Arbeidsdagane mine som styreleiar er ofte av ein serie møter – internt i organisasjonen og eksternt – innomhus i NBKs kontor i Akersgata eller utomhus. Ettersom eg deler arbeidstida mi mellom Stavanger kor eg er bur og Oslo, gjennomførast rett mange av møta på nett. Arbeidet med ulike saker går parallelt og grip somme gonger inn i kvarandre. Omtrent samstundes med at siste utgåve av Billedkunst gjekk i trykken, hadde kulturminister Anette Trettebergstuen eit utspel i Klassekampen. I ein artikkel med tittelen «Ber museer betale» tek statsråden til ordet for at kunstnarane skal få rimeleg betalt for arbeidet dei gjer med å skape utstillingar ved statleg støtta visningsstader og museum.
Norske Billedkunstnere (NBK) er sjølvsagt einige i kunstnarane skal få rimeleg betalt, men artikkelen med kulturministerens utspel hadde fleire faktafeil, og kunne gje inntrykk av at kunstnarane står i fare for å miste utstillingsvederlagsavtalen – den einaste kollektivt forhandla avtalen me har med Staten i dag. Difor formulerte eg, saman med styreleiarane i Norske Kunsthåndverkere (NK) og Forbundet Frie Fotografer (FFF), eit debattinnlegg med tittelen «Bevar vederlagsavtalen!» som motsvar til ministeren.