Det er tydeleg at regjeringa ikkje har prioritert visuell kunst i forslaget sitt til kulturbudsjett for 2025. Med budsjettet følgjer regjeringa heller ikkje opp si eiga stortingsmelding Kunstnarkår, som vart lagt fram i fjor. Der står det svart på kvitt at kunstnarar i det visuelle feltet tradisjonelt er kunstnargruppa «med svakast økonomi og lågast inntekter frå kunstnarleg arbeid». Etter gjennomslaget for utstillingshonorar på statsbudsjettet for 2024, er det for Norske Billedkunstnere (NBK) først og fremst skuffande at regjeringa ikkje følgjer opp denne satsinga. Det ville vore ei direkte og effektiv styrking av kunstnarøkonomien.
I det framlagte budsjettet for 2025 blir det foreslått å sette av 22 millionar kroner til visningsstadar som er statleg finansiert, øyremerka utstillingshonorar og utstillingsvederlag til biletkunstnarar og kunsthandverkarar. Ei auke på 600 000 kroner frå i fjor, som utgjer 2,8 prosent – altså godt under prisvekst, og i realiteten ei nedgang.
Som NBK har påpeika ved fleire høve, er det viktig å presisere at den øyremerka driftsstøtta skal gå til utstillingshonorar – og ikkje til vederlag som allereie skal vera finansiert gjennom driftsstøtta.
Gjennomgåande kniping på beløp
Me ser ingen direkte kutt, men det er stadig kniping på beløp. Og det er urovekkande at justering av driftstilskota til fleire av dei minste institusjonane er langt lågare enn den generelle prisjusteringa. Dette er gjennomgåande for institusjonar på det visuelle feltet: Tildelingsprosenten varierer og framstår som tilfeldig.
Om budsjettet vert vedtatt med desse prosentsatsane, vil den godt dokumenterte skeive fordelinga til kunstfeltet ikkje berre vidareførast: Den vil auke, med ein følgefeil til neste år. I NBKshøyringsinnspel til neste års statsbudsjett, tek vi til orde for at driftsstøtta til mindre aktørar aukast med minimum 4 prosent.
Stipendbeløpet er justert opp med 3,75, også dette er godt under lønnsoppgjeret i frontfaga som var på 5,2 prosent. Det er ikkje foreslått nye stipendheimlar i neste års budsjett. Kulturrådet har heller ikkje fått det omsøkte beløpet sitt til visuell kunst. Ei slik auke i kulturfondet vil gå direkte til å styrkje mindre aktørar og enkeltkunstnarar i det visuelle feltet.
Regionale kulturfond
Nyvinninga i neste års budsjett – 75 millionar kroner til regionale kulturfond – kan bli eit godt bidrag til lokalt kulturliv. Så langt veit me ikkje korleis innretninga for desse fonda blir; det er fylkeskommunane sjølv som skal forvalte desse midlane. Kulturdepartementet utarbeider ei forskrift for fonda som skal ut på høyring. Det er viktig at forskrifta sikrar at midlar som blir løyvd kjem det frie feltet til gode, til dømes at det skal bli betalthonorar og vederlag til profesjonelle aktørar. Og det må vera ei føresetnad at fondsmidlane ikkje erstattar fylkeskommunanes eksisterande kulturbudsjett. NBK meiner det er viktig at forskrifta for fonda blir slik at ein kan søke om til dømes driftsmidlar til felles atelier og verkstader. Her er behovet stort i feltet vårt.
Rettleiande satsar for utstillingshonorar
NBK har gjennom åra blitt kontakta eit utal gonger med førespurnadar om rettleiande honorasatsar. No er dei her! Satsane som nyleg er lagt ut på nettsidene våre, er resultatet av ein grundig intern prosess etter NBKs landsmøtevedtak i juni 2023. Med oss i dette arbeidet har me hatt styreleiarane i NBKs landsdekkande grunnorganisasjonar – grunnorganisasjonar som òg driftar eigne visningstadar, og slik har praktisk erfaring med gjennomføring av utstillingar.
I arbeidet har me skjela til søsterorganisasjonane våre i Danmark og Sverige, som har hatt liknande satsar liggande ute i fleire år, og me har sett på dei andre kunstfelta i Noreg som allereie nyttar rettleiande satsar. Og me har diskutert oss fram til ein månadsats og ein timesats. Det er naturleg skilje mellom verksproduksjon i atelier – i dei fleste tilfelle ein tidkrevjande prosess som går over tid – og timebasert arbeid knytt til sjølve visningsstaden. For å avklare forventningar og skape betre forutsigbarhet for både institusjon og kunstnar, er det rimeleg med faste satsar for nokre oppgåver, som til dømes kunstnarsamtalar eller omsyning i eiga utstilling.
Hjelpemiddel til utrekning
Reint teknisk er det NBK har lagt ut eit rekneark til hjelp for kunstnarar i planlegging av ei utstilling, for auka bevisstheit rundt tidsbruk og kostnadar. Med reknearket følgjer ei rettleiing, der me òg har lagt ut ei liste med definisjonar. Her kjem NBK til å oppdatere og fylle på med informasjon, blant anna med ein ny kontraktsmal for utstillingar.
Som det går fram av teksten på NBKs nettsider, så er satsane rettleiande. Dette er ikkje satsar som NBK har forhandla fram med ein tredjepart, men satsar meint som eit verktøy som kan danne utgangspunkt for ei forhandling når ein skal inngå avtale om utstillingsplass. For NBK er dei rettleiande satsane eit ledd i bevissgjering av medlemar og synleggjering av underfinansieringa i det visuelle kunstfeltet. Satsane kan òg brukast som utgangspunkt for budsjett til prosjektsøknadar. På lengre sikt vil satsane danne eit talgrunnlag som viser behovet for finansiering i feltet vårt, og som me kan bruke i det fagpolitiske arbeidet.
Institusjonanene må ta meir ansvar
Dette ressursmaterialet er altså til hjelp for enkeltkunstnarar som har mottatt utstillingsplass. Skjemaet er eit utgangspunkt – det er ikkje utfyllande, men me har forsøkt å ta høgde for flest mogelege variablar. Her er det like mange ulike kunstnariske praksisar som det finst kunstnarar.
Det er òg stor variasjon i type utstillingar. Det er forskjell på å lage ei utstilling med eksisterande verk, og ein stadspesifikk nyproduksjon tilpassa visningsstaden. Det finst mange ulike visningsstadar med ulik økonomi og av ulik storleik. Institusjonane har ulik kompetanse, og bidreg på ulikt vis inn i utstillinga – kvart enkelt tilfelle må vurderast for seg.
På overordna nivå meiner NBK at institusjonane i større grad enn i dag må ta sin del av kostnadane for eventuell nyproduksjon når dei inviterer kunstnarar til å stille ut.
Eg er glad for at så mange har deltatt i dette arbeidet, at det har vore mange synspunkt frå ulike ståstadar har bidratt til ein grundig prosess. Forankringa i NBKs leiarmøte tidlegare i år gjer meg endå tryggare på at dette vil bli eit viktig verktøy for feltet vårt framover.