öde svarar likevel at det ikkje er noko distansering. Det er to ulike ting. To ulike univers. Men dei opplever det som at det er mykje aggresjon frå andre sida. Og at kunsten på mange måtar er antitesen til kultur. I kunstverda snur ein ting opp ned, og samtidskunsten er kjedeleg.

– Kunne du, Öde, funne på å søke Kunstakademiet?

Han svarar med å spørje om kor stort nei han kan gje meg på det spørsmålet, og det betyr vel at nei-et er for stort til å få plass på denne sida … og så la eg til eit spørsmål om i kva grad han kunne hatt lyst til å søke viss ein hadde det heilt likt på Kunstakademiet, som dei har det her. Han svarar at det framleis blir «nei», sidan papira er uvesentlege. Kunstakademiet har berre ein symbolsk verdi, og han kan lære meir frå far sin. Han trur ikkje på å jakte etter symbolske verdiar.

Kunstakademiet har berre ein symbolsk verdi, og han kan lære meir frå far sin. Han trur ikkje på å jakte etter symbolske verdiar.

Om framsteg, og kvifor ein vil stille ut

– Eg tenkjer at framsteg er ein ganske vesentleg del av det som gjer mennesket destruktivt i økosystemet. At ein forbrukar og byter ut ting i eit raskare og raskare tempo, er noko av det verste med oss som art. Difor lurar eg på om det å ta avstand til samtida for dykk er eit politisk statement?

Dei svarar atter raskt «nei». Öde forklarar det enkelt slik: Ikkje på same måte som at det ikkje kan kallast eit statement mot juice når ein person kjøper mjølk. Og alle må leve som ein sjølv meiner er riktig, eller som Aristoteles seier: Alle vil det rette. Så avsluttar han med at deira vegval ikkje handlar om politikk.

– Dette er atter eit spørsmål eg likar å spørje folk om, fordi ein kan få så mange avsindig ulike svar: Kvifor vil de stille ut? Er måleprosessen viktigast, eller er det viktigast å stille ut, og kvifor?

Memorosa-gruppa er samde om at det er viktig å stille ut for å få tilbakemeldingar. Sebastian snakkar om at det er fint å få vite meiningane til folk, kva dei tenkjer. Både om det måletekniske og om sogene som blir formidla. I utstillinga deira i Stavern var dei til stades under heile utstillingsperioden. Det var ei nyttig erfaring å få møte publikum og snakke med dei.

Eg ser rundt meg i rommet at tilbakemeldingane dei har fått på utstillinga, blir med vidare i arbeidet i atelieret. Javier Adams har allereie starta med å rette opp feil. Han målar ei hand på ny. Öde kallar det å stille ut for ein pinleg prosess, å leggje seg naken framfor eit publikum. Open for kritikk. I utstillingsrommet – som blir møtet mellom publikum og målaren – vil alle feila, men forhåpentlegvis òg dei geniale strøka, lyse. Og dette er noko som skjerpar det vidare arbeidet etter utstillinga. Og dei snakkar om kor mykje meir bevisste dei har blitt viktigheita av å gje kvarandre kritikk for å utvikle seg. For å bli betre. Kan ein i det heile tatt utvikle seg til eit betre menneske, utan å få kritikk? Utan ærlege tilbakemeldingar? Dei legg òg til at det å selje måleri er ein av grunnane til at dei vil stille ut. Fordi måleria skal få hengje ein stad og bli sett vidare også etter at utstillinga er over.

 

Memorosa-gruppa er samde om at det er viktig å stille ut for å få tilbakemeldingar. Sebastian snakkar om at det er fint å få vite meiningane til folk, kva dei tenkjer. Både om det måletekniske og om sogene som blir formidla.

Skamlaus

For meg er ytringsbehovet ein vesentleg drivkraft for å drive med kunst. Som introvert, og aspie (Asperger syndrom, red.anm.) har teikning blitt hovudspråket mitt. Både Odd Nerdrum og sonen hans Öde har Tourettes syndrom, og eg lurer på om dette på noko vis kan ha påverka måleria deira, og arbeidet deira?

Öde fortel at folk med tourettes ikkje eig skam, og at det blir reflektert i bileta dei målar. Som målar, og historieforteljar, har skam liten hensikt. Ein skal nemleg kome under huda på folk. Personar med tourettes er ekstroverte og sjarmerande. Når eg ser føtene til dei fire menneska i Odd Nerdrum sine måleri Dawn (Morgengry) frå 1990 eller The Singers frå 1988, tenkjer eg at dei inneheld litt av dei ukontrollerte energiske utbrota, med tourettes, som samfunnet prøver å temje.

– Kan eksistensielle spørsmål totalt skiljast frå individuelle erfaringar? … Erfaringar ein gjer seg som eit menneske i tida ein lever i?

Öde trur ikkje på skiljelinjer i filosofien, men på ein syntetisk filosofi som behandlar alle tankesett og sanningar som fragment av ein større samanheng.

Babels tårn, og folk som ser nazistar på høgljos dag

Fleire ord seinare er me på ny inne i Odd Nerdrum sitt atelier. Han er ferdig med møtet, og samtalane held fram. Igjen snakkar me om mangfaldet innan samtidskunsten. Nerdrum samanliknar det med Babels tårn, og seier at mangfaldet av ulike teknikkar og retningar er det som vil føre til forfallet.

Her måtte eg sjølvsagt spørje om gruppeutstillinga med norske klassiske, figurative målarar som blei vist i Sverige i 2009, kor Nerdrum og dei andre kunstnarane i utstillinga blei assosiert med nazismen av blant andre kritikaren i Sydsvenska Dagbladet. Nerdrum finn samanlikninga latterleg. Han fortel om kommunismen, og Russland, som har ein langt sterkare klassisk tradisjon, og at det i Tyskland var meir art deco, Picasso og nyfigurasjon. Han seier at Hitler òg har brukt ordet kitsch i nedsetjande kontekst om kunst han ikkje likte. Eg får òg høyre om korleis kommunismen ofte blir framstilt som noko konstruktivt, på tross av folkemord. Den binære forenklinga går kanskje i at om den eine parten er forferdeleg, må den andre vere snill.

På liknande vis som Dada-kunstnarane var antitesen til det etablerte, er Nerdrum det. I ei tid der ein dyrkar det nyskapande, dreg han plogen i bein linje med tjuvgodset sitt, gjennom kunsthistoria. Han er sjølv oksen som dreg plogen i si eiga retning. For sjølv om han har stole teknikkar frå dei gamle, har ingen av dei gamle sett universet til Nerdrum.

Fordommar for fall

Nerdrum trekk publikum. Publikum er ikkje eit teikn på kvalitet, men heller det motsette, meiner mange. Det skal helst vere ein avstand til folket. Og her ligg kanskje mange meter av den verkelege distansen mellom kunsten og kitsch. Sjølv om ikkje Nerdrum ser seg som ein del av folket, klarar han i det minste å opprette ei form for dialog. Nerdrum fortel om dei åra han sørga for at Kunstnernes Hus gjekk frå 20 000 besøkjande til 200 000. Han fortel at besøkstala då ikkje blei omtala, slik dei vanlegvis hadde blitt. Er kanskje kitsch-målarane meir opptekne av kommunikasjon, enn mange samtidskunstnarar? Innan samtidskunsten snakkar somme om praksisen sin som «materialeskapisme», det betyr eigentleg berre at ein likar å lage noko som ei slags flukt frå kvardagen. Men kor langt kan ein dra eskapismen før samtidskunsten står i fare for å ende opp som innhaldslaus pynt, og kitschen står att som det språket som best evnar å kommunisere med publikumet sitt? Dialog er ikkje synonymt med å banalisere eller forenkle, men å våge å sleppe folk inn til det faktiske innhaldet, som somme gonger blir skjult bak store ord.

Utan at det blei snakka direkte om her i møtet med Nerdrum, gjekk det i løpet av dagen opp for meg at det å definere seg som kitschmålar handlar om å ta makt over definisjonen. Å redefinere eit ord nokon har brukt nedsetjande om ein, er å ta makt over ei offerrolle nokon har prøvd å presse ein inn i. Å bruke motstanden til å bli sterkare. Det er ikkje berre kroppen sine musklar som veks under belastning, om ein vel å presse imot, og å løfte. Kanskje ser ein janteloven frå lova dens si styggaste side i forsøka på å tvangsmodellere alle inn i den same forma. Om ein blir knekt, får ein sympati når ein landar på golvet. For mobben elskar den som har falt. Offeret er den store helten. Men om ein ikkje let seg knekke, kan ein bli folket sin fiende. For ein har berre sympati med dei svake. Føkk jantelova!

Nerdrum er ikkje eit offer, sjølv om han har blitt forsøkt pressa inn i den rolla. Medan han snakkar, ser eg han for meg halde den mykje omtalte talen på opninga av utstillinga «Odd Nerdrum – malerier 1978–1998» på Astrup Fearnley Museet (1998), der han definerte seg som kitsch-målar, small døra midt i fjeset på kunstfeltet og gjekk sin eigen veg (talen kan lesast i boka Hva er kitsch? utgjeven Kagge Forlag, 2000). Sjølv om eg tok feil i det eg skreiv om DADA-utstillinga på Henie Onstad Kunstsenter (HOK), er det likevel noko ved Odd Nerdrum som må knytast saman med DADA. På liknande vis som Dada-kunstnarane var antitesen til det etablerte, er Nerdrum det. I ei tid der ein dyrkar det nyskapande, dreg han plogen i bein linje med tjuvgodset sitt, gjennom kunsthistoria. Han er sjølv oksen som dreg plogen i si eiga retning. For sjølv om han har stole teknikkar frå dei gamle, har ingen av dei gamle sett universet til Nerdrum. Difor går det heller ikkje an å seie at han ikkje er nyskapande. Og ordet kitsch, som har blitt brukt om pyntegjenstandar utan innhald, har her oppstått til å bli noko anna. Gamalt nytt.

Det var du, Odd Nerdrum, som laga sprekken i systemet, som opna opp for oss som jobbar figurativt, og dei som jobbar klassisk. Og der i atelieret hans gløymde eg å seie takk. Difor skriv eg det her.

Takk, Odd Nerdrum.

Innan samtidskunsten snakkar somme om praksisen sin som «materialeskapisme», det betyr eigentleg berre at ein likar å lage noko som ei slags flukt frå kvardagen. Men kor langt kan ein dra eskapismen før samtidskunsten står i fare for å ende opp som innhaldslaus pynt, og kitschen står att som det språket som best evnar å kommunisere med publikumet sitt?

Ei skål med reint vatn

I atelieret ber Odd Nerdrum to frå Memorosa-gruppa om å flytte på eit av dei store måleria så eg kan få sjå det som står bak. Fremst i måleriet står to menneske. Ein krigar med eit skytevåpen, kledd i eit tynt stoff, med ein sekk på ryggen. Krigaren ser ut av lerretet, søker kontakt. På same tid står han støtt med føtene i gjørma, og kroppen vridd innover i biletrommet. Framfor han står ein naken person med ikkje-definert kjønn. Hermafroditt. Blikket kan ikkje nåast frå utsida av lerretet. Det ligg eit slør imellom. Ei tåke, eller distanse, som ikkje berre er måling. Vedkomande held bydande fram ei skål med vatn. Litt av vatnet renn over kanten. Som slev. Dette vatnet er ikkje grumsete, som resten av vatnet i biletet.

Molda er jorda sitt kjøtt. Mold kan vel aldri vere skitten, utan inngrep i form av menneskeleg aktivitet. Og det ureine oppstår kanskje i kjensla av at noko ikkje kan kontrollerast. Men føtene til personane i måleriet ser reine ut, og gjørma er utan fotspor. Som om menneska har vakse opp frå bakken dei står på. Pressa seg fram som spirer. Av jord har du kome, til noko djupare enn himmelen skal du bli. Rommet er avgrensa av formatet,  av firkanten. Likevel synest rommet eg ser inn i, grenselaust. Universet er eit gjørmehol. Men skuggane frå fotsolane kan aldri trenge ned dit kor det store mørket bur. Hermafroditten ventar. Roleg. Ein må sjølv velje om ein vil ta steget fram og drikke av det klare vatnet som blir tilbydd.

Odd Nerdrum har vridd safta ut av definisjonane, og frigjort seg frå dei. Somme ser med angst på det som lirkar seg mellom linjene og renn ned mellom steinane. Det som fordampar før bokstavane har låst det fast. Det får vere deira problem. Her stoppar uansett teksten. I dette biletet. I det aude landskapet ved eit gjørmehol, der ein hermafroditt byd krigaren på ei skål med reint, klart vatn. Når ein ikkje er eit kjønn, er ein fri frå kategoriane. Men ein kan ikkje bli fri berre ved å smake på vatnet. Ein må i tillegg gå over streken. Så langt over streken at definisjonen blir lausriven frå kroppen. Berre den som vågar gå langt nok over streken, kan vere fullstendig fri.

Odd Nerdrum, fødd i 1944, har vore verksam som biletkunstnar i meir enn femti år og stilt ut breitt internasjonalt. Han arbeider i all hovudsak med klassisk måleri, særskilt motiv av menneske og natur i apokalyptiske narrativ. Bileta hans blir ofte omtalt som utført i renessansestil, eller kitsch. Nerdrum vert rekna som ein pioner innanfor sin genre, og har også ein eigen skule på garden sin i Stavern, Nerdrumskolen. Her arbeider blant anna Memorosa-gruppa som består av Nedrum sin yngste son, Öde Spildo Nerdrum, samt ei utvald gruppe av Nerdrum sine elevar: William Heimdal, Sebastian Salvo, Javier Adams og Nichollis Thurman.

Brynhild Grødeland Winther (f. 1981, bor i Bergen) er utdannet billedkunstner fra Kunsthøgskolen i Bergen (KMD/UiB) og har tidligere jobbet som sleggemekaniker i oljeindustrien. Winther arbeider innenfor en rekke medier, men hennes hovedspråk er tegning og installasjon. Hun er særlig opptatt av hvordan måtene mennesket ser på andre dyr, kanskje sier mer om mennesket enn om dyret som blir studert. Winther har stilt ut ved blant annet Tegnerforbundet (2015), Høstutstillingen (2016), Oppland kunstsenter (2018), Bærum Kunsthall (2020) og Møre og Romsdal Kunstsenter (2020). Hun har publisert tekster i blant annet Billedkunst, Kunsthåndverk, Kunstforum, Aftenposten, Bergensavisen (BA) og Klassekampen.