For økonomien til den enkelte kunstnar, kan Den kulturelle skulesekken (DKS) gi eit ekstra bein å stå på. No gir DKS-LAB, i regi av Kulturtanken, den enkelte kunstnar høve til å utvikle formidlingsprosjekt som er fagleg relevante for eige kunstnarskap.
Norske Billedkunstnere (NBK) arbeider kontinuerleg for å styrke den visuelle kunsten sin plass i skuleverket. Me arbeider mot eit nasjonalt mål om at alle elevar skal få tilbod om minimum fire visuelle kunstproduksjonar i løpet av grunnskulen. I tillegg er NBK opptatt av å oppnå større mangfald av kunstnarar og uttrykk i rekrutteringa av nye kunstprosjekt til DKS.
DKS er eit av dei mest demokratiserande kulturpolitiske tiltaka vi har, iverksett for å sikre alle barn og unge tilgang til kunst- og kulturtilbod av høg kunstnarisk kvalitet. Eller som direktør i Kulturtanken, Øystein Strand, skreiv i sin kronikk «Svaret er Den kulturelle skolesekken» i Dagsavisen 15. april i år: «Elever i Norge skal ha tilgang til kunst- og kulturopplevelser uavhengig av hvor i landet de bor, hva foreldrene tjener, foreldrenes utdanning, strømpriser og busstider.»
Men statistikken viser at prosentvis andel av publikum er mykje lågare for visuell kunst enn for andre felt i DKS. NBK meiner at andelen visuell kunst i DKS må opp slik at fleire elevar får møte samtidskunst i skulekvardagen. Eit av punkta i NBKs handlingsprogram har lenge vore at vi ynskjer oppretting av ei søkbar ordning for støtte til produksjon og utvikling av visuelle kunstprosjekt, både til DKS og andre formidlingsarenaer for barn og unge. DKS-LAB er nettopp dette. Ein ny landsdekkende arena for utprøving av formidling av visuell kunst, der kunstsentre og kunsthallar er verstinstitusjonar. Etablert i 2021 som ei søkbar ordning, skal satsinga legge til rette for å gi kunstnarar, kunsthandverkarar, designarar og arkitektar betre føresetnadar for å utvikle innhald til DKS.
Mange biletkunstnarar har lite kjennskap til moglegheitene som ligg i dagens DKS-ordning. DKS-LAB kan gi rettleiing og inspirasjon til bearbeiding av eige kunstnarskap til eit eigna format, samt råd og innspel om kva ein kan bruke som formidlingsgrep. Utviklingsarbeidet i DKS-LAB er honorert, og interesserte kunstnarar får høve til å prøve ut prosjektideane sine i ein reell formidlingssituasjon. Ordninga gir rom for eksperimentering og justering før eit ferdig formidlingsprosjekt blir presentert som programforslag i DKS-portalen, der kommunar og fylke kan booke prosjektet.