Gjertrud Hals (født 1948) har ein lang og innhaldsrik karriere som tekstilkunstnar. Ho har jobba med ei rekke teknikkar og ulike materialar, som glasfibertråd, kopartråd og papirfibrar. Med eit hyllereisverk fylt med florlette korger i svart, kopar og gulltonar – vide og låge, andre høge som urner, nokre forma som kjegler eller nærmast som kuler – er det fyrste gongen ho og mannen Odd Hals (født 1949) stiller ut eit verk under namna til begge to. Verket heiter også G & O (2021).Tekst av Mina S. Haufmann.

G& O, (2021) Installasjon, Furuhylle, gjenstander i diverse fibermaterialer, resin, voks, metalltråd m.m., 400 × 160 × 30 cm.

Vêr og vind og ting som er funne

Korgene er blant anna tilverka gjennom strikking, hekling og støyping i resin og papirmasse. Det heile byrja med ein gullbryllaupsdag i koronaen si tid. Gjertrud fortel:

– Gullbryllaupsdagen vår var 30. januar 2021. Ettersom pandemien ikkje tillét noko særleg feiring, fann vi ut at vi ville markere våre femti år i lag med noko vi etter kvart har blitt gode på; eit felles prosjekt! I ein krok i atelieret hadde det samla seg opp ein haug med mindre korger, eller objekt som trong å plasserast, og det fanst éin ledig vegg! Så eg spurte Odd om han kunne ordne det, ettersom han er ein mann som «fiksar alt».

Odd fylte 60 år i 2009 og hadde materialar liggande frå to langbord med benkar han laga til festen.

– Sjølve bordplatene har kome til nytte som tak over kajakkar og ved. Benkane hadde ikkje fått sin misjon og låg stabla ute i vêr og vind. Då Gjertrud trong hyller til verka sine, var vegen kort til materiala i dei godt modna fjølene. Så hadde eg ein rest golvlaminat til gavlane.

Objekta hennar er transparente og lette, og må kunne «sveve» oppover med minst mogleg motstand. Nærmar eg meg å ha lukkast med det? spør Odd.

– Gjertrud meinte resultatet blei så bra, at eg straks begynte å fundere på ein utstillingsstad med stor nok takhøgde til å vise det fram.

Rollene har naturleg nok vore ulike i prosjektet. Eg er nysgjerrig på å høyre meir om korleis dei har jobba med kvar sin del. Odd tek ordet:

– Eg meiner filosofen P. W. Zapffe bala med det å gripe etter noko ein vil nå eller få til, men som ein ikkje heilt veit kva er, eller korleis skal vera. Dette kan nokre gonger opplevast som ein slags innvendig strid, andre gonger kjem det lettare. Ei slik utprøving var ein del av prosessen med hyllene. Dei skulle stige opp mellom vindaugo og glasdører til om lag fire meters høgd. Hovudet har ein idé, og handa utfører; hovudet forkastar eller godtek resultatet. Så forsøker ein på noko anna eller går vidare. Slik vart hyllene til.

Gjertrud fortel om «korgene»:

– Objekta som står i hyllene har eg laga over tid, men dei fleste det siste året. Dei er laga av alt ifrå papp med bivoks til støypte karbonfiber, då eg likar å jobbe med mange slags materialar og teknikkar. Mange av «korgene» er i utgangspunktet strikka eller hekla av bomulls- eller lintråd, i nokre er det handspunne linstry (stry ein får ved hekling av lin, red.anm.) eller silke.

 

Gjertrud Hals på atelieret, i arbeid med trådformane. Foto: Omar Sejnæs.

Felles linjer langt bakover

Korleis arbeider de saman generelt? Sjølv om dette er fyrste gongen de stiller ut saman; er det òg fyrste gong de jobbar saman med kunsten?

– Vi har jobba saman, altså hatt felles prosjekt, sidan vi møttest i 1970: Vi har stifta familie, med alt det inneber – vi har tre barn og sju barnebarn – dratt på turar i inn- og utland, bygd hus, atelier og hytter, for å nemne noko, seier Gjertrud. Eg er ofte den som set ting i gong, og så må Odd dra det heile i land!

Odd supplerer:

– Då eg trefte Gjertrud, såg eg den sterke formsansen og uttrykksevna hennar. Etter kvart som ein blir tryggare i eit forhold, kan ein koma opp med forslag og tankar som vert anerkjent – eller forkasta. Ein prøver ut saman, feilar og lukkast saman. I 2011 hadde eg vore psykolog i over tretti år og pensjonerte meg. Sidan har eg vore assistenten til Gjertrud.

Gjertrud skyt inn at det likevel er å betrakte som fyrste gong at dei lagar eit fysisk kunstprosjekt saman, medan Odd heile vegen har vore ein viktig samtalepartnar og teknikarhjelp.

Odd utbroderer vidare:

– Eg har mellom anna montert verka hennar i galleri, messer og til kundar. Eg var involvert i slikt arbeid også før eg vart pensjonist, og vår fyrste større tur var til New York i 1987, og til Kyoto to år seinare. Rolla mi er vel å finne, under skiftande tilhøve, praktiske løysingar, slik at verka kjem til sin rett.