Billedkunst takkar så mykje for fullsatt sal på Jugendstilmuseet og KUBE torsdag 3. oktober med Bjørn Hatterud og Marius Moldvær på scena. No ønskjer me velkomen til dykk der ute for å høyre på den fine samtalen digitalt. Hatterud er forfattar og kurator for Vestlandsutstillingen 2024, og Moldvær er kunstnar, skribent og styreleiar for Vestlandsutstillingen.
Korleis har Hatterud arbeidd med utstillinga – ei regional landsdelsutstilling som har synt kunst til denne spreidde landsdelen i over 100 år – og kva val har han tatt? I samtalen diskuterer dei to funksjonen til ei regional utstilling, med fokus på kva mogelegheiter det gjev til både kuratorar og kunstnarar, men også å vere medviten den makta det inneber når ein kan løfte fram enkeltverk og kunstnarskap. Vidare kjem dei inn på korleis Hatterud sine erfaringar, bakgrunnen og interessene hans kan gje oss eit nytt syn på Vestlandet, sett vekk frå bønder sin salutt mot fjordutsikt i bunad og bjørkerøter sin kamp mot elementa – sjølv om det kanskje vert litt av det og. Og dei deler frå det å vekse opp på bygda, å vere skeiv, å ha funksjonsnedsetjingar og korleis også kunsten kan opne opp for det å vere annleis.