Vegen mot ein sunn utstillingsøkononomi er brei dialog 26.06.2024 Leder

Foto: Jannik Abel.

Halvvegs i styreperioden riggar administrasjonen og det noverande sentralstyret seg til leiarmøtet som denne gongen blir gjennomført i Trondheim, 13. og 14. juni. Der vil me drøfte rettleiande satsar for utstillingshonorar, samt utkast til nytt prinsipprogram. Stortingsmeldinga Kunstnarkår, som Norske Billedkunstnere (NBK) sist halvår brukte mykje tid på å følgje opp, er no vedteke av Stortinget.

Eg gler meg til å gjennomføre leiarmøtet i Trondheim. Som styreleiar er linja mi dialog, og eg ser leiarmøtet som eit viktig ledd i NBKs organisasjonsbygging. Det er eit eigna forum for å fange opp viktige saker frå NBKs tjue grunnorganisasjonar, og til forankring av NBKs fagpolitikk.

Dei siste åra har kunstnarorganisasjonane prioritert utstillingsøkonomien høgt. Me vil at kunstnarar skal vera sikra inntekt, ikkje risikere å tape pengar når dei stiller ut ved statleg finansierte visningsstadar.

Arbeidet med å styrke utstillingsøkonomien har pressa fram eit behov for å få på plass rettleiande honorarsatsar knytta til arbeid med utstillingar, og i tråd med handlingsprogrammet vedteke på landsmøtet i 2023 sette sentralstyret same haust ned ei arbeidsgruppe som skulle utvikle forslag til ein konkret og transparent modell for korleis utstillingshonoraret skal bli rekna ut, med tilråda satsar. Modellen skulle lagast med utgangspunkt i dei 45 institusjonane som per i dag mottek driftsstønad frå Kulturdepartementet. Det har vore mange interessante diskusjonar i arbeidsgruppa, som har bestått av sentralstyret sitt arbeidsutvalg og ein av NBK sine to juristar, samt styreleiarane frå fagorganisasjonane våre Norsk Billedhoggerforening (NBF), Landsforeningen Norske Malere (LNM), Norske Grafikere (NG), Norske Tekstilkunstnere (NTK), Tegnerforbundet (TF) og Unge Kunstneres Samfund (UKS). Alle NBKs landsdekkande grunnorganisasjonar har eigne visningsstadar og har bidrege med praktisk erfaring frå desse inn i arbeidsgruppa.

I tillegg til anbefalt sats for utstillingshonorar har gruppa arbeidd for å etablere ein rettleiar for å synlggjera arbeidsoppgåver knytta til utstillingar. I rettleiaren har me sett på alt arbeid knytta til utstillingar, og brote dette ned i ulike postar. Dette er òg eit ledd i bevisstgjering av medlemmane våre når det gjeld dei ulike arbeidsoppgåvene ein som kunstnar faktisk utfører i samband med ei utstilling. Til dømes kan det nemnast planleggingsmøter, arbeid med skisser eller modell av utstillingsrom, utarbeiding av monteringsplan, deltaking i montering av utstilling og eventuelt arbeid med utstillingstekst og presseskriv – alt dette er oppgåver som tek tid – arbeidstid som det er rimelig å få betalt for.

Som ein del av dette arbeidet har gruppa kome fram til ei matrise for utrekning. Ho kan òg brukast  i andre samanhengar som til dømes i utarbeidinga av budsjettvedlegg til søknadar om prosjektstøtte.

NBKs målsetting er å etablere ein standard for at alle kunstnarar skal få betalt for alt arbeid knytta til produksjonen av utstillingar. Notatet blir lagt fram under leiarmøtet i Trondheim. Etter leiarmøtet blir dei rettleiande satsane publisert på NBKs nettsider.

Utstillingsvederlagsavtalen skal reforhandlast

Som nevnt er stortingsmeldinga Kunstnarkår vedteke.Jamfør leiaren min i forrige utgåve av Billedkunst, betyr dette at NBK har fått gjennomslag i Stortinget. NBK har no forventningar om at tiltaka i Kunstnarkår blir følgt opp. I meldinga står det mellom anna at utstillingsvederlagsavtalen skal reforhandlast, og at regjeringa vil sjå honorar og vederlag i samanheng. Ho inneheld ei presisering om at sekreteriatet for Statens kunstnarstipend fortsatt skal kunne ligge hjå kunstnarorganisasjonane som allereie i dag har ei velfungerande stipendhandsaming.

Utstillingsvederlagsavtalen er den einaste kollektivt forhandla avtalen me har på det visuelle kunstfeltet. Dagens avtale – som skal sikre kunstnarar vederlag når dei stiller ut på institusjonar med driftsmidlar over statsbudsjettet – vart forhandla fram mellom staten og kunstnarorganisasjonane tidleg på åttitalet.

Utstillingsvederlag er kompensasjon som utstillingsarrangør skal betale til kunstnar for lån og fremsyning av kunstverk i kunstnaren sitt eige. Våre ønsker for ein ny avtale er at han er forutsigbar – både for kunstnar og institusjon – og at han er tilpassa dagens kunstnarpraksisar, lett å rekne ut og gir meir inntekt til den einskilde kunstnar.

Honorar er betaling frå utstillingsarrangør til kunstnar for arbeid i samband med ei utstilling av kunstnaren sitt verk. Saman med mellom anna Norske Kunsthåndverkere (NK), Samisk Kunstnerforbund (SDS) og Forbundet Frie Fotografer (FFF) arbeider NBK for å få på plass ein forpliktande avtale om utstillingshonorar med staten. Han skal sikre at alle utstillarar ved institusjonar som mottek driftsmiddel over statsbudsjettet, har rett på honorar. 

Me tek til orde for å forhandle fram ein rammeavtale som omhandlar honorar for kunstnaren sitt arbeid knytta til utstillinga, utstillingsvederlag som kompensasjon for utlån av eigne verk og ansvar for produksjonskostnadar. Ein rammeavtale vil òg vera i tråd med å sjå honorar og vederlag i samanheng, slik det er formulert i den nyleg vedtekne stortingsmeldinga.

Ekstrabevilginga på 15 millioner kroner

NBKs arbeid for å kome fram til ein timesats for honorar, vart ytterlegare aktualisert av den øyremerka ekstrabevillinga i statsbudsjettet for 2024, på 15 millionar kroner til honorar og vederlag. Situasjonen er no at den opprinnelege pilotordninga med øyremerkte middel til utstillingshonorar fortset med 6,38 millionar kronar flatt fordelt til 24 institusjonar, og at ekstrabevilgninga på 15 millionar kroner til utstillingsvederlag og -honorar er flatt fordelt til 45 institusjonar (inkludert dei 24).

At desse to ordningane, som begge omfattar utstillingshonorar, no eksisterer side om side, skapar utfordringar og forvirring, ikkje minst for institusjonane. Men mangelen på logikk bidreg på sitt vis til eit moglegheitsrom for oss i kunstnarorganisasjonane, der me kan legge press for få på plass ein rammeavtale som inkluderer honorar.

Når du inngår avtale om utstillingsplass, skal du alltid be om kontrakt. Ta kontakt med NBKs juridiske avdeling om du har spørsmål knytta til innhaldet i kontrakta, eller om du er usikker på om institusjonen er plikta til å betale vederlag eller honorar. Hugs å sjekke med NBKs juristar før signering om du er usikker.

Vegen vidare er brei dialog

Vilkåra for å drive enkeltpersonsforetak i kunstfeltet ligg ikkje berre under Kulturdepartementet sitt ansvarsområde, og i Kunstnarkår blir det etterspurt meir dialog mellom dei ulike departementa. NBK tek regjeringa på ordet. I tillegg til vårt felles statsbudsjettinnspel til Kulturdepartementet har NBK òg levert innspel til Utanriksdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. I vår sette NBK seg inn i begrepsapparatet til Nærings- og fiskeridepartementet i forkant av innspelsfristen til Veikart for kreativ næring som departementet ifølgje pressemeldinga (dat. 26. januar 2024, red.anm.) skal utarbeide i samarbeid med Kulturdepartementet. Alle enkeltpersonsforetaka som me kunstnarar representerer, er underskogen til det som no omtalast som «kreativ næring». Difor er det viktig at infrastruktur for feltet vårt og rammevilkår for kunstarane er med når vegkartet no skal dras opp.

I tillegg til kommunikasjon med våre eigne organisasjonar, arbeider NBK breitt og har dialogmøter med Kulturdirektoratet, Kulturdepartementet og den politiske leiinga, samt medlemmar av familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Samstundes samarbeider me med Nasjonalmuseet, Museumsnettverket og dei andre organisasjonane på det visuelle kunstfeltet, samt er ein del av Kunstnernettverket.

NBK arbeider for å vera synlege på fleire arenaer og på ulike nivå samtidig. Det er god strategi.

God sommar!

Leder i Billedkunst nr. 2 2024.