Bytroll og bygdedyr. Tekst av Marius Moldvær.

Malin Bjørhovde, Helene Bergsholm og Beate Støfring i filmen Få meg på, for faen! (2011). Attgjeven med løyve frå Norsk Filmdistribusjon / Motly AS.
Kva skil ei bygd frå ein by? Kva for mogelegheiter har ein tilgang til der ein kjem frå; må ein flytte på seg for at det ein vil gjere ikkje berre skal fortsette å eksistere som ein draum i det fjerne? Er det slik at bykunstnarane også vert dei mest ettertrakta i bygda, ved dei lokale utstillingsstadane? Med for eksempel Wittgenstein på hytta si i Skjolden og Thoreau ved innsjøen Walden i Massachusetts i tankane, to som periodisk søkte ut av nettopp byen, kva er skilnadane mellom by og bygd, eller sentrum og periferi i Noreg?
Thea Hjelmeland under framføring på hornet Desibel, eit verk av Geir Hjetland i samarbeid med Bjørn Kobrek, Torkil Sandsund, Wenche Wefring og Maja Ratkje, laga i anledning Vevringutstillinga sitt 20-årsjubileum i 2009. Foto: Oddleif Apneseth.

I den norske filmen og boka Få meg på, for faen (2011/2007) sit dei tre veninnene på ein busshaldeplass og drøymer seg vekk frå den fiktive bygda Skoddeheimen. Hovudpersonen, Alma, seier at om ho kunne reist i morgon, skulle ho dratt til New York og verta modell. Men i staden for New York vert Alma kasta inn i ei bygdeintrige. I klassisk tenåringsfilm-stil dultar den populære guten, som både Alma og veninna hennar likar, borti Alma med pikken, på ein bygdefest. Då ho seinare fortel dette til venene, tek det ikkje lang tid før alle veit; «venene» spreier det på festen som ei løgn, og kallenamnet «Pikk-Alma» festar seg fort. Etter at nokre born taktfast messar namnet etter ho medan dei hoppar på ei trampoline, vert grensa nådd. Alma tek valet: Ho vil koma seg vekk, kanskje hoppa på neste fly. Ho startar med flykte til systera si i Oslo.

Dette narrativet gjev gjenklang hjå mange, og det set søkeljos på ein nærast klisjéaktig idé om migrasjonen bygdeungdom har inn til byar; kulturelle sentrum. Ei regelrett flukt mot noko større, der ein kan dela tankar og idear, samt få utretta ting ein nødvendigvis ikkje ville ha gjort i dei mindre samfunna ein kom frå. Denne ideen lever framleis i dag, der ein på mange måtar tenkjer at jo større staden er, jo større er mogelegheitene. Og viss ein ikkje gjer det – flyktar til det større – er det då slik at det vert ein faktisk forskjell i kor mykje ein kan gjera?

Sebastian Makonnen Kjølaas, Marianne Bredesen og Siri Hjorth har laga Wittgenstein Monument (2018) i Skjolden i Sogn og Fjordane, del av prosjektet Wittgenstein on Vacation (2015–2020). Det snakkande og plystrande verket målar om lag 7 × 4 × 3 meter og har ei vekt på kring 6 tonn. Det er sett saman av 200 år gamle furuer, skore til ved Hjerleid Craft Senter. Her fraktast monumentet for montering. I år står Hjerleid bak produksjonen av nok eit tremonument i samarbeid med Kjølaas, til Norsk Skulpturtriennale i Tøyenparken. Stillbilete: Falkeblikk.

Alle vegar leiar til Rom

Dette ordtaket er nærare røynda enn det ein fyrst tenkjer seg. I eit større arbeid, leia av kunsthistorikaren Maximilian Schich ved The University of Texas at Dallas, har ei gruppe forskarar kartlagt føde- og dødsstad for prominente personar gjennom historia frå år 600 eventuelt fram til 2021 (1). I dette arbeidet, og gjennom ein fem minuttar lang animasjon basert på resultata, kan ein sjå korleis kulturelle og politiske hovudstadar flyttar seg, fyrst frå Roma til Paris – lell, ikkje før i 1789 – vidare til London, og so frå Europa til USA si austlege kystside, og med bilen sitt inntog ser du ei klar buktande line som går direkte frå Austkysten til Los Angeles og San Francisco. Viss ein siktar blikket inn mot Noreg i denne animasjonen, er det også ein veldig klar tendens. Den byrjar på 1200-talet mellom Bergen, Stavanger, Trondheim og Oslo – der fleire og fleire trekkjer mot Oslo utover 1900-talet. Til slutt ser ein ei sterk line mellom Bergen og Oslo, samt mindre liner frå andre stadar i Noreg som knytast saman der. Og, kan hende det er her me står i dag; i dei sentruma der flest folk oppheld seg, skjer det også mest. Og det er her me byrjar med spørsmålet om kva som skil kunst og kunstnarar i metropolane og periferien. Er det ein forskjell i måten kunst og kunstnarar vert oppfatta på? Er det i metropolane det eksisterer sterke, betre, kulturelle sentrum, eller er dette mytespinneri som berre kan hentast ut frå animasjonar som strekk seg over 2 500 år?

Samstundes viser denne forskinga også til dei større linene og rådande oppfatningane som er – og har vore – gjeldande i den vestlege verdshistoria og fram til samtida. Dette vert tydeleg framstilt i Alma sin idé om å reisa til New York – kanskje ho òg endar opp på Vestkysten. Dette set igjen eit premiss for kva ein tenkjer kring verdiar og mekanismar sett i samanheng med sentrumsnærleik. Maximilian Schich si forsking vart nytta i eit samarbeidsprosjekt i den tyske byen Lüneburg ved Leuphana University of Lüneburg, som resulterte i blant anna essaysamlinga Art in the Periphery of the Center. Prosjektet undersøkte nettopp korleis eit verdisett reflekterast i suksessen til kunstproduksjon og kunstnarar i sentrum «versus» periferien.

I introduksjonen til essaysamlinga diskuterer redaktørane Christoph Behnke, Cornelia Kastelan, Valérie Knoll og Ulf Wuggenig kva som skapar og konstituerer eit sentrum, og kva som kan skilje dette frå periferien og dei kunstnarlege realitetane der. Gjennom forskingsprosjektet har dei tatt utgangspunkt i hovudsakleg europeiske og nordamerikanske storbyar – med nokon få ikkje-vestlege eksempel – der dei fann fram til ei gruppe fellesnemnarar som var grunnleggjande for skapinga av eit kulturelt sentrum. I forskingsprosjektet såg ein blant anna at kunstnarar og kulturarbeidarar ikkje auka mobiliteten sin i forhold til teknologisk utvikling og transport – som til dømes tog og bil. Ei heller vart dei tiltrekte av økonomisk sterke byar og sentrum, men der dei kulturelle sentra som oppstod opererte uavhengig av dette og heldt hevd over lengre periodar.

I definisjonen av kulturelle sentrum, tok prosjektet ved Leuphana University of Lüneburg utgangspunkt i blant anna Art Eco-System model, publisert av Arts Council England, som viser til korleis karrieren til ein kunstnar ville utvikla seg mot «suksess» eller anerkjenning. Den gjengse vegen for å oppnå status for ein kunstnar, var å byrja ved mindre, perifere galleri, jobbe seg fram mot større London-galleri, for so å nå toppen ved å verta kjøpt inn til ei større offentleg samling. Utgangspunkt for sentrum i England vart London, og gjennom intervju med ulike kunstnarar kunne Arts Council England få innsyn i korleis det som vart laga i London – og dei som budde i London – vart sett på som det viktigaste, og det som vart produsert i periferien vart rekna som mindre viktig. Med andre ord råda ein idé om at viss du skulle verta anerkjent, måtte du bu og virke i London. Denne ideen kjem av noko som er grunntanken i kva som utgjer eit sentrum: overvekt av større offentlege institusjonar, kunstskular, galleri og auksjonshus samla på same stad. I England er det ei sentralisering av institusjonar i London, men viss ein til dømes ser på Tyskland, er det mindre sentralisering mot storbyane. Det same er også gjeldande for Oslo, der under femti prosent av visningsstadane på lista er sentralisert i Oslo (2). Her veks ideen om sentrum fyrst og fremst som følgje av at Oslo både er hovudstaden og den største byen i Noreg. Årsaka er altså ikkje so enkel som at det er fleire tyngre institusjonar, kommersielle galleri og samlarar der, men at dei er meir konsentrert der enn andre stadar i Noreg, ifylgje introduksjonen til Art in the Periphery of the Center på grunnlag av tal ifrå Artfacts.

Og ein kan jo ikkje koma utanom at Noreg – då både by og bygd – har vorten ein del av eit større globalt fellesskap der kommunikasjon, informasjon og mobilitet flyt enklare enn nokon gong. Denne utviklinga vil også føra til at dei som før kan hende hovudsakeleg arbeidde lokalt, no kan strekkja seg ut mot det internasjonale, slik som til dømes lokale og perifere visningsstadar, som både kan ta imot og søka mot kunstnarar dei ikkje kunne før. Dette kan ein sjå på som både positivt og negativt: Det er positivt at både by og bygd kan eksponerast for internasjonal og nasjonal kunst; det er negativt om dette betyr at lokale kunstnarar fell vekk. Ein kan so klart sei at dei lokale også er ein del av den nye, globale realiteten, ved at dei kan retta seg mot byen, slik som dei i byen rettar seg mot bygda. Om dette faktisk skjer, har eg inga sikker informasjon om, men hos dei 25 kunstforeiningane eg har vore i kontakt med, har alle presisert at fokuset deira, om ikkje eine og aleine, er lokalt. Men, då kan eg ikkje seie noko om datagrunnlaget frå dei 125 resterande kunstforeiningane eg ikkje har snakka med.

«Skuleungane bar Kula til Britt [Smelvær] fra garden Myra og ned til plassen på kyrkjebakken. Med hjälp av ivriga barnehänder svävade globen ned øver engarna mot kykbacken där den skulle plasserast. Symboliken var så stärk att jag blev alldeles tårögd.» Sitat og bilete: Uno Karlsson. Fotografiet er frå 1999 og brukt i boka Vevring og kunsten (Vevringsutstillinga, 2000).
Er det ein forskjell i måten kunst og kunstnarar vert oppfatta på? Er det i metropolane det eksisterer sterke, betre, kulturelle sentrum, eller er dette mytespinneri som berre kan hentast ut frå animasjonar som strekk seg over 2 500 år?
Claes Hake på skulpturane Arch i 1999. Foto: Uno Karlsson. Begge bilder brukt i boka Vevring og kunsten (Vevringsutstillinga, 2000).

Samstundes har me i Noreg ein sterkare tendens til å desentralisera, med NBK som representerer organisasjonar frå heile Noreg, kunstmuseum og samlingar spreidd utover landet, samt fleire fagorganisasjonar som representerer og arbeider for medlemane sine og som organiserer aktivitetar lokalt. Det som heller ikkje vert tatt med i denne typen undersøkingar, er den kunstnarlege mobiliteten i forhold til utstillingar, tidsavgrensa prosjekt og kunstnaropphald, som då igjen ville kunne spreie, eller utvatna, dei kulturelle sentruma. So då går me tilbake til spørsmålet; ikkje om det finst eit sentrum, men er Oslo eit sentrum, og i so fall, på kva måte?

Foto frå Vevringutstillinga. Bilete er tatt av avisa Firda, attgjeven med løyve frå Vevringutstillinga.
Stipendordningane er naturleg kopla med kva vilkår ein kunstnar har til å arbeide. Ei skeivfordeling av stipend mellom sentrum og periferien vil naturleg nok kunne tenkjast som ein utslagsgjevande faktor også for kva mogelegheiter ein kan ha som kunstnar.

Få meg til Oslo? Bergen? Honningsvåg? For faen!

Ideane om kunstnarar og kultur som vert konsentrert rundt ein geografisk stad, finn me igjen i andre del av undersøkinga «Billedkunstnernes stipendstatistikk 2015 til 2019», fatta av Arne Holm og Lars Chr. Monkerud på oppdrag frå Norske Billedkunstnere (NBK). Dei nyttar nemninga «kunstnarklyngjer» om den større tettleiken av kunstnarar i byane. Undersøkinga tek utgangspunkt i stipendstatistikken frå Statens Kunstnarstipend (SKS), Billedkunstnernes vederlagsfond (BKV) og Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) for å sjå nærare på fordelinga av stipendtildelingar med tanke på kjønn, regional tilknyting og stipendkomiteen sine medlemar. Det poengterast tidleg i undersøkinga at det også kan vera andre faktorar som spelar inn, som til dømes uttrykksform, der det ikkje er noko datagrunnlag for å bedøma dette – som også vart poengtert i den fyrste delen av undersøkinga.

Stipendordningane er naturleg kopla med kva vilkår ein kunstnar har til å arbeide. Ei skeivfordeling av stipend mellom sentrum og periferien vil naturleg nok kunne tenkjast som ein utslagsgjevande faktor også for kva mogelegheiter ein kan ha som kunstnar. Som det kjem fram i rapporten, vert det i stor grad synsing om ein skal gå inn i kvalitetsmessige forhold for stipendtildeling mellom by og bygd, og då spesielt om ein knyt eit geografisk område opp mot kvalitet. Men; ein kan lett sjå at ideen om suksess, kvalitet og regional tilknyting vert målt opp mot ei mogeleg stipendtildeling, der det må poengterast – nok ein gong – at noko datagrunnlag for suksess og kvalitet, rett og slett ikkje finst.

Det som derimot synast gjennom «Billedkunstnernes stipendstatistikk 2015 til 2019»,er at i talet stipend so går det fleire stipend til kunstnarar i Oslo, noko som er naturlig av di det bur flest kunstnarar i Oslo. Men viss ein ser på tildelingsprosenten i undersøkinga, so hamnar Oslo lengre nede med ein tildelingsprosenten på 35, då forbigått av Hordaland, Sogn og Fjordane og Troms. Viss ein ser på dei oppdaterte tala for tildelingar i 2021 for biletkunstnarar, ligg Oslo med ein tildelingsprosent på 9 % – der 126 av totalt 1 428 vart innvilga. Dette er akkurat over gjennomsnittet for heile landet på 8 %, der den var mindre for Agder (5 %), Innlandet (5 %), Møre og Romsdal (6 %), Nordland (4 %), Rogaland (3 %), Utlandet (8 %), Vestfold og Telemark (5 %) og Viken (8 %). Det einaste fylket som hadde høgare tildelingsprosent var Vestlandet med 10 %, der Troms, Finnmark og Svalbard, saman med Trøndelag, hadde same tildelingsprosent som Oslo med 9 % (3). Dette resultatet går då imot tesen om at rein folketyngde utløyser flest stipend, som også vart poengtert i «Billedkunstnernes stipendstatistikk 2015 til 2019 (del II)»: «Unntaket er Hordaland som systematisk har høyere tilsagnrate enn Oslo. Det er altså ikke slik at det aller største fylket, med det største tettstedet, har den høyeste tilsagnsraten. Dette resultatet går i seg selv imot en hypotese om at en ren ‘tyngde’, for eksempel i folketall.» (4)

Metropol brettspel av Anders Eriksen og Pikene på Broen. Frå festivalutstillinga i 2020, «The Russian Connection». Foto: Mikhail Slavin / Pikene på Broen.
For eit viktig poeng her må også vera tilhøyrsle: Viss ein kunstnar busett i Oslo får eit stipend, vil dei avteiknast i statistikken for Oslo. Men kva om denne kunstnaren berre stiller ut i periferien?
Frå opningsshowet til «Barents Spektakel 2019: The World’s Northernmost Chinatown». Som ei projisering av ei mogeleg framtid, vart Kirkenes gjort om til verdas nordlegaste Chinatown i regi av Pikene på Broen. Foto: Aleksandr Alekseev.

Når eg les meg opp på dei ulike undersøkingane og forskingsprosjekta, får eg ein snikande følelse av at statistikk åleine ikkje vil gje det svaret ein ynskjer eller treng. Eg vil ikkje nedvurdera viktigheita av ei god og sterk stipendordning, den gjev på alle måtar eit livs- og prosjektgrunnlag som ikkje kan eller bør verta ignorert. Men som det kjem fram i undersøkinga, so er tildelinga flytande, vekslande og vanskeleg å nytta for å gje eit konkret svar når det kjem til forskjellen mellom sentrum og periferien. Og det vert nærast meir uvisse knytt til ein slik type statistikk enn det vert svar, der det er fleire punkt der det ikkje er noko datagrunnlag – eller det som er, er for svakt. Ein kunne blant anna ynskja å ta undersøkinga ned på eit kommunalt nivå. Men der òg måtte ein sjå på kva kommunale tiltak som gjerast for kunst og kultur, kva mogelegheiter som vert lagt til rette for lokalt som kan styrka levevilkåra til kunstnarar. Ei undersøking på eit nasjonalt og fylkeskommunalt nivå, med datagrunnlaget som finst i dag, vil berre reflektere stipendtilsegn der ein kunstnar bur.

For eit viktig poeng her må også vera tilhøyrsle: Viss ein kunstnar busett i Oslo får eit stipend, vil dei avteiknast i statistikken for Oslo. Men kva om denne kunstnaren berre stiller ut i periferien? Kvar skapast verdiar, og kvar og kven kjem det til gode? Jamfør om ein kunstnar i periferien får eit stipend og berre viser arbeida sine i Oslo? Og ein kan også ta inn spørsmålet om suksess. Kven har mest suksess; den perifere kunstnaren som er utstillar i metropolen, hos eit anerkjend galleri? Eller Oslo-kunstnaren som stiller ut ved mindre, perifere visningsstadar? Lell, dei økonomiske realitetane ved eit lite, perifert galleri versus dei sentrale vert òg eit spørsmål her, både med og utan stipend. Kan hende statistikken i dette tilfelle berre reflekterer kvar folk bur, og det har me jo tross alt folketeljing til.

 

Frå Andreas Siqueland sin utstilling «Living with it!» ved Kristiansand Kunsthall i sumar. Foto: Tor Simen Ulstein.
Det er tydeleg at det er ein idé om at kunstnarar i hovudstaden får meir stipend, og det er klart at fleire stipend går til kunstnarar i byane i reine tal. Men samstundes er ikkje fleirtalet av visningsstadar i Oslo; det er eit fleirtal kunstnarar.

Kva me målar når me målar kunst

Viss me no går vidare i analysa vår, frå Skoddeheimen til Oslo, og ja, heilt til New York: Kva er det eigentleg me måler, og kva svar er det me ynskjer å finne? Det er tydeleg at det er ein idé om at kunstnarar i hovudstaden får meir stipend, og det er klart at fleire stipend går til kunstnarar i byane i reine tal. Men samstundes er ikkje fleirtalet av visningsstadar i Oslo; det er eit fleirtal kunstnarar. Og, som nemnt er mobilitet og aktivitet noko som ikkje blir tatt med i statistikk om stipendtildelingar og regional tilknyting.

Ei definisjonsmakt i Noreg ligg ikkje hjå Oslo åleine. Me har ein sterk tendens til desentralisering, slik som til dømes flyttinga av hovudkontoret for Kulturrådet sin museumsseksjon til Bodø i 2018 «for å spre makt – geografisk og organisatorisk og med dette legge til rette for mer mangfold i kulturlivet», som dåverande kulturminister, Trine Skei Grande, påpeika.

Men, som det kjem fram av forskingsprosjektet ved Leuphana University of Lüneburg og arbeidet leia av Maximilian Schich, so fylgjer ikkje kunstnarar nødvendigvis statlege, politiske eller økonomiske sentrum. Og i ei meir ekstrem vending, kunne ein dra ei slutning om at det snarare er kunstnarar som avgjer kvar det kunstnarlege sentrumet skal vera.

Kva om ein gjorde ein heilomvending? Byggja kunstnarbustadar i Finnmark, eller i tidlegare Sogn og Fjordane. Kva om desentraliseringa gjekk so langt? Hadde ein då trudd at kvaliteten gjekk ned av di ein ikkje bur i eit allereie definert sentrum? Eller hadde ein effektivt nok klart å flytta sentrum sidan fleire kunstnarar hadde budd akkurat der? Men igjen; er det eit verkeleg sentrum det er snakk om, ei kulturens vogge i Noreg? Eller er dette berre eit luftslott, der prestisje kan spela ei rolle, og der nokre institusjonar blir sett på som viktigare enn andre? I Noreg produserast og visast det kunst av høgaste kvalitet frå nord til sør, og aust til vest. Frå Kristiansand Kunsthall med den pågåande utstillinga «Living with it!» av Andreas Siqueland (ble vist til og med 19. september), til det årlege Barents Spektakel i Kirkenes. Frå Vevringutstillinga i Naustdal i vest, til Storelgen i Østerdalen. Spørsmålet her er ikkje kven som er viktigast, eller kven som får, men korleis ein kan fortsette å skapa og å generera verdiskaping i alle regionane, der ein kunstnar sin bustad og stipendtildeling kan henda vert ein feil indikator på akkurat dette. So klart må ein kunne leva, og stipendordninga er absolutt ein del av dette, men når 13 til 0 % av stipenda faktisk vert innvilga, er det ikkje då andre livs- og skapingsgrunnlag me kan sjå etter? Kva med eit vidare arbeid mot utstillingsvederlag og produksjonsstøtte ved alle visningsstadar i Noreg – noko NBK aktivt arbeider for – eller billige kunstnarbustadar utanfor allfarveg, og ei innsats for rettferdig løn for kunstnarleg arbeid, det vera på Utsira eller Grünerløkka?

Det er ein forskjell på å ha inntrykket av noko, og det å sitja med harde, kalde fakta. Og om ein går empirisk til verks, og det sviktar i representasjonen av det som er, må me kunne skape dialogar som kan diskutera og avsløra kva dei inntrykka inneheld og stammar frå. Og saman kan me då arbeide mot å forstå realitetane og kompleksitetane i Kunst-Noreg, utan kart, kompass eller sekskant, men heller finne vegen gjennom ei øving i dialog.

So, for å parafrasere ein av kameratane til Alma si syster når Alma flyktar frå ukvemsord i Skoddeheimen: «Pikk-Alma ruler! Både i by og bygd!»

Kva med eit vidare arbeid mot utstillingsvederlag og produksjonsstøtte ved alle visningsstadar i Noreg – noko NBK aktivt arbeider for – eller billige kunstnarbustadar utanfor allfarveg, og ei innsats for rettferdig løn for kunstnarleg arbeid, det vera på Utsira eller Grünerløkka?
Frå Andreas Siqueland sin utstilling «Living with it!» ved Kristiansand Kunsthall i sumar. Foto: Tor Simen Ulstein.

Etterord

Ei stor takk til alle som har hjelpt meg med innhenting av informasjon og synspunkt i samband med arbeidet med denne teksten, til alle kunstforeiningane og kunstsentera som har vore so gåvmilde med informasjon om deira virke og tankar, og ei spesiell takk til Vevringutstillinga for både arbeidet dei gjer med utstillinga og for å ha delt so gåvmildt med historia deira. Det har opna også mine auger for det utrulege mangfaldet av arbeid som vert lagd ned over heile landet. Ei ekstra takk til Ruben Steinum for utdjuping av arbeidet som NBK gjer for å arbeide fram gode vilkår for kunstnarar kvar enn dei er i landet.

 

Noter

  1. Dette forskingsprosjektet fokuserer i hovudsak på utviklinga og migrasjonen innan Europa og til Nord-Amerika, med nokre framstillingar frå Japan og Australia. Dette peiker då mot ei form for eurosentrisme som ligg ved sjølve datainnsamlinga der namn, føde- og dødsstad er henta frå Freebase.com, General Artist Lexicon, Getty Union List of Artist Names samt innsamla tilleggsmateriale. Denne framsyninga er difor ikkje globalt representativ, men den er veldig oppklarande for korleis ein i den vestlege verda har emigrert og migrert mot – og dermed skapt – kulturelle sentrum. I tillegg gir det eit bilete på den vestlege kolonialistiske historieforteljinga, der personar frå (og migrasjon mellom) blant anna dei afrikanske, asiatiske og søramerikanske kontinenta.
  2. Tala er henta frå introduksjonen til Behnke; Kastelan; Knoll & Wug- genig (2020), Art in the Periphery of the Center, s. 25). Her er dei utvalde institusjonane basert på visningsstadar som er synlege internasjonalt og presentert på Artfacts.net, som i seg sjølv er ei omdiskutert rangering av verdas kunstnarar, noko også forfattarane av teksten gjer klart frå byrjinga. Det vert òg poengtert at Artfacts avslører det ekstremt vestlege fokuset med eksklusjon av fleire galleri og visningsstadar som i ein tradisjonell forstand kan seiast å ikkje vera vestlege, og at dei de facto då ekskluderer kunstnarar som stiller ut der. Det er likevel ei interessant oppdeling å ta med då dei til og med her konkluderer med at Noreg er det som vert kalla «mindre sentralisert». Definisjonen deira baserer seg på at under 50 prosent av visningsstadar ligg i ein større by. Dette er altså tilfellet i Noreg, der under det halve av dei nemnde visningsstadane er i Oslo.
  3. Viss ein no ser på dei oppdaterte tala frå 2021 for SKS som ein heilskap – dette vil då vera for alle grupper som kan søkje stipend – so ligg Oslo med ein tildelingsprosent på 11 – der 580 søknadar av totalt 5 216 vart innvilga. Dette er gjennomsnittsprosenten for heile landet, der den var mindre for Agder (8 %), Innlandet (9 %), Møre og Romsdal (10 %), Nordland (8 %), Svalbard (0 %), Vestlandet (10 %) og Vestfold og Telemark 9 %). Det einaste fylket som hadde ein høgare prosent, var Troms og Finnmark (13 %) med 42 av 321 søknadar innvilga (sjå Kulturrådet, «Rekordmange søkte om kunstnerstipend for 2021», 23. mars 2021: – der det også skal seiast at per. 2021 var innbyggjar- talet i Troms og Finnmark 242 280 (Statistikk- og analyseenheten, 2021) mot Oslo sine 697 010 (Oslo kommune, «Folkemengde og endringer»).
  4. Lars Chr. Monkerud og Arne Holm (2021), «Billedkunstnernes stipendstatistikk for 2015 til 2019 (del II): Hvem søker om stipend og hvem får tilslag?» NIBR-notat 2021:103, Oslo: By- og regionforsknings- instituttet NIBR, OsloMet – storbyuniversitetet, s. 9.