Styreleiar Geir Egil Bergjord om statsbudsjettet 2024: «Regjeringa tek eit nødvendig første steg for å styrke utstillingsøkonomien» 11.12.2023 Leder

Fra høring om statsbudsjettet i Familie-og kulturkomiteen. Foto: Geir Egil Bergjord.

Regjeringa har lytta til kunstnarorganisasjonane, og tek eit nødvendig første steg for å styrke utstillingsøkonomien: Posten for utstillingshonorar er auka frå 6 til 21,4 millionar kroner. No må praksis bli at alle som stiller ut ved statleg finansierte visningsstader får både honorar og vederlag.

Stortingsmeldinga Kunstnarkår har ein uttalt ambisjon om at utstillingsverksemd skal vere inntektsgivande – at kunstnarar som stiller ut ved offentleg finansierte institusjonar, faktisk skal få anstendig betalt. Difor var det knytt spenning til om denne ambisjonen ville vise seg i reelle tal og prioriteringar i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024.

I kulturbudsjettet ligg ein auke på 15 millionar kroner i driftsstøtte til statleg støtta visningsstader, som skal øyremerkast utstillingsvederlag og honorar til kunstnarar. Bevillinga betyr at regjeringa har lytta til innspel frå det visuelle kunstfeltet. Ein auke frå 6 til 21,4 millionar av budsjettposten til utstillingshonorar er eit godt steg på vegen til rimeleg betaling for arbeidet biletkunstnarar kvart år legg ned ved statleg finansierte visningsstader.

Men som Norske Billedkunstnere (NBK) allereie har understreka både munnleg og skriftleg i høyringsinnspel til budsjettet, er det svært viktig at desse midla tydeleg øyremerkast utstillingshonorar – altså ikkje «vederlag og honorar», slik det er formulert i det framlagte statsbudsjettet. Denne presiseringa er viktig for å unngå misforståingar når institusjonane mottek dei nye øyremerka midla.

Likebehandling og klarare retningslinjer

Visningsstader med varig statlege driftsmiddel må behandlast likt. Alle institusjonar som er på statsbudsjettet og som viser norsk samtidskunst, må få øyremerka middel til utstillingshonorar. På same vis må det vere likebehandling av kunstnarane: Alle kunstnarar som stiller ut ved statleg finansierte visningsstader må ha rett på honorar i tillegg til vederlag.

Fram til i dag har institusjonane stått fritt til å utbetale honorar til kunstnarane etter eiga vurdering. Med neste års auking av posten er det naudsynt å etablere klarare retningslinjer for utbetaling av honorar. NBK meiner at institusjonar med varig statleg driftstønad skal ha plikt til å inngå utstillingsavtaler med kunstnarar der honorar er kontraktsfesta.

Utstillingsvederlaget er som ei leige for framsyning av kunstverk som er i kunstnaren sitt eige. Honoraret skal vera betaling for arbeid med utstillinga. Sjølv om størrelsen på honoraret naturleg nok kan variere – alt etter om det til dømes er ei gruppe- eller separatutstilling – er det svært viktig å etablere eit prinsipp om at alle kunstnarar som stiller ut ved statleg finansierte institusjonar, har krav på eit honorar.

Klarare føringar for utbetaling av honorar er eit viktig skritt i retning av å sørge for at alle kunstnarar får betalt for arbeidstimane dei legg ned når dei stiller ut. Å etablere prinsippet om utstillingshonorar er viktig for å synleggjere det reelle behovet. Slik kan ein bygge vidare med ei trinnvis oppgradering til fullfinansiering av eit honorar som sikrar kunstnarar betaling for det faktiske arbeidet dei gjer ved statleg finansierte institusjonar.

Vederlag, honorar og produksjonskostnader

Det visuelle kunstfeltet er svært lite regulert. Dette er ei sentral årsak til at biletkunstnarar i dag ligg nedst på inntektsstatistikken. At institusjonane med varig driftsstøtte framleis skal betale utstillingsvederlag etter gjeldande avtale, er sjølvsagt. Kunstnarar som stiller ut, skal ha krav på både utstillingsvederlag og utstillingshonorar. Det er viktig at begge delar inkluderast i ei rammeavtale mellom kunstnarorganisjonane og staten – ei rammeavtale som i tillegg må omfatte produksjonskostnader.

44 nye heimlar og justert stipendbeløp

Dei fleste postane i kulturbudsjettet er justert i samsvar med ordinær lønns- og prisvekst på 3,8 prosent, men stipendbeløpet er foreslått auka med 6,35 prosent til ca. 318 000 kroner i budsjettet for 2024. Regjeringa foreslår i tillegg å opprette 44 nye stipendheimlar i 2024, herav 37 arbeidsstipend og sju langvarige stipend.

I Kunstnarkår står det svart på kvitt at regjeringa vil halde fram med opptrappinga av ordningane under Statens kunstnarstipend (SKS). Men 44 nye stipendheimlar er på langt nær godt nok. Tildelingsprosent for SKS er i dag på rundt 10 prosent, og kvart år får godt kvalifiserte søkjarar avslag på sine stipendsøknader. Alle profesjonelle kunstnarar bør ha ei reell moglegheit til å få stipend. Skal me komme dit, bør tildelingsprosenten ligge på minst 25 prosent. Stipenda går direkte til kunstnarane og bidreg til økonomisk forutsigbarheit for den enkelte. SKS er det viktigaste kulturpolitiske verkemiddelet me har, og bidreg til rekruttering til kunstnaryrket frå alle samfunnslag. Fleire heimlar og høgare tildelingsprosent vil sikre større spreiing av stipend og styrke kompetansemiljøa i regionane.

NBK håpar at mange av dei 44 nye heimlane fell til det visuelle kunstfeltet.

Litt til Kunstsentrene i Norge

Kunstsentrene i Norge (KiN) får for første gong ein reell auke med 600 000 kroner. Ein marginal auke, men den vil styrke KiN som organisasjon. KiN administrerer «regionale prosjektmiddel for visuell kunst», ein søkbar ordning som stimulerer til utstillingsaktivitet i heile landet. Me skulle gjerne sett at KiN òg fekk ei ekstra tildeling til regionale prosjektmiddel. Tildelingsprosenten for denne ordninga har gått ned i takt med at talet på søknader har auka dramatisk dei siste åra, og viser at behovet er mykje større.

Øyremerka middel til innkjøp av norsk samtidskunst

I høyringssvaret til statsbudsjettet trakk NBK fram behovet for øyremerka middel til innkjøp av norsk og samisk samtidskunst ved norske kunstmuseum. Her refererer me til det svært vellukka stimuleringstiltaket under pandemien. I løpet av 2020 og 2021 vart det løyva til saman 90 millionar kroner øyremerka innkjøp av norsk og samisk samtidskunst. Eit tiltak som styrka økosystemet i heile det visuelle kunstfeltet – frå den skapande kunstnaren, til galleri og regionale museumssamlingar.

Langsiktig arbeid gir resultat

Saman med Norske Kunsthåndverkere (NK), Forbundet Frie Fotografer (FFF) og Samisk Kunstnerforbund – Sámi Dáiddačehpiid Searvi (SDS), leverte NBK eit felles innspel til statsbudsjettet for 2024. Fagpolitisk arbeid er langsiktig arbeid, der forslag til tiltak og argumentasjon går igjen år etter år. Men regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024 viser at det fagpolitiske arbeidet vårt nyttar. No må me arbeide vidare for å få på plass ein avtale slik at alle som stiller ut ved statleg finansierte institusjonar, har krav på honorar. Og me må fortsette arbeidet for å styrke etablerte ordningar – som regionale prosjektmiddel og Statens arbeidsstipend – i neste års statsbudsjett.

I følge handlingsprogrammet vedtatt av landsmøtet i juni 2023, skal NBK opprette ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ein konkret og transparent modell for korleis utstillingshonoraret skal bereknast, med anbefalte satsar. Arbeidsgruppa er oppretta og arbeidet satt i gang med ein framdriftsplan for å ha klar eit forslag til diskusjon under NBKs leiarmøte i juni neste år. Her er framdrifta i organisasjonen vår allereie i synk med det framlagte statsbudsjettet for 2024.

Eg ser fram til det vidare arbeidet og diskusjon under NBK sitt neste leiarmøte.

 

Teksten er styreleiars leder, publisert i Billedkunst nummer 4 2023.