Forsøk på fagpolitisk oppsummering 31.03.2025 Leder

Når styreperioden 2023–25 for Norske Billedkunstnere (NBK) går mot slutten, er det på sin plass å rette blikket både framover og bakover i ein stadig meir urolig verd.

Dagen etter at NBKs landsmøte var avvikla i juni 2023, vart Stortingsmeldinga Kunstnarkår lagt fram, og det første eg gjorde som nyvald styreleiar var å delta på pressekonferansen på Kunstnernes Hus. Meldinga gir ei god beskriving av utfordringane i det visuelle kunstfeltet, og fram mot behandlinga i Stortinget i mars 2024, brukte NBK mykje ressursar på vårt høyringsnotat til meldinga og på oppfølgsmøter med politikarane i Stortingets Familie- og kulturkomite.   

Ei anna sak som har fulgt heile styreperioden er forslaget til ny kulturlov, der NBK leverte høyringssvar i slutten av juni 2023. No er lova klar til behandling i Stortinget, og i januar 2025 leverte NBK innspel til denne og deltok på høyring i familie-og kulturkomiteen. Med det nye lovforslaget vil prinsippet om armlengdes avstand i kulturfeltet bli lovfesta. At politikarane som står for løyvingane til kulturbudsjetta i kommune, fylke og stat, ikkje skal vera dei same som tek dei kunstfaglege avgjerdene som ligg til grunn for fordelinga av støtte i kulturfeltet. Lova legg òg opp til eit forsterka planverk for kultursektoren. NBK ser behovet for ei meir forpliktande lov som vil gi kultursektoren ei større tyngde i møte med andre ansvarsområder i kommunen. Dette har me spelt inn, både i eit felles skriftleg innspel med Norske Kunsthåndverkere (NK) og som ein del av Kunstnernettverket.

 

Høgdepunkt

2024 var det første året med ekstrabevilgning til utstillingshonorar- og vederlag over statsbudsjettet. Dette er ein milepæl for feltet vårt. Sjølv om beløpet er langt frå stort nok, er det likevel ei tydeleg anerkjenning av behovet for eit løft i utstillingsøkonomien, samt det fagpolitiske arbeidet dei visuelle fagorganisasjonane har gjort over mange år for å oppnå dette. Løyvinga er videreført i budsjettet for 2025, og ei framleis øyremerkt løyving til utstillingshonorar vil vere viktig og nødvendig for å styrke kunstnarøkonomien. 

Ein annan milepæl i denne styreperioden har NBK stått for sjølv. Etter landsmøtevedtaket i 2023 har NBK hatt ein intern prosess der vi har utarbeidd og publisert eigne rettleiande satsar for utstillingshonorar. Utstillingshonorar er betaling for kunstnarens arbeid i samband med ei utstilling. Målet er å styre mot ei røynd der kunstnarar kan bruke rettleiande satsar, slik at ein får rettmessig betalt for arbeidet ein gjer når ein stiller ut ved institusjonar som mottek statleg støtte.  

NBK har lenge tatt til orde for å forhandle fram ein meir rettferdig utstillingsvederlagsavtale som er i tråd med vår tids kunstpraksisar. Av stortingsmeldinga Kunstnarkår går det fram at utstillingsvederlagsavtalen no skal reforhandlast. Saman med NK og Forbundet Frie Fotografer (FFF) har NBK førebudd seg og sett på ulike utrekningsmodellar. NBK vil ha ein avtale som både er meir rettferdig, enklare å praktisere og som i sum har større verdi enn dagens avtale. Me ønsker òg å utvide dagens utstillingsvederlagsavtale til ein (statens) utstillingsavtale som omfattar vederlag, honorar og ansvar for produksjonskostnader. Ei slik avtale vil skape forutsigbare rammer for både den enkelte utstillar og institusjon. Det vil vera å sjå honorar og vederlag i samanheng, slik det er formulert i Kunstnarkår

 

Kutt og reversering av kutt

Sist haust førte pressa kommuneøkonomi til store kutt i kulturbudsjetta rundt om i landet. 

Kutt av småbeløp i dei store budsjetta som truga sjølve eksistensen til mindre kunstinstitusjonar. Ei rekke aktørar har kjempa hardt for reversering av desse kutta og fleire stader i landet har dei nådd fram. 

Det har vore eit stort engasjement i feltet vårt for å få til dette. Og arbeidet med reversering av kutt er blitt ein del av ein større samtale om rolla kunsten har samfunnet, og befolkninga si haldning til den. NBK vil halde fram med denne offentlege samtalen. Langsiktig politisk påvirkningsarbeid fungerer, og kanskje bør vi alle som arbeider i kunstfeltet, ha fleire av desse samtalene med aktørar utanfor vårt eige felt. 

 

Ja takk til ein meir praktisk estestisk skule

Eit positivt tegn i tida er Meld. St. 34 En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn som Kunnskaps- og undervisningsministeren la fram i haust. Meldinga oppfyller fleire av NBKs politiske målsetningar. Estetiske fag skal styrkast med fleire timar, og eit av forslaga i meldinga er at det skal stillast formelle kompetansekrav for å undervise i estetiske fag. 

I vårt høyringssvar til meldinga peikar NBK på at estetiske fag ikkje berre handlar om å lære seg praktiske ferdigheiter. Det handlar samstundes om å lære kritisk tenkning, samt å auke evna til å ytre meiningar gjennom det ein sjølv og det andre skapar. Det er difor viktig å kopla estetiske fag opp til ytringsfridom og demokratiopplæring, jamfør dei overordna læreplanmåla. 

 

Totalberedskapsmeldinga – eit lys i vintermørket

I leiaren min i Billedkunst nr. 3 2024 skreiv eg om totalbredskapskommisjonen og reaksjonane på den 464 siders rapporten kommisjonen leverte i juni 2023, der kunst og kultur ikkje var nemnd med eit einaste ord. Kunst og kultur si rolle i totalberedskapen var tema i fleire avisinnlegg sommaren 2024 og vart den store «snakkisen» under Arendalsveka i august, der politikarar og interesseorganisasjonar samlast. Frå nokre hald vart desse innspela forsøkt latterleggjort, som simple forsøk på å karre til seg budsjettauke ved å vifte med påstander om eige fagfelts betydning for den nasjonale forsvarsevna. Vel, no er ho her, stortingsmeldinga som kommisjonen sin rapport skulle lede opp til. Regjeringa la 10. januar fram Meld. St. 9 (2024–2025): Totalberedskapsmeldingen: Forberedt på krise og krig. Og her er kunst og kultur si rolle omtala over fleire sider. No er det altså offisielt: Kunst og kultur er ein del av Noregs totalberedskap. 

 

Med blikket framover – Frå høyring på statsbudsjettet 2025 til innspel for statsbudsjettet 2026

Sola har snudd. Me skriv 2025 og har lagt fjorårets statsbudsjettforhandlingar bak oss og NBK har saman med NK, FFF og Samisk Kunstnerforbund – Sámi Dáiddačehpiid Searvi (SDS) nettopp sendt vårt felles innspel til statsbudsjettet 2026 til Kultur- og likestillingsdepartementet.

NBK er invitert til å delta i to referansegrupper hjå Kulturdirektoratet; den eine er ei referansegruppe for utgreiing om arv etter visuelle kunstnarar. Den andre referansegruppa er til forskningsprosjektet om Kulturrådet og det visuelle kunstfeltet. Prosjektet skal beskrive og analysera det visuelle kunstfeltet på 2020-talet, samt evaluere Kulturrådets tilskotsordningar for visuell kunst, og greie ut korleis endringar i virkemiddelbruk kan styrke produksjon og formidling av visuell kunst i Noreg.

NBK er utolmodige etter å komme i gang med reforhandling av utstillingsvederlagsavtalen, og har saman med NK og FFF sendt brev med ny purring til Kulturdepartementet. I tråd med Kunstnarkår skal det òg utarbeidast ny forskrift for Statens Kunstnarstipend (SKS), her er aldergrense og opparbeiding av pensjon på stipend viktige moment. 

Me ventar på at regjeringa skal legge fram åndsverkslov med implementering av eit nytt EU-direktiv. Her er det heilt avgjerande at den nye åndsverkslova ikkje legg til rette for at det utviklar seg ein praksis for fri bruk av kunstverk til opptrening av KI-modellar. 

Regjeringa la fram sitt utkast til forskrift om Regionale kulturfond like før jul. NBK er ein av fleire høyringsinstansar og vil levere høyringssvar innan fristen i mars. I tillegg vil NBK sjølvsagt følgje med på Stortinget si behandling av nemnde kulturlov og Regjeringas totalberedskapsmelding. 

 

Verdien av fagpolitisk arbeid

NBK sin administrasjon har følgt opp handlingsprogrammet frå førre landsmøte med ei rekke medlemskurs på nett. Saman med administrasjonen førebur sentralstyret seg no til NBKs 18. landsmøte som vil bli gjennomført 4. og 5. juni. Me ser fram til Landsmøtet og gler oss over at fleire kunstnarar ser verdien i å organisere seg. Talet på medlemmar aukar stadig og me har 3 394 medlemmar per 31. januar i år. Det gir eit sterkare NBK, og er til inspirasjon både for dei som arbeider i NBKs administrasjon og for meg som styreleiar. 

Det fagpolitiske arbeidet som blir gjort på lokalt nivå er viktig for NBK. Ikkje minst viste dette seg gjennom reverseringa av kutt som mobiliseringa lokalt førte til i haust. Her var det mykje godt arbeid som førte til gode resultat. Som nemnt er det langsiktige arbeidet her viktig. Ein må halde samtalen med politikarane ved like. Ved å følgje med på den politiske møteagendaen der ein bur, kan ein reagere før vedtak er fatta. Då kan ein få i gang ein samtale om saker som er til behandling og konsekvensar av vedtak, samt signalisere reelle behov i feltet vårt.  

 

Styreleder Geir Egil Bergjords leder var trykket i første utgave av Billedkunst i 2025.