Det som oftast går att i diskusjonane om kunst og kultur si rolle i beredskap, er verdien av kulturminne som ein del av identiteten til ein nasjon. Det er ei kjensgjerning at kulturminner er bombemål i krigføring for nettopp å råka denne identiteten,for slik å demoralisere og bryte ned forsvarvilja i befolkninga hjå motstandaren. Dette har me i nyare tid sett både i Ukraina og i Gaza. Dette gir oss noko å grunna over – sjølv i fredelege nasjonar som Noreg.
Ved utbrot av ei krise eller ein krig vil det naturleg nok oppstå ein unntakstilstand der den umiddelbare reaksjonen til befolkninga er å sleppe det dei har i hendene for å gjera det som er naudsynt i situasjonen. Men om unntakstilstanden dreg ut, slik me til dømes no ser i Ukraina, blir det aktive og levande kulturlivet ein viktig aktør for å oppretthalde identitet og for å styrke motstandsviljen i befolkninga.
Noko har endra seg
Me som arbeider i kunstfeltet er vane med å høyre flosklar om demokratiet og den «viktige kunsten» som skal provosere, når politikarane held festtalane sine. Men budsjetta som blir lagt rundt neste sving, avslørar at kunst og kultur i realiteten blir oppfatta som glasur og den minst viktige posten i budsjettet. Kulturpolitikarane våre sit nedst ved forhandlingsbordet, og skal ein kutte, står kulturbudsjettet klart for hogg.
Pandemien blottla mangelen på økonomisk sikringsnett for oss kunstnarar. Og i ettertid har fleire trekt fram at kulturlivet var det første som vart stengt ned då pandemien råka, og det siste som vart opna opp. Også her ligg det ei sjølvmotseiing.
Men no ser eg ser at haldninga er på veg til å endre seg, og denne kulturen sin fernissaktige festtaleterminologi er no på veg til å bli skifta ut. Inntoget av kunstig intelligens, algoritmer, fake news, og ikkje minst at Noreg grensar til ein stor nasjon som har gått til angrep på eit anna naboland, gjer at det faktisk er alvor no. Som aktive utøvarar og skapande kunstnarar er me kulturberarar og ein del av dette alvoret. Kunsten me skapar har sjølvsagt sin eigne verdi, men kunsten bidreg samstundes til identiteten vår og er eit uttrykk for ytringsfridomen me som ein demokratisk nasjon verdset høgt.
Justis- og beredskapsdepartementet med ansvaret for NOU-en frå Totalberedskapskommisjonen, vil no bearbeide innhaldet og utforme ei melding til Stortinget. Det er denne meldinga, og ikkje sjølve NOU-rapporten, som dannar grunnlaget for Stortingets vidare behandling av saka.Her har me ein jobb å gjera. No er det naudsynt at kunstfeltet i samarbeid mobiliserer for å sette ord på betydninga til det levandre kulturlivet og behovet for å styrke det, og rolla vår i den totale beredskapen.
Kanoner og stridshovud kan teljast, men kunst- og kulturlivet sin funksjon som motstandskraft i krigs- og krisesituasjonar er vanskeleg å måle. No må me bruke situasjonen som har oppstått, til å finne ord og bygge argumentasjon som er forståeleg utover våre eigne ekkokammer.
Ansvar for kulturlivet må dessutan inn i planverket. Me ventar på ny kulturlov. Noreg treng ei kulturlov med forplikting på fylkeskommunalt og kommunalt nivå for kulturlivet som ein del av beredskapen. Dette kan òg bidra til å snu trenden me har sett dei siste åra, der estetiske fag blir nedprioritert i skuleverk og undervisning.