Me stammar alle frå jegerar og sankarar. Sjølv menneske som sit på kontoret, og alltid har nypussa sko, gjer det. Frå folk som flytta med dei skiftande årstidene, eller følgde rutene til byttedyra. Kanskje levde dei innanfor relativt små område, i landskap kor ein kjente detaljane. Minner blei kanskje sunge rundt bålet om kveldane. Soger om landskapet sine formasjonar. Stad. Identitet. Tekst av Brynhild Grødeland Winther.

Laura Gaiger i arbeid (2020) med biletet som kan sjåast på Høstutstillingen. Foto: Dale Rothenberg.

Me stammar alle frå menneske som bar minna med seg i songar. I blodet. Kanskje var det myter som førte dei fyrste menneska til Gjesdal i Rogaland for over 10 000 år sidan. Kanskje var det matmangel, eller rivaliserande stammer. Men det var ingen som kom til Noreg. Noreg fanst ikkje. Landegrenser og kart er ikkje ein del av naturen.

Vegen

Kart er kanskje ei form for spor. I Vinden bærer bildene / Govat leat biekka buorit (2020) av Ragna Misvær Grønstad, blir kartet knytt saman med minne og segn frå bestemora som vaks opp i Kvalsund. Krigen tvang ho til å flytte til Oslo. Men menneske reiser òg når ein ikkje må. Ligg det til den menneskelege natur å reise? Å sakne og strekke fingrane etter draumar? Det som kunne ha vore, om ikkje dei før oss hadde reist.

Kanskje syner dei arkeologiske funna oss berre i kva område det budde nokon som mista mange ting. Det er det ein mistar som skapar dei sterkaste minna. Sjeleleg arkeologi. Stilla mellom fingrane. Borte.

Tynne plasthanskar dveler ved objekt på ein annan måte enn jegeren veg pila i handa si før ho siktar inn byttet. Hjarteslag. I Laura Gaiger sitt måleri Garden of England (Seasonal Labour) (2020) møter me personar som freistar å forstå verda. Også dette verket handlar om kva som utgjer nasjonal identitet. Dei grev nedover i historia, forsøkjer å finne svar. Er dei på villspor? På atomnivå kan ein ikkje skilje handa frå det den held. Det er berre i språket at ting blir separert frå kvarandre. Du er det du har rundt deg. Landskapet. Rommet du er i.

Ragna Misvær Grønstad, prosessbilete til Vinden bærer bildene / Govat leat biekka buorit (2020). Attgjeven med løyve frå kunstnaren.
Kart er kanskje ei form for spor. I Vinden bærer bildene / Govat leat biekka buorit (2020) av Ragna Misvær Grønstad, blir kartet knytt saman med minne og segn frå bestemora som vaks opp i Kvalsund.
Ragna Misvær Grønstad, Vinden bærer bildene / Govat leat biekka buorit (2020). Foto: Vegard Kleven.

Det ein plukkar med seg langs vegen, blir ein del av ein sjølv. Ting ein gjev nytt liv, og plasserer i nye kontekstar, slik me ser i Apus Apus (tårnseiler) (2020) av Johannes Engelsen Espedal. Objekt går inn i nye soger. Tid lagar spor, og hender ber minner i ei ny retning.

Før landegrenser, og før dei store, undertrykkjande religionane, har det eksistert sjamanisme og animisme over heile kloden. Dette er ikkje religionar, men levesett kor ein er i tett dialog med åndene i naturen, i dyr og i menneske. Då kristendomen kom til Noreg, hadde ein valet mellom å tru eller miste hovudet. Makt og definering av landegrenser heng saman med innføringa av Kvitekrist. Den samiske kulturen blei òg undertrykt av kristendommen og dei opptekne landegrensene. Heksebrenninga gjekk mest utover folk i nord, kor dei førkristne tradisjonane ikkje hadde blitt eliminert i same grad. Å vere urbefolkning betyr at ein har den sterkaste kulturen. Undertrykt, men framleis ståande, rakrygga. Minner i gena. I Áhkáid suolu I–II / Gudinnenes øy I–II (2019), laga av Synnøve Persen, ser me i dei mørke valørane spor etter kristendommen si rasering av samiske offerplassar. Det handlar òg om eigarskap til rituelle område. Nokon har selt det guddommelege for ein sekk med mjøl.

Laura Gaige i arbeid på Leveld i 2021. Foto: Dale Rothenberg.
Anders Brenno tek siste strøk på Dødens Triumf (Døden i Valdres) (2021). Foto: Norlis Antikvariat.

Hendene

Me stammar alle frå jegerar og sankarar. Hender samlar draumar frå tankane. Byggjer minner av draumar. Formar kvardagen. Hender inneheld kart over vegen ein har gått, linjer skapt av gestar og av tid. Hendene utfører poesi i fotografiserien Manus I–IX (2019) av Ann Iren Jamtøy. Spor etter det ein har klamra seg til. Hendene kan gje slepp på det ein ikkje vil bære med seg. Kan stryke mjukt over det ein vil kome nærare. Dansande hender. Opnar seg mot taket, knyt seg. Tromming mot bordflata. Fingrar grip etter skuggane. Hender kan endre landskapet. Både det indre og det ytre. Destruere. Skape. I hendene blir tankane materialisert. Kunsten. Samlaren. Du er det du held fast.

Ann Iren Jamtøy, fra serien Manus I–IX (2019). Foto: Vegard Kleven.

Minnene

Me stammar alle frå jegerar og sankarar. Kanskje ligg det til den menneskelege natur å sjå mot nye horisontar. Jakte på ny lærdom. Ein flyttar for å ta utdanning. Ber med seg ein annan identitet inn i eit nytt landskap. Kontorlandskap. Kan me aldri finne kvile? Stå heilt i ro. Å lengte etter noko anna, er det første steget i retning av å skape noko anna. Kvar kan du bli verande?

Ein kan ikkje returnere til det som var før. Stadane endrar seg i same tempo som menneska endrar seg. Naturen sitt forfall er mennesket sitt forfall. Urbaniteten fortærer bygda. Språket er i ferd med å endre seg. Viskast vekk, kviskrast vekk. Men i tanken kan ein byggje vidare. Stein for stein til det blir slik ein vil dei skal vere. Slik Anders Brenno, i verket Dødens Triumf (Døden i Valdres) (2021), har konstruert sitt eige univers på bakgrunn av heimbygda Bagn i Sør-Valdres. Menneske høyrer til jorda og molda som ligg under asfalten.

Menneske er ofte emosjonelt knytt til ein geografisk plass. Betyr den emosjonelle tilknytinga at menneske er territoriale? Likevel held ein seg ikkje i ro. Kor mykje av det rastlause i oss er biologisk, og kor mykje er resultat av kulturell forventning?

Johannes Engelsen Espedal, Apus Apus (tårnseiler) (2020). Foto: Vegard Kleven.

Fotspor

Sjølv menneske som aldri har trakka utanfor stien, stammar frå jegerar og sankarar. Det blir sagt at siviliserte menneske agerer på fornuft. Kan såkalla fornuft, og kanskje ønskje om stabilitet, vere ei hindring i å leve eit betre liv? Sivilisasjon har vel aldri ført noko godt med seg? Er fornufta rasjonell, eller er den ei konsekvens av frykt? Nypussa sko har ofte glatte solar, og kan skli og snuble i lause trådar. Livsvevnaden. Når ein snublar, kjem ein nærare jorda. Ser verda i eit anna perspektiv, medan ein reiser seg.