For Norske Billedkunstnere (NBK) starta dette året med å ferdigstille innspel til statsbudsjettet for 2027, der organisasjonane på det visuelle kunstfeltet samla oss om ei prioritert sak – ei auking på 50 millionar kroner (frå 23 til 73 millionar kroner) i øyremerkte midlar til utstillingshonorar. Me løfter fram utstillingshonorar til biletkunstnarar som eit sentralt krav, fordi retten til betaling for arbeid er grunnleggjande i norsk arbeidsliv.
Ved inngangen til eit nytt år er det etablert ein tradisjon der kultur- og likestillingsministeren blir invitert til å halde ein tale. Kulturtalen 2026 inneheldt paradoks som at det blir tøffe prioriteringar framover, men at kultursektoren får meir enn før. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery trakk fram dans, litteratur, musikk- og filmfeltet, men det visuelle kunstfeltet vart knapt nemnd. Samstundes varsla Jaffery at regjeringa startar arbeidet med ein nasjonal kulturarenastrategi, og peika på at «tilgang til eigna kulturarenaer i heile landet styrkjer lokalsamfunn». Her får me i biletkunstfeltet ein jobb å gjere med å formidle at produksjonslokale og visningsstader for visuell kunst må vera ein naturleg del av denne strategien – og at det er ei heilt nødvendig satsing for å ivareta Noregs ytringsberedskap, som var ordet ministeren brukte. Frie ytringar i det visuelle kunstfeltet er naudsynt for å styrkja motstandskrafta mot desinformasjon.