Kunstnarmøte og samtalar
I løpet av dei fem åra prosjektet har pågått, har alle involverte elevar møtt utstillarar frå Høstutstillingen minimum éin gong, gjerne fleire. Kunstnarsamtalane, der kunstnaren og elevane samtalar om både verket som blir stilt ut og kunstnarskapet elles, om det å arbeide som kunstnar og metodar for å uttrykke seg visuelt, har gitt elevane unik innsikt i kunstnarlege arbeidsprosessar.
Særskilt barneskuleelevane har hatt stort utbyte, blant anna ved å få ei større forståing av kor viktig prosessen fram til eit ferdig verk kan vere. I tillegg har møta vore ein augeopnar for fleire elevar om at kunstnaryrket i det heile tatt er ein reell profesjon, og noko dei sjølv kan ha.
Dette har det komt tilbakemeldingar om både etter fysiske møte og etter at elevar fekk sjå dei digitale kunstnarportretta nemnt seinare i denne teksten.
I forkant av samtalane mellom kunstnar og elevar, har formidlarane og involverte kunstnarar dialog om korleis dei saman ville legge opp formidlingssekvensen. Fleire kunstnarar har gitt positive tilbakemeldingar på dette – ettersom det for mange er nytt å skulle formidle eigen kunst til barn og unge, og dei finn det nyttig å få didaktiske innspel. I nokre av samtalane har formidlar gått inn i rolla som moderator, medan det andre gongar har vore kunstnaren sjølv som har styrt samtalen.
Kunstnarskapa til utstillarane elevane møter, dannar i stor grad utgangspunkt for dei ulike formidlingsopplegga. I 2019 fekk eksempelvis 5.–7. trinn eit formidlingsopplegg som fokuserte på form, lys og skugge, jamfør kompetansemål i kunst og handverk etter 7. årstrinn.
I første halvdel av formidlingssekvensen samtala formidlarane og elevane samtala om skulptur, flate og djupne, grunnformer og organiske former, korleis jobbe med lys og skugge i ulike material. I andre halvdel møtte elevane Camilla Løhren Chmiel, ein av utstillarane det året, som viste fram skisser, fargeprøvar, videoopptak, inspirasjonsbilete og anna materiell ho tok i bruk i arbeidsprosessen.