Lars Korff Lofthus, frå dokumentaren Kunstnerliv på NRK. Foto: Carsten A. Aniksdal.
Stad: Kristiansand Kunsthall
Tid: Fredag 23. august kl. 18:00

Lars Korff Lofthus er aktuell med utstillinga Jeg bæres frem til törstig Mand ved Kristiansand Kunsthall (22. juni–1. september). Me ønskjer herved velkomen til boklansering og kunstnarsamtale der Lars Korff Lofthus fortel om arbeidet sitt, saman med Geir Haraldseth, kurator ved Nasjonalmuseet.

I anledning utstillinga, blir også boka ATTRÅ lansert denne kvelden ei bok om kunsten til Lofthus, med fokus på måleri, skulptur og trykk frå dei siste fem åra. Boka, som er ein såkalla kunstnarmonografi, tilbyr ei intim fordjuping i ei biletverd der vestlandsnatur, skeivt begjær og folkekunstuttrykk eksisterer side om side. I tillegg til tekstar skrivne av Merete Jonvik, Bjørn Hatterud og kunstnaren sjølv, inneheld boka eit omfattande biletmateriale. Mellom anna kan du finne foto av Lofthus sin rikhaldige måleriproduksjon, bilete frå kunstnaren sitt atelier og heimstaden hans i Hardanger. Boka tilbyr også lesaren eit innsyn i prosessane bak arbeida, gjennom utklipp, bakgrunnsmateriale og skisser henta frå kunstnaren sitt eige arkiv.

ATTRÅ er utgitt av Entrée. Boka er utforma av designar Øystein Arbo, Bent René Synnevåg er fotograf og Cecilie A. Størkson har vore redaktør.

Samtalen varer i om lag 60 minutt. Gratis inngang og moglegheit for å kjøpe forfriskingar i baren!

Lars Korff Lofthus, Kar og kjenge VII (2024). Akryl og pigment på lerret, 160 × 190 cm. Foto: Bent René Synnevåg for Kristiansand Kunsthall.

Utstillinga i sommar er dedikert til ein storslått og fargesterk presentasjon av måleria til Lars Korff Lofthus. Han har den siste tida hausta anerkjenning for representasjonen og samanstillinga si av folkekultur, natur og erotikk. Kunstnaren er oppteken av ritual og situasjonar der ein både kjenner seg framandgjort og heime.

Motiva hans resonnerer med norsk tradisjon, natur og kulturarv. Folkekulturen og naturen i Hardanger var ein del av nasjons- og identitetsdanninga i Noreg. Kunstnarane i nasjonalromantikken framkalla ein identitet som framheva nasjonale særtrekk, felles tradisjonar, handverk, språk, klima og natur. Men kunstnaren har ei tettare tilknyting til dette landskapet. Han er oppvaksen på Lofthus i Hardanger, og store delar av året bur og arbeider han der han har røtene sine. Gjennom arbeida gjer han ei revurdering av historieforteljing i periferien, og vi blir introdusert for ruteåkle, rosemåla skap og ølbollerituala som han sjølv deltok på i oppveksten. Då bollen med det nye ølet vart sendt rundt frå mann til mann, markerte det mannsfæren og ansvaret for å føre tradisjon vidare. Mannen er også eksplisitt til stades gjennom utstillinga; avkledd og erotisert. Dei kraftige kroppane blandar seg inn i skildringar av den vestnorske naturen, ljoset og kulturlandskapet han vaks opp i. Måleriet vert ei sanseleg leiting etter former, linjer, fargar og overflater. Den visuelle signaturen til kunstnaren utstrålar ei lyst som speglast i delikate fargepigment som glitrar og fusjonerer i komponerte flater.

Utstillinga inngår i Kristiansand Kunsthalls satsing på det norske og nordiske måleriet. Satsinga går gjennom heile 2024.

Geir Haraldseth. Foto: Ina Wesenberg / Nasjonalmuseet.

I Lars Korff Lofthus (f. 1978) sine måleri, løyser det måleriske abstrakte og figurative seg opp i kvarandre. Han vil at det måleriske i seg sjølv skal kunne vise sensualitet, sårbarheit, overskot og risiko. Korff Lofthus leitar etter materiale i museumsarkiv, bøker og homoerotikk og forsøker å lage tablå der natur, begjær og tradisjon flyt saman i nye situasjonar. Han har ein brei utstillingspraksis og er i tillegg engasjert i skriving, formidling og kuratering. Arbeida hans er innkjøpt av mellom anna Nasjonalmuseet, KODE Kunstmuseer og komponisthjem, Oslo kommune og Equinor. Han delar tida og arbeidet sitt mellom Bergen, der han inntil nyleg var fyrsteamanuensis på Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD/UiB), og atelieret sitt i Hardanger. Soloutstillinga i Kristiansand Kunsthall er Lofthus si mest omfattande til no.

Geir Haraldseth (f. 1977, basert i Oslo) er kurator ved Nasjonalmuseet. I 2022 kuraterte han den nederlandske paviljongen for Veneziabiennalen saman med Melanie Bonajo, Maaike Gouwenberg og Soraya Pol. Tidlegare var Haraldseth dagleg leiar for Rogaland Kunstsenter (2012–18) og kurator på Kunstakademiet ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) (2011–12). Han har vore rådsmedlem i Kulturrådet (2014–17) og sit for tida i Office for Contemporary Art Norways (OCA) internasjonale jury. Han har skrive om kunst for Art in America, The Exhibitionist, Kunstkritikk.no og Acne Paper – sporadisk også Billedkunst. Han har kuratert utstillingar for museum og kunstnardrivne visningsstadar, om alt frå korleis kunstnarar blir framstilt på TV til forholdet mellom fakta og fiksjon.

Denne utgåva av Billedkunst Live er produsert i tett samarbeid mellom Kristiansand Kunsthall og koordinator for Billedkunst, Tine Semb. Billedkunst Live er støtta av Stiftelsen Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Bergesenstiftelsen og Kulturrådet. Billedkunst blir gitt ut av Norske Billedkunstnere, ved Kjetil Røed (ansvarlig redaktør) og Tine Semb (medredaktør).