For få heimlar
Den låge tildelingsprosenten til Statens kunstnarstipend gjer at komiteane må foreta tøffe prioriteringar der mange godt kvalifiserte søkarar kvart år får avslag. At arbeidsstipend er eit slikt knappleiksgode, gir dessutan grobotn for misnøye og skepsis til sjølve ordninga. Mange etterlyser ei grunngjeving for avslag, men sanninga er at dette i praksis er umogleg. For innstillingar til dei statlege stipenda brukar stipendkomiteen ein vesentleg del av møtetida på å formulere grunngjevingar, og i tillegg kjem fleire vekers etterarbeid for endeleg skriftliggjering. Skulle dei 1 480 søkarane som fekk avslag i 2023, fått skriftlege grunngjevingar, ville søknadsbehandlinga tatt nær eitt år å fullføre.
Men søkarar skal være trygge på at søknadane deira blir likebehandla. Ved oppstart blir det gjort grundige habilitetsvurderingar av medlemane i stipendkomiteen i samråd med NBKs juristar. Er det habilitetsutfordringar – noko som ikkje er uvanleg – trer komitémedlemen ut av rommet når den aktuelle søknaden blir behandla. Etter fjorårets stipendbehandling leverte NBK 58 sider med habilitetsvurderingar til Kulturdirektoratet saman med dei skriftlege grunngjevingane for tildeling av stipend.
Det er også eigne reglar knytt opp mot konkurranseforholdet i dei ulike stipendordningane, som avgjer om ein komitémedlem – der vedkommande har blitt vurdert inhabil overfor ein søkar – skal tre ut av behandlinga når den aktuelle søkarens søknad blir behandla, eller om komitémedlemen må tre ut av heile behandlinga av stipend frå den aktuelle ordninga. Sistnemnde scenario finn berre stad dersom konkurranseforholdet er slik at det er færre enn 10 søkarar per stipendheimel tilgjengeleg i ordninga. I dei fleste stipendordningar som er ein del av biletkunstnarane si stipendbehandling, overskrid talet på søkarar talet på heimlar i svært stor grad, men dette kan i nokre tilfelle bli ei aktuell problemstilling. Eit eksempel på dette er diversestipend for nyutdanna kunstnarar, kor det er relativt få søkarar sett opp mot tilgjengelege stipendmiddel i ordninga.
Fagfellevurdering ivaretek Statens kunstnarstipends intensjon om nyskaping og utvikling. Det er fagfeltet sjølv «som best definerer grensene for kva kriterium som er viktige for kvalitets- og profesjonalitetsvurderingar av kunst», som det står i Kunstnarkår. For det er med kunst som med andre fag: Det krev kunnskap og erfaring å kunne vurdere ein stipendsøknad. Som fagfelle og skapande kunstnar vil ein ha føresetnad til å vurdere kunstnariske planar som er beskrive i ein søknad, og kanskje evne å sjå og anerkjenne nye kunstuttrykk før andre fagpersonar. Bildedokumentasjon, kunstnarisk aktivitet og søknadstekst vurderast samla. Den breie samansetjinga av komiteen sikrar ei grundig behandling, og komiteen er innforstått med at det ikkje er sjølve søknadsteksten som skal vurderast, men kunstnarskap og kunst som teksten beskriv. Som fagfellar vil komiteen òg ha god kjennskap til at det kan vera vanskeleg å beskrive sin eigen kunst med ord, og slik vere i betre stand til å sjå forbi eventuelle tekstlege veikskapar. Ein god søknad er ikkje avhengig av ein god tekst dersom dei kunstnariske kvalitetane skin igjennom bildematerialet som følgjer søknaden. Samstundes er det vel rimeleg å forvente at ein er i stand til å formulere nokre ord om kunstnariske planar når ein søkjer staten om eit stipend som svarer til 50 prosent av ei gjennomsnittleg norsk løn i eitt til ti år.
Ein tidlegare styrekollega skreiv nyleg til meg:
«Det meste av makten i kunstlivet ligger til museenes ledere og kuratorer, til kritikere som velger hvilke kunstnerskap som synliggjøres i media. Mye makt ligger også til staten og politikerne gjennom budsjettprioriteringer, og videre til byråkrater gjennom forvaltningen. Å flytte sekretariatet inn under direktoratet er å utradere en helt avgjørende maktspredende innretning.
Å leve som kunstner er krevende, at vi har demokratisk påvirkning og fagfellevurdering på dette området er en nødvendighet. Dessuten er jeg trygg på at ulike kunstsyn får brytes i komiteen, og at utskiftningen hvert annet år sikrer bred representasjon. Vi trenger maktutjevning, ikke konsentrasjon.»
Eg tykkjer dette er ei god oppsummering av problemstillinga.
Geir Egil Bergjords leder er på trykk i Billedkunst nr. 1 2024