03.10.2024 – 18:00
Jugendstilsenteret og KUBE, Nedre Strandgate 2, i Ålesund
«Difor stakk det ein faen i meg! Skal ein først lage ei landsdelsutstilling for Vestlandet, så kunne ein jo like gjerne drite i kunsttrendar. For, kva om eg heller prøvde å leite etter noko – tilgje meg om du set kaffien i halsen no – vestnorsk? Noko eksotisk ifrå sjølvaste vestkysten?»Bjørn Hatterud, Frå kuratorteksten til Vestlandsutstillingen 2024I denne utgåva av Billedkunst Live vil Bjørn Hatterud og Marius Moldvær snakke om Hatterud sitt arbeid som kurator for Vestlandsutstillingen 2024, og korleis ein arbeider med ei regional landsdelsutstilling som har synt kunst til denne spreidde landsdelen i over 100 år. I samtalen vil Hatterud og Moldvær gå inn i funksjonen til ei regional utstilling, med fokus på kva mogelegheiter det gjev til både kuratorar og kunstnarar. Vidare kjem dei inn på korleis Hatterud sine erfaringar, bakgrunnen og interessene hans kan gje oss eit nytt syn på Vestlandet, sett vekk frå bønder sin salutt mot fjordutsikt i bunad og bjørkerøter sin kamp mot elementa – sjølv om det kanskje vert litt av det og.

Bjørn Hatterud, forfattar og kurator for Vestlandsutstillingen 2024, i samtale med kunstnar, skribent og styreleiar for Vestlandsutstillingen, Marius Moldvær. Begge er tilknytta Billedkunst som skribentar gjennom ei årrekke.

Arrangementet foregår på norsk, har gratis inngang og varer i omlag 45 minutt. Forfriskingar blir servert. Samtalen blir filma og tilgjengeleggjort i etterkant.

Hjarteleg velkommen!

Bjørn Hatterud. Foto: Agnete Bruun.
Marius Moldvær. Foto: Jannik Abel / Norske Billedkunstnere.

Bjørn Hatterud (f. 1977, bur i Groruddalen) har ei bachelorgrad i kulturstudiar. Han kuraterer, skriv og lagar musikk. Han er særleg oppteken av skilje mellom høg- og lågkultur, konstruksjonar av sosiale normar og avvik, og han likar alt som er smalt, sært og marginalt. Det sjølvbiografiske essayet Mjøsa rundt med mor (2020) fekk Kritikerprisen og Bibliotekets litteraturpris, og den seinaste boka er Blokka på Bjerke (2023) – begge gitt ut på Samlaget.

Marius Moldvær (f. 1985 i Aurland) er utdanna biletkunstnar og teoretikar frå Kunsthøgskolen i Bergen ved Avdeling for fotografi og Pacific Northwest College of Art (PNCA) i Critical Theory and Creative Research. Moldvær sitt virke utartar seg i kryssingsfeltet mellom teori og praksis, der han gjennom blant anna tekstil, fotografi, skulptur og tekst, samt format som utstillingar, føredrag og publikasjonar, konstruerer paradigme som kryssar fleire ulike disiplinar og idear.

Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum som ligg i hjartet av Ålesund sentrum, og er ein del av Stiftinga Viti. Museet har eit nasjonalt ansvar for jugendstilen og er kunstmuseet i Møre og Romsdal fylke. Kunstmuseet utviklar og forvaltar ei samling med særleg fokus på norsk- og nordisk jugendstil og kunst som har tilknyting til regionen. Kunstmuseet skal vere ei bærekraftig plattform for demokratiske verdiar og mangfald gjennom å fremje frie kunstnariske ytringar, kunnskapsutveksling og kritisk refleksjon.

Vestlandsutstillingen er ei årleg utstilling som sidan 1922 har synt verk av kunstnarar som har tilknytning til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.

Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga i Noreg, og vart for fyrste gong arrangert ved Bergen Kunstforening i 1922. Vestlandsutstillingen har sidan starten vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending. Sidan 1998 har Vestlandsutstillingen nytta kurator framfor jury, og det har vore ein til tre inviterte kuratorar som kvart år gjev eit heilt eige innsyn og utval frå kunst- og kulturlivet på Vestlandet. Vestlandsutstillingen turnerer kvart år mellom 3–4 av dei totalt 6 visningsstadane som dei samarbeidar med i dei tre fylka på Vestlandet. Vestlandsutstillingen er eigd av  kunstnarorganisasjonane Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Biletkunstnarane i Møre og Romsdal, Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og Bildende Kunstneres Forening Rogaland, samt visningsstadane Kunsthuset Kabuso i Øystese, Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Rogaland Kunstsenter i Stavanger, Kunstgarasjen i Bergen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde og Haugesund Billedgalleri i Haugesund

Årets utgåve av utstillinga blei fyrst vist ved Rogaland Kunstsenter i Stavanger (21. mars–28. april), dernest Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde (23. august–22. september). Siste stopp er Jugenstilsenteret og KUBE i Ålesund (3. oktober–3. november).

Denne utgåva av Billedkunst Live er produsert i samarbeid med Jugenstilsenteret og KUBE i Ålesund, Vestlandsutstillingen, Marius Moldvær, Bjørn Hatterud og koordinator for Billedkunst, Tine Semb. Billedkunst Live er støtta av Stiftelsen Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Bergesenstiftelsen og Kulturrådet.